Fleire tusen operasjonar unødig avlyst – pasient åt pølse rett før inngrep

12 hours ago 4



Øyre-nase-hals-legen Ingvild Engesæter gjer seg klar for neste operasjon på Haukeland universitetssjukehus.

Men så kjem beskjeden.

Pasienten har ete ei pølse.

I NRK-serien Barnesykehuset fortel Engesæter at pasienten skulle faste 6 timar før operasjon.

Ingvild Engesæter blir oppgitt når operasjonen må avlysast.

Når det ikkje er gjort, må den avlysast.

Då må eit operasjonsteam på 10–15 tilsette må finne på noko anna.

– Vi får ikkje inn ein ny pasient. Og med vanvitig lange operasjonslister, så er det litt frustrerande når operasjonen går ut, seier Engesæter.

Ein av fire operasjonar avlyste grunna pasientane

Det er ikkje første gong Engesæter opplever at ein pasient øydelegg for seg sjølv, og truleg ikkje siste heller.

NRK har henta inn tal på strykingar av operasjonar: kor mange operasjonar som vart avlyste etter kl. 16.00 dagen før, og årsakene.

I 2024 vart minst 20 159 operasjonar strokne.

I eit av fire tilfelle var det pasienten si skuld.

Den vanlegaste årsakene er at pasienten ikkje møter opp eller avlyser.

At pasienten ikkje har fasta eller gjort andre nødvendige førebuingar var heller ikkje reint uvanleg.

Helseføretaka har ulik praksis for registrering av årsaker, og tala kan difor avvike noko. Tal frå Helse Møre og Romsdal og Helse Nord-Trøndelag er ikkje inkludert.

Tek opp to plassar i helsekøen

At operasjonar blir avlyste på kort varsel får fleire konsekvensar, fortel Engesæter.

– Pasienten må jo vente på ny operasjonstid. Så det blir lengre ventetid. Men dei tek også opp to operasjonsplassar, i staden for éin.

en person som sitter foran en datamaskin

Ein avlyst operasjon går ikkje berre utover operasjonsteamet, men også avdelingane som ivaretek pasienten før og etter operasjon.

Foto: Laurita Fure Briceno / NRK

Om operasjonen er kritisk så kan ny operasjonstid skyve andre ventande enda lengre bak i køen.

På same tid står eit operasjonsteam på 10–15 tilsette og må snu opp ned på dagen.

– Det fører til ein del ekstraarbeid. Nokre får ein rolegare arbeidsdag, medan andre må gjere alt papirarbeidet med å booke om og planlegge ny operasjon.

Ved utgangen av mars i år er det 215 000 som ventar på oppstart av helsehjelp i spesialisthelsetenesta.

Kor mange av desse som ventar på ein operasjon finnast det ikkje nasjonale tal på.

– Kostbart

Det er også andre årsaker til at operasjonar blir strokne, som akutte situasjonar eller sjukdom hos pasientar eller tilsette.

Men at pasientane sjølve står for ein fjerdedel av strykingane er synd.

Det seier Evelyn Neppelberg, klinikkdirektør ved hovud-hals avdelinga på Haukeland universitetssjukehus.

– Det er litt sprøtt at ein pasient møter til ein operasjon, også vil dei ikkje. Eller at ein har blitt operert på eit anna sjukehus, men gløymer å gi beskjed.

en person i helseuniform står på ei operasjonsstove

Neppelberg fortel om motiverte tilsette som arbeider for å få ned ventetidene. Då er det skuffande når ein pasient ikkje møter.

Foto: Laurita Fure Briceno / NRK

Ein gjennomsnittleg operasjon på Haukeland universitetssjukehus kostar om lag 50 000 kroner.

Når ein operasjon ryk går delar av denne summen ut vindauget.

– Det gir redusert utnytting av kostbar operasjonskapasitet. Så det er kostbart, også for samfunnet, seier Neppelberg.

Ber pasientane om å ta ansvar

Helseminister Jan Christian Vestre reagerer på at over 5000 operasjonar er avlyst grunna pasientane, og oppmodar alle om å passe timeavtala.

– Det gjer at andre pasientar også kan få raskare hjelp, at helsepersonell får gjort jobben sin på ein effektiv måte, og at vi får behandla fleire pasientar raskare.

Kvinneleg lege i uniform lukkar igjen ei kontordør på sjukehus.

At ein pasient har blitt sjuk er vanskeleg å gjere noko med, men om dei har gløymd å faste er det meir frustrerande, seier Engesæter.

Foto: Laurita Fure Briceno / NRK

Engesæter har også ventelistene i tankane, kvar gong ein operasjon ryk.

– Eg synest det er litt trist, fordi vi har så mange som ventar. Så eg blir litt oppgitt.

Publisert 20.04.2025, kl. 17.05

Read Entire Article