Fleire unge oppsøkjer spiritualitet: – Gjer livet meir meiningsfylt

3 hours ago 2



Martine Guldahl (24) hadde lenge vore open for tanken om noko større.

Allereie i barndommen snakka mora til Martine om englar, men det var først då ho i tjueåra stod i ein vanskeleg periode at interessa for spiritualitet fekk fotfeste.

– Eg hadde det veldig vanskeleg. Då blei det viktig å ha noko å halde fast i, eit lys eg kunne gripe etter, seier ho.

tenner røkelse

Martine likar å brenne røykelse, her brenn ho palo santo som vert hevda å kunne reinse energiar, menneske og gjenstandar.

Foto: Kjetil Solhøi / NRK

Spirituelle verktøy i ei vanskeleg tid

Meditasjon, yoga, syngebolle og andre små ritual har etter kvart blitt faste verktøy, og hjelpte ho gjennom eit vanskeleg samlivsbrot no i haust.

– Det gjer livet meir meiningsfylt. Det hjelpte meg å zoome ut og få eit større blikk på kven eg er.

På TikTok og blogg har Martine delt den spirituelle reisa og praksisane hennar.

messingbolle

Martine bruker ofte ein syngebolle for å samle seg etter ein hektisk kvardag.

Foto: Kjetil Solhøi / NRK

Ho opplever stort sett å bli møtt med forståing og openheit, men det er også nokre som er kritiske til det ho driv med.

– Eg er litt utstikkaren. Det kan vere vanskeleg å gå sin eigen veg når ikkje alle forstår det.

Den moderne spiritualiteten

Christian Stokke er førsteamanuensis og forskar på spiritualitet. Han peiker på at moderne spiritualitet i stor grad er knytt til sjølvutvikling og psykologi.

– Den moderne spiritualiteten handlar om å komme i kontakt med seg sjølv, med egne følelsar og å lytte til kroppen, forklarar han.

  • Portrettbilde av mann

    Christian Stokke

    • Førsteamanuensis ved Universitetet i Sørøst-Norge
    • Forskar på spiritualitet og sjølvutvikling, transpersonleg psykologi, og flerkulturell- og interkulturell forståing

Stokke har merka trenden med at fleire unge trekkjast mot spiritualitet. Han meiner at folk ofte møtast gjennom sosiale medium og på reiser.

– Det er ei bølge av spirituell interesse i Vesten, der sosiale medium fungerer som et sosialt lim. Det gjer det lettare å finne likesinna og bygge fellesskap.

Også bokbransjen merkar den auka interessa for spiritualitet gjennom salet av bøker i kategorien.

engel i vinduskarm

I vindaugskarmen heime på Torshov i Oslo har ho både englar og krystallar.

Foto: Kjetil Solhøi / NRK

Marknadsdirektør i Norli, Caroline Heitmann, skriv i ein e-post til NRK at bøker om spiritualitet og sjølvutvikling har blitt meir populære.

– Salet av bøker i denne kategorien har auka kraftig dei siste åra. I år har vi allereie seld fire gonger så mange bøker som vi gjorde på same tid i 2023, skriv Heitmann.

Ei oppleving som endra alt

For Martine kom interessa for det spirituelle brått og uventa på. Eit møte med healing, der ei venninne skulle heale ekskjærasten, sette fart på interessa hennar.

– Plutseleg kjente eg ei bølge av energi gjennom kroppen. Eg begynte å gråte fordi eg ikkje forstod kva som skjedde, fortel Martine.

Opplevinga gjorde ho nysgjerrig. Martine valde derfor å dra på kurs, samlingar og etter kvart ein retreat i Spania, leia av åndeleg rettleiar Alma Skolmen.

– Vi sat i ein kvinnesirkel og delte kvifor vi var der. Det var veldig emosjonelt.

tarotkort

Ofte trekk Martine eit intuisjonskort eller eit tarotkort for å sentrere seg.

Foto: Kjetil Solhøi / NRK

Ho opplever at spiritualitet har blitt langt meir synleg blant unge.

– Meditasjon, astrologi og healing har blitt mykje meir vanleg. Eg trur dette berre er starten, seier ho.

Spiritualitet versus religion

Forskar Christian Stokke forklarer at spiritualitet skil seg frå tradisjonell religion.

– Spiritualitet handlar om det indre, altså medvit, følelsar og sjølvutvikling. Religion handlar om dei ytre strukturane, altså leiarar, ritual og heilage skrifter. Men ein kan kombinere begge deler, forklarar han.

Ifølge Stokke kan spiritualitet tilby rom for meining, tilhøyring og aksept.

– I det spirituelle miljøet er det mindre dømming, meir aksept for at man er akkurat som man er, meiner Stokke.

Stokke ser ei tydeleg forskjell på kjønn når det kjem til spiritualitet.

– Det er ei overvekt av kvinner som driv dei fleste praksisar. Menn er på veg inn, men kvinnene ligg nok tre hakk framfor.

Eit spirituelt fellesskap

Alma Skolmen (26), som står bak appen og det spirituelle fellesskapet The Purpose Club, ser ei tydeleg vekst i interessa.

– Medlemstala har dobla seg sidan i fjor. Før kom folk bort og kviskra at dei trudde på det same, men turte ikkje å seie det høgt. No snakkar folk heilt ope om det, fortel ho.

En kvinne iført en svart rutejakke sitter på en sofa i et rom med moderne kunstverk på veggen. Hun holder en tynn gjenstand som avgir røykskyer. Omgivelsene inkluderer en gul lampe og en myk sofa med puter. Rommet ser koselig og stilrent ut. (Bildebeskrivelsen er laget av en KI-tjeneste)

Alma Skolmen fann styrke i spirituelle verktøy då ingenting anna hjelpte. No jobbar ho med å gi dei same verktøya vidare til andre.

Foto: Ragnhild Marie Kjosbakken / NRK

Ho trur at fleire unge søker noko anna no enn det tidlegare generasjonar gjorde då dei var unge.

– Mange opplever at dei manglar retning. Spiritualitet gir makta tilbake til individet. Det handlar om å lytte innover, ikkje om å følgje eit sett reglar, meiner Skolmen.

Frå ateist til klarsynt

Det at fleire tør å vere opne om tru, intuisjon og åndelege interesser, er Kari Opsal einig i. Ho jobbar som klarsynt og forfattar.

– Vi lever i ei uroleg tid, og då søkjer mange tryggleik og meining, trur ho.

en kvinne som holder et kort

Kari Opsal har skrive fleire bøker om spiritualitet, jobbar som klarsynt og har laga eigne orakelkort.

Foto: Ollie Wan

Opsal fortel at det tok tid før ho til slutt greidde å aksepterte sine intuitive evner.

– Eg er oppvaksen som ateist, så det å jobbe som klarsynt var absolutt ikkje ein del av planen min. Etter fleire rundar med utbrentheit sa kroppen stopp, og eg blei tvungen til å lytte til magekjensla mi, seier ho.

Forfattaren meiner at ein treng verken krystallar eller røykjelse for å vere spirituell.

– Det handlar om å vere i kontakt med seg sjølv og leve bevisst.

Eit behov for å tru

Ole Jacob Madsen, professor i psykologi ved Universitetet i Oslo, fortel at interessa for spirituelle praksisar ofte handlar om ein grunnleggjande søken etter meining.

– Akkurat som med religion handlar det gjerne om ei søken etter ei djupare meining i livet. Mange trur at vitskap og fornuft kan erstatte overtru, men behovet for å tru på noko utover det rasjonelle lever framleis, seier Madsen.

  • Profilbilde av professor

    Ole Jacob Madsen

    • Professor i kultur- og samfunnspsykologi, Psykologisk institutt, Universitetet i Oslo
    • Forskar på psykologiens rolle i samfunnet

Dersom ein er nysgjerrig og vil lære meir om spiritualitet, meiner Madsen at det er lurt å vere litt skeptisk til ulike aktørar.

– Det er viktig å gå inn i det med ein kritisk sans, særleg når noko høyrast for godt ut til å vere sant eller blir kopla til store kostnader, seier han.

Viktig å rette kritikk

På Torshov i Oslo peikar Martine Guldahl på at pris kan vere ei utfordring, særleg for studentar.

– Mange spirituelle aktivitetar kan vere dyre. Eg veit om fleire som har valt å ikkje gå på yoga fordi det kostar for mykje, men det finst meir tilgjengelege alternativ, meiner 24-åringen.

spiller gitar

I tillegg til yoga og meditasjon, likar Martine å kople av ved å spele gitar.

Foto: Kjetil Solhøi / NRK

Forskar Christian Stokke fortel at dei fleste som tilbyr spirituelle tenester i Noreg er vanlege folk som prøver å leve av det dei brenn for.

Men han meiner også at det er viktig å rette kritikk mot leiarar som har stort ego og mykje makt over følgjarar.

– Nokre har ikkje gjort tilstrekkeleg indre arbeid for å bli bevisste sine eigne skyggesider. Då kan følgjarar bli råka, på same måte som i tradisjonelle religiøse miljø, forklarar han.

Stokke peikar også på at ein bør vere merksam på å ikkje berre fokusere på det positive i spiritualiteten, og trekk fram omgrepet «spirituelt bypass».

– Spirituelt bypass er når ein berre fokuserer på det positive, og snakkar om lys og kjærleik, medan ein unngår det ein kallar «skuggearbeid» – som handlar om å verte medviten om eigne negative sider som ein ofte fortrenger. seier han.

Publisert 28.12.2025, kl. 22.04

Read Entire Article