Opplevde marerittskade – kjærastens beskjed vart ein vekkar

3 hours ago 4



– Eg glei. Foten min vart sitjande fast i graset. Det var veldig vondt. Eg visste at noko hadde skjedd.

Det seier den 21 år gamle nordmannen til Manchester City si nettside.

Dei har intervjua Oscar Bobb før det potensielle comebacket hans mot Arsenal søndag ettermiddag.

I intervjuet fortel Bobb detaljert om skaden som har øydelagt heile sesongen hans til no.

FA Cup - Third Round - Manchester City v Huddersfield Town

HAR KLARTE Å HALDE PÅ HUMØRET: Skadeutsette Oscar Bobb, her frå ein FA-cup-kamp i januar 2024.

Foto: LEE SMITH / Reuters

Viktig kjærast-beskjed

Det viste seg nemleg at Bobb hadde brote eit bein i foten – under ei hending på trening med Manchester City nokre dagar før seriestart.

Etter at skaden var bekrefta, og det var klart at Bobb måtte operere, ringde han mora og kjærasten for å fortelje dei om kva som hadde skjedd.

Bobb fortel at kjærasten svarte:

«Akk, det har skjedd og vi veit kva det er. Men du er sannsynlegvis på den beste staden i verda med omsyn til å handtere skaden».

– Så etter den beskjeden handla det berre om positivitet. Og det hjelpte veldig, fortel Bobb i intervjuet med Manchester City si nettside.

Sjølv om Bobb tidleg visste at han kom til å vere lenge på sidelinja, klarte han altså å halde humøret oppe etter beskjeden frå kjærasten.

– Det var ikkje den verste skaden. Berre nokre månader på sidelinja. Og eg var framleis på ein god stad med gode folk rundt meg, så det var bra, seier Oscar Bobb.

Han har tidlegare avslørt til Dagbladet at han har kjærast, men ikkje kven det er.

Oscar Bobb og Erling Braut Haaland jubler sammen etter en Manchester City-scoring.

NORSK DUO: Erling Braut Haaland og Oscar Bobb under pre-season for Manchester City sist sommar.

Foto: Reuters

Trur Bobb blir skarp

Spørsmålet er kva Oscar Bobb kan bidra med når han potensielt gjer comeback mot Arsenal søndag.

Ekspertane har ulike svar.

– Eg trur vi kan forvente at han er skarp, seier Lars Tjernås, fotballekspert for blant anna Viaplay.

Tjærnås

VIAPLAY-EKSPERT: Lars Tjernås.

Foto: Terje Pedersen

Han legg til at det er ein påstand han normalt ikkje ville ha kome med, fordi dei fleste treng tid.

– Men Bobb tar læring så raskt, han er så vaken og han er så lett i kroppen. Så han skal kunne bidra nesten med ein gong han er speleklar igjen, seier Tjernås til NRK.

Han meiner Oscar Bobb vil tilføre Manchester City fleksibilitet, sidan han kan spele i så mange roller.

Kristoffer Løkberg NRK VM-studio

NRK-EKSPERT: Kristoffer Løkberg.

Foto: Nicolai Eid Trondal / NRK

NRK-ekspert Kristoffer Løkberg meiner derimot at vi ikkje må ha for store forventingar med ein gong.

– Men timinga er veldig godt nytt for Norge. No har Bobb tid til å spele seg i form til landskampane i mars, seier Løkberg.

Carl-Erik Torp

NRK-EKSPERT: Carl-Erik Torp.

Foto: MARIUS SIMENSEN / BILDBYRÅN NORWAY

Carl-Erik Torp, også han NRK-ekspert, meiner det er umogleg å seie kva ein kan forvente av Oscar Bobb – på kort sikt.

– Men heldigvis har han så enorme ferdigheiter at eg trur ikkje vi skal vere bekymra for nivået hans. Det tek nok tid å kome tilbake på nivået han viste før skaden. Eg håper og trur han ikkje har mista noko, seier Torp.

 Norge - Slovakia

KAN MØTEST IGJEN: Oscar Bobb og Manchester City skal opp mot Martin Ødegaard og Arsenal søndag.

Foto: Fredrik Varfjell / NTB

Tilbake i form

Norge skal ut i ordinære VM-kvalifiseringskampar i andre halvdel av mars.

Utan Bobb klarte seg Norge bra i haust og vann si gruppe i Nasjonsligaen.

Verre gjekk det for Manchester City utan Bobb i haust.

Dei opplevde skrekkelege resultat i november og desember.

Januar vart derimot betre med fem sigrar, éin uavgjort og eitt tap.

Dei lyseblå heng framleis med i Meisterligaen, og er for fullt med i kampen om å kvalifisere seg dit neste sesong.

Oscar Bobb seier i intervjuet med klubben si heimeside at det var tøft å følge klubben frå sidelinja i den trasige perioden før jul.

– Men det hadde nok vore endå meir frustrerande om eg hadde spelt, gjort mitt beste – og resultata framleis ikkje hadde gått vår veg, same om det handla om uflaks eller andre ting, seier Bobb.

– Skjønte fort at det ikke hadde så mye med toppidrett å gjøre 01:02

Publisert 02.02.2025, kl. 12.01 Oppdatert 02.02.2025, kl. 12.16

Read Entire Article