Fire skal vere skadde i eit israelsk luftangrep mot ein bil på Gazastripa, skriv Reuters, som har snakka med helsearbeidarar i Gaza.
Den israelske hæren, IDF, stadfestar angrepet på Telegram.
Det er våpenkvile på Gazastripa no.
Helsearbeidarane meldte først at ein ung gut blei drepen i angrepet, men korrigerte seinare dette til Reuters, og sa dei hadde greidd å gjenopplive guten.
Angrepet skal ha skjedd vest for Nuseirat-leiren.
Ein del av våpenkvileavtalen mellom Israel og Hamas, er at køyretøy berre får bevege seg til Nord-Gaza via kystvegen Salah al-Din.
Bilen som blei angrepen skal ha køyrd på på Rashid-vegen, som berre er meint for fotgjengarar, skriv The Times of Israel.
IDFskal undersøke rapportane om skadde, skriv avisa Haaretz.