FN: Stadig fleire drap på sivile i Sudan

4 hours ago 3



150.000 menneske er drepne, og 12 millionar har flykta frå heimane sine, etter nesten to år med borgarkrig i Sudan.

No ser FN teikn på at dei sivile konsekvensane blir endå verre, seier menneskerettskommissær Volker Turk.

– Direkte og etnisk motiverte angrep på sivile blir meir og meir vanleg, fortel han.

– Sjokkerande brutale hemnangrep mot heile lokalsamfunn, basert på verkeleg eller opplevd etnisk identitet, blir vanlegare. Det blir også hatefulle ytringar og oppfordring på vald.

Volker Turk

FNs menneskerettskommissær Volker Turk åtvarar fredag om at valden mot sivile blir stadig verre i Sudan.

Foto: Yamam Al Shaar / Reuters

Turk fortel at menneskerettskommisjonen har bevis på at krigsbrotsverk har blitt utførte i Sudan, og seier dei har fått videoar der offera blir skildra som «skit» og «dyr».

Han «fryktar at situasjonen no får ei ytterlegare, farlegare vending».

Med dette viser han ikkje særskilt til ein av partane, men ber både hæren og den paramilitære gruppa Rapid Support Forces (RSF) om å følge folkeretten.

FN-talsperson Ravina Shamdasani sa tidlegare fredag at FN ikkje har dokumentert at det skjer folkemord i Sudan, etter at USA hevda dette.

Ho seier likevel at dei har hatt avgrensa tilgang på områda det gjeld, og seier dei krev ytterlegare etterforsking.

Stridsvogn i Wad Madani

Ei stridsvogn i Wad Madani etter at Den sudanske hæren tok tilbake makta. Samtidig som kampane her har blitt hardare, blir det mel

Foto: El Tayeb Siddig / Reuters

Skulda for bruk av kjemiske våpen

Den sudanske hæren utførte ein offensiv denne veka i delstaten al-Jazirah sør for hovudstaden Khartoum, og tok tilbake delstatshovudstaden Wad Madani frå RSF.

Sidan har det kome fleire meldingar om svært dødelege angrep sør i landet.

Samtidig er 120 menneske drepne i byen Omdurman, ifølge lokale hjelpearbeidarar. 150 er meldt skadde.

Begge partar i krigen har blitt skulda for å angripe sivile mål på grunn av den etniske bakgrunnen til dei som held til der.

Omdurman

Tysdag blei det meldt om at 120 menneske var drepne i byen Omdurman, like ved hovudstaden.

Foto: - / AFP

Avisa The New York Times melder at Den sudanske hæren har brukt kjemiske våpen i minst to tilfelle mot RSF. Den siterer fire amerikanske tenestepersonar.

Angrepa skal ha skjedd nyleg og langt frå tettbygde strøk, men tenestepersonane seier USA fryktar at dei snart vil bli brukte sentralt i Khartoum.

Kjemiske våpen er forbodne av nesten alle land i verda gjennom Kjemivåpenkonvensjonen (CWC).

Den sudanske hæren feirar etter å ha teke Wad Madani

Soldatar frå Den sudanske hæren feirar etter å ha teke Wad Madani i al-Jazirah.

Foto: El Tayeb Siddig / Reuters

USA sanksjonerer både hæren og RSF

Dei amerikanske styresmaktene innfører denne veka sanksjonar mot leiaren for Den sudanesiske hæren, i praksis landet sin fungerande statsleiar.

USA meiner at hæren under leiinga til General Abdel Fattah al-Burhan med vilje har angripe sivile på «skular, marknader og sjukehus».

Amerikanarane meiner også at hæren «rutinemessig og medvitent» stenger ute humanitær hjelp, og «brukar matmangel som ein krigstaktikk».

Abdel Fattah al-Burhan 29. desember 2024

Abdel Fattah al-Burhan

Foto: - / AFP

Utanriksdepartementet til Burhan hevdar skuldingane er urettvise og «umoralske».

Sist veke skulda USA den andre parten i krigen, den paramilitære gruppa Rapid Support Forces (RSF), for folkemord i Sudan.

Då var det leiaren deira, Mohamed Hamdan Dagalo, som fekk sanksjonar mot seg.

Publisert 21.01.2025, kl. 07.00

Read Entire Article