Fleire jordskjelv på Santorini - held skulane stengde

3 hours ago 3



Ifølge greske seismologar blei det søndag registrert tolv jordskjelv i løpet av få timar, det kraftigaste målt til 4,6.

Auka seismisk aktivitet har fått greske styresmakter til å oppfordre innbyggarane på øya til å unngå større forsamlingar innandørs.

Dei ber også innbyggarane om å halde seg unna området rundt dei to hamnene Ammoudi og Fira som stort sett blir brukt av cruiseskip.

Det er berre litt over 15.000 fastbuande på Santorini, men øya tar årleg imot mellom 3 og 4 millionar turistar.

Santorini

Foto: ARIS OIKONOMOU / AFP

Føre var

Styresmaktene seier at den seismiske aktiviteten ikkje er direkte knytt til vulkanisk aktivitet og at han er på veg ned att.

Ekspertar på feltet hadde derimot anbefalt å gjere føre var-tiltak, skriv Reuters.

Det er ofte jordskjelv på Santorini, og eit av dei større jordskjelva var i år 1600 f.kr og danna då øyas form.

Publisert 02.02.2025, kl. 10.03 Oppdatert 02.02.2025, kl. 10.08

Read Entire Article