Fleire bølger av «kokain-tsunamien» vil treffe Norge

1 week ago 21



Største kokainbeslag på Vestlandet

Kriminelle nettverk ser at vi er eit land som kan utnyttast, åtvarar tollsjef.

 Politiet
NOK TIL ALLE: 150 kg kokain vart beslaglagd under ein stor aksjon på Husnes i fjor. Det tilsvarer fleire millionar brukardoser Foto: Politiet

Publisert 07.05.2024 00:37

Tysdag startar rettssaka etter det største kokainbeslaget på Vestlandet nokon gong.

Fire menn og ei kvinne, alle frå Albania, skal ha henta 150 kilo kokain frå eit lasteskip ved aluminiumsverket på Husnes i Sunnhordland.

Dei risikerer lange fengselsstraffer. Norske hamner risikerer fleire slike besøk. Kanskje har det skjedd igjen allereie.

Kripos forventar nemleg at organiserte kriminelle nettverk i aukande grad vi bruke Norge som transittland for smugling av kokain til nordiske og europeiske marknader.

– Dei ser at Norge er eit land dei kan utnytte. Dei ser svakheitene i grensekontrollen vår. Samstundes rustar europeiske hamner kraftig opp for å stoppe «narket», seier avdelingsleiar Bård Ynnesdal i Tollregion Vest til TV 2.

Bananar og aluminium

Det er langt frå nytt at illegale og ulovlege varer kjem sjøvegen til landet vårt. 

Men tre enorme beslag i 2023 gjer at både Tolletaten, politiet og Kripos har alle narko-antennene oppe. 

 Midt mellom radene med banan låg det noko langt meir lukrativt. Kassane ankom Bama sitt lager på Austlandet, på lovleg vis, i fjor.
BANANSPLITT: Midt mellom radene med banan låg det noko langt meir lukrativt. Kassane ankom Bama sitt lager på Austlandet, på lovleg vis, i fjor.

«Den såkalte «kokain-tsunamien» fra Sør-Amerika mot Europa har også potensialet til å treffe Norge med styrke. Beslag i Norge gjenspeiler rekordbeslag i flere av Europas største havner», skriv Kripos i ei fersk trusselvurdering.

Det første rekordbeslaget i fjor kom i Oslo. I skipskonteinarar låg hundrekilo-vis med kokain side om side med den meir ufarlege vara «banan».

Beslaget på Husnes var litt annleis. Lasteskipet kom rett nok frå ei risikohamn i Brasil, men var ikkje lasta med konteinarar med varer.

Det var lasta med råmaterialet alumina, som ser ut som eit kvitt, sukkarliknande pulver. 

Det var likevel ikkje det einaste pulveret som kryssa Atlanterhavet.

 Jonn Karl Sætre / Kvinnheringen
TIL KAI: Lasteskipet «Nordloire» frakta alumina som skulle opp til smelteomnane på aluminiumsverket. Under sjølinja hadde det kokain som skulle opp i nasen på det europeiske markedet. Foto: Jonn Karl Sætre / Kvinnheringen

Heilt likt funn i Sverige og Italia

For her var kokainet festa til sjølve skipsbotnen, skjult under sjølinja. Dette blir kalla for «parasittsmugling». 

 Politiet
PARASITT: Ein sekk med kokain fulgte med seglasen over Atlanterhavet, frå Brasil til Norge. Foto: Politiet

Ein 46 år gamal mann brukte ifølge påtalemakta dykkarutstyr og vass-scooter for å ta seg fram til lasteskipet då det låg ved kai på Husnes i fjor. 

Aluminiumsverket til Hydro skulle ha aluminaen. Ifølge tiltalen skulle han ha stoffet.

Men det han og dei andre ikkje visste var at politiet, Tollvesenet og Kystvakta allereie hadde fulgt godt med. 

Då kokainet var kome i land og plassert i ein bil, slo politiet til.

Her avslører de hvor kokainen var festet på skipet

– Vi meiner alle fem hadde ei rolle i oppdraget og visste kva dei var med på i Norge. Men vi veit ikkje kven som skulle ha stoffet eller kor det skulle vidare, seier statsadvokat Benedicte Hordnes til TV 2.

Ho skal vere aktor i saka mot dei fem tiltalte albanarane i Bergen. Påtalemakta meiner dei har avslørt eit kriminelt nettverk og har tiltala dei etter «mafiaparagrafen».

På beslaglagde telefonar har politiet sett at dei kommuniserer med andre aktørar i utlandet. Norsk politi har utveksla informasjon om saka til fransk og italiensk politi.

Parasittsmugling går nemleg att også i andre europeiske land. 

Seinast i mars i år fann tollvesenet i Sverige solide 230 kilo kokain i ein sekk festa til eit skip som kom til Gøteborg frå Sør-Amerika.

 Tullverket Sverige
BINGO: Tollen i Sverige var raskare enn kriminelle dykkarar då dei i mars fann 230 kilo kokain (pakka i grått) som var «parasittsmugla» frå Sør-Amerika til Gøteborg. Foto: Tullverket Sverige

Bergens Tidende viser til at det blei funne 850 kilo kokain på eit skip utanfor Venezia, i same månad som Husnes-funnet. 

 Isac Skjevik Kvello / TV 2
AKTOR: Statsadvokat Benedicte Hordnes meiner politiet har avslørt eitt av fleire narkonettverk i Europa som plukkar opp narkotika smugla inn frå Sør-Amerika Foto: Isac Skjevik Kvello / TV 2

Trudde det var hasj

I politiet sin trusselvurdering for 2024 er det marokkanske, albanske og litauiske kriminelle nettverk som blir løfta fram som trugslar for innføring, distribusjon og transport av narkotika.

Dei fem albanarane som møter i Hordaland tingrett tysdag har litt ulike forklaringar på kvifor dei var på Husnes i april i fjor. 

Ein 26 år gamal mann som fekk sekken med kokain inn i sin bil, skal ha trudd det var hasj han henta. 

Ein av dei andre vil hevde han var i Noreg for å gjere lovleg arbeid, men vart pressa med på hentinga.

 Jenny Eidesvik / TV 2
UROA: Bård Ynnesdal er avdelingsleiar for Tollregion Vest-Norge. Foto: Jenny Eidesvik / TV 2

Kvifor Norge?

Både tollvesenet, politiet og Kripos peikar på ein sentral ting for at Norge no ser ut til å bli eit populært land for «parasittsmugling»:

Ei lang, uoversiktleg kystlinje med store avstandar og lange fjordar. Og små og mellomstore hamner som tek i mot internasjonal skipstrafikk. 

Det er vanskeleg å vokte alle. Og det er rett og slett umogleg å vokte dei heile tida. 

– Politikarane får den tolletaten som dei betaler for, kommenterer Ynnesdal i Tollregion Vest og legg til at dei treng både fleire tollarar og utstyr for å betre kunne avdekke «parasittsmugling» i norske industrihamner.

– Har de auka nærværet ved hamner og kaianlegg etter Husnes-funnet i fjor?

– Vi har hatt eit betydeleg blikk på dette og eg kan love deg at det iallefall ikkje er blitt mindre. Motivasjonen hjå mine kollegaer er stor og vi jobbar det vi kan, innanfor dei rammene vi har, for å kontrollere denne type trafikk.

Read Entire Article