Fleire synest KI gjer det vanskeleg å vite kva som er ekte

3 hours ago 2



– Det verkar jo litt heftig at dei går ut i krangel, seier Ingvild Féline Winther.

Ho ser på ein video av to gullsmedar som slåst i New York i starten av året.

Sjølv om hendinga er referert av eit norsk redaktørstyrt medium, merkar ho at ho er tilbakehalden med å akseptere alt som fakta.

En kvinne holder en mobil og ser på en video. Skjermen viser flere mennesker i en innendørs setting. Kvinnen har langt hår og negler med fransk manikyr. Omgivelsene rundt henne er svakt belyst med mørke farger.

Ingvild Féline Winther ser på videoen som er nemnt i Dagbladet, og som også er omtalt i andre medium.

Foto: Elena Bulai Løvland / NRK

Over 5.900 kilometer i luftlinje skil New York frå Tromsø, der Ingvild bur.

– Eg som sit her og ser på det, har jo ikkje alle fakta og all informasjon.

– Ein veit jo ikkje kva som leidde opp til dette, eller kva som eigentleg blei sagt dei imellom, seier Winther.

Dagbladet er kjent med at NRK brukar denne videoen som døme.

Winther har alltid vore skeptisk til at medium kan framstille saker feilaktig, og overdrive for å skape sensasjon og generere klikk.

Men dei siste åra har enda eit spørsmål dukka opp:

– Kan noko av dette vere laga av KI?

Ho påstår ikkje at norske redaktørstyrte medium bruker kunstig intelligens til å lage falske nyheiter, men ho tviler på at det alltid er mogleg å bekrefte at videoar frå eksterne kjelder er ekte.

– Jo fleire ledd, jo mindre vil eg stole på det.

I slutten av saka kan du sjå om faktisk.no vurderer videoen som ekte eller ikkje.

Større usikkerheit

Ei nordisk undersøking om kritisk medieforståing publisert nyleg, viser ei aukande usikkerheit om korleis KI-teknologi påverkar samfunnet.

– Undersøkinga vår viser at den teknologiske utviklinga, saman med folks auka bevisstheit om feilinformasjon, gjer folk meir usikre og skeptiske til innhaldet dei konsumerer.

Det seier kommunikasjonssjef Stian Barsnes-Simonsen i Medietilsynet.

  • Stian Barsnes-Simonsen, kommunikasjonssjef i Medietilsynet

    Stian Barsnes-Simonsen

    kommunikasjonssjef i Medietilsynet

Barsnes-Simonsen seier at teknologien både gjer det enklare for dei som ønsker å villeie, og vanskelegare for dei som har som oppgåve å formidle fakta.

– Undersøkinga viser at særleg unge opplever det som utfordrande å skilje mellom fakta og usant innhald.

– Samtidig ser vi eit interessant paradoks: Sjølv om unge i stor grad konsumerer nyheiter via sosiale medium, har dei mykje høgare tillit til redaktørstyrte medium og journalistisk innhald. Det illustrerer at bruk og tillit ikkje nødvendigvis følger kvarandre.

  • En person sitter ved et vindu og holder en bok med tittelen "Atlas of AI" av Kate Crawford. Området rundt er fylt med bøker og dokumenter, og det er naturlig lys som strømmer inn fra vinduet.

    Holger Pötzsch

    professor i medie- og dokumentasjonsvitskap ved UiT Noregs arktiske universitet

Holger Pötzsch er professor i medie- og dokumentasjonsvitskap ved UiT Noregs arktiske universitet. Han meiner det er viktig at redaktørstyrte medium jobbar med å halde oppe denne tilliten.

– Det er eit viktig element i demokratiet at vi har arenaer der vi kan dele tankar og oppfatningar om ting, og også høyre frå folk du er fundamentalt ueinig med.

Er du bekymra for korleis KI påverkar nyheiter og informasjon?

Denne avstemningen viser ikke hva befolkningen mener om spørsmålet. Resultatet viser hva de som selv har valgt å stemme mener, og avstemningen har ikke et utvalg som gjør den representativ for alle som bor i landet.

Alle gjer feil

Vi har snakka med TV 2, Dagbladet, VG og NRK.

Alle mediehusa kunne gi minst eitt eksempel på at dei ved ein feil har publisert innhald generert av KI.

– Eg kan berre komme på eitt eksempel der delar av ein video vi publiserte, i etterkant viste seg å vere KI-generert. Denne fekk vi frå eit internasjonalt anerkjent bildebyrå, som vi har gode erfaringar med og normalt stoler på, seier Karianne Solbrække, nyheitsredaktør i TV 2.

Alle mediehusa forsikrar at dei sjekkar innhaldet dei får grundig, og at dei aldri med vilje ville publisert KI-generert materiale utan tydeleg merking.

  • Bildet viser et moderne tog med store glassvinduer som kjører gjennom et landskap opplyst av nordlys. Toget har en futuristisk design og er plassert i en naturskjønn setting med fjell og vann i bakgrunnen. Nordlyset skaper en dramatisk himmel med grønn og blå lysvirkning. Det er natt, og lysene fra toget reflekteres svakt i vannet ved siden av. (Bildebeskrivelsen er laget av en KI-tjeneste)

    Skjermdump Travel and tour world

    Kan ein stole på at norske redaktørstyrte medium har kontroll på kva som er KI-generert innhald?

    NRK, VG, Dagbladet og TV 2 svarar.

  • Dame i sort skjorte.

    Christian Breidlid / NRK

    Kari Stokke Nilsen, konstituert redaktør for NRK direkte

    – Vi har vore vant til å kunne stole på det vi ser, men no kan vi ikkje alltid gjere det lenger, sjølv om det vi ser verkar ekte. Dette er noko redaktørstyrte medium er utruleg bevisste på, og det er svært viktig for tilliten til oss og tilliten mellom dei ulike institusjonane i samfunnet.

    –Vi jobbar svært aktivt med dette kvar einaste dag for å sørge for at det vi publiserer, er sant og ekte.

  • Øyvind Brenne, utviklingsredaktør i VG

    VG

    Øyvind Brenne, utviklingsredaktør i VG

    – Eg forstår godt at det er ein uoversiktleg situasjon når det gjeld å skilje fakta frå genererte ting no om dagen. VG gjer alt vi kan for å sikre at det du les i VG, er riktig.

    – I motsetning til sosiale medium og det generelle internettet elles, trur eg at redaktørstyrte medium er den staden der du har størst sjanse til å kunne stole på innhaldet.

  • Eugene Laran foran en stor Dagbladet-logo.

    Lars Helle / Dagbladet

    Eugene Laran, AI-sjef i Dagbladet

    – Vi har ekstremt fokus på at alt vi publiserer er ekte. Eit godt døme er ein oppsiktsvekkjande fyrverkerivideo vi fekk rett etter nyttårsaftan.

    Dei verifiserte videoen ved å kontakte kjelda, motta originalen, sjekke for modifikasjonar, gjennomgå metadata og stadfeste tid og eining. Samtidig fekk dei  politiet si stadfesting på ei tilsvarande hending.

    – Då var vi sikre på at den faktisk var ekte.

  • Karianne Solbrække er nyhetsredaktør i TV2.

    TV 2 Eivind Senneset / TV 2 / NTB

    Karianne Solbrække, nyheitsredaktør i TV 2.

    – Eg har stor forståing for at det er vanskeleg å stole på spesielt utanlandske videoar. Dette tek vi i TV 2 på stort alvor.

    – Det er viktig å ha ein oppriktig skepsis til om det ein ser på internett er sant, men du kan stole på at norske redaktørstyrte medium gjer alt i vår makt for å avdekke dette. Er vi i det minste i tvil, let vi vere å publisere.

Å garantere at feil ikkje skjer igjen, er det ingen av dei som kan.

– Nå har KI blitt så avansert at det er svært vanskeleg å skilje. Da er regelen at om vi er det minste i tvil om at dette er ekte, skal vi ikkje publisere. Likevel kan eg ikkje love at vi aldri kjem til å gjere feil, seier Eugene Laran, AI-sjef i Dagbladet.

Grundig verifisering

Ingvild Féline Winther tar ein sup av kaffien og ser på videoen av gullsmedane som slåst i New York. Kan ho stole på at det ho ser er ekte?

Vi bad Silje Førsund, journalist og fagansvarleg for verifisering i Faktisk.no, om å verifisere han.

Vanlegvis startar dei med å laste ned videoane og sikre alle spor. Dei undersøker konteksten og kva saka og påstandane handlar om, før dei analyserer alt.

  • Portrett av Silje Førsund

    Silje Førsund

    journalist og fagansvarleg for verifisering i Faktisk.no

Det eg konkluderer med, er at det er nokre få indikasjonar på at delar av klippa kan vere KI-genererte, men det er ikkje nok til å hevde at dei er det. Da må ein ha meir informasjon, så per nå er det ikkje nok, meiner eg, til å seie at dei er det.

Videoen er redigert, men ho meiner at det er klare indikasjonar på at videoen også er iscenesett, og kanskje også at sjølve konfrontasjonen er iscenesett.

Konklusjonen min er at eg ville vore varsam med å publisere dette, fordi vi veit for lite om kva det eigentleg er som har gått føre seg.

Nedst i saka kan du sjå korleis Førsund gjekk fram for å verifisere videoen.

Siljes råd er svært godt, og ei viktig påminning, seier konstituert nyheits- og plussredaktør, Bjørn Carlsen i Dagbladet.

Når det gjeld denne videoen, har politiet overfor TMZ og andre kjelder bekrefta at dei rykte ut etter melding om eit overfall, at to personar blei pågripne og at éin av dei involverte blei frakta til sjukehus.

Redaktøren seier dei også har undersøkt videoen grundig utan å finne indikasjonar på at den ikkje er ekte.

Når det er sagt – vi kunne hatt med opplysningar om at aktørane er kjente for å oppsøke merksemd, seier Carlsen.

En person med langt, bølget hår sitter i en stol og holder en telefon. Hun er iført en svart genser.

Ingvild Féline Winther er opptatt av å stille spørsmål ved det ho ser.

Foto: Elena Bulai Løvland / NRK

Ingvild Féline Winther blei imponert over måten Førsund frå Faktisk.no verifiserte videoen på.

– Det gir meg definitivt auka tillit til korleis videoar frå utlandet blir faktasjekka. Ho forklarer fleire punkt og moglege fallgruver, og det er fint å sjå at det blir undersøkt grundig, seier Winther.

Publisert 25.01.2026, kl. 11.46

Read Entire Article