– Eg føler ungdommar blir litt snakka ned i forhold til det dei faktisk gjer. Det er sjølvsagt nokon som kanskje er litt late, men eg trur fleirtalet ikkje er slik.
Bak kassa på Coop OBS på Bryne i Rogaland sit 18-åringen, Mina Hinnaland Kjetland.
– Eg skal jobbe ganske mykje i sommar, for eg vil jo ha pengar og gjere noko når det ikkje er skule.
Mina Hinnaland Kjetland går på vidaregåande Ho skal jobbe heile sommaren på Coop OBS, som ligg på kjøpesenteret M44 på Bryne. Pengane skal ho blant anna spare til russebuss.
Foto: Ole Andreas Bø / NRKFleire vil ha sommarvikarar
Dei fleste ho kjenner har sommarjobb.
– Eg føler det er veldig mange som ønsker det no. Og eg føler fleire tek i mot ungdommar, for før snakka fleire om at det var så vanskeleg.
Fleire bedrifter skal ha sommarvikarar i år, viser tal frå NHO.
I fjor var det 34 prosent av bedriftene i landet, medan i år er det 39 prosent.
– Eg vil anbefale arbeidsgivar å ta sommarvikarane godt i mot, og dei uerfarne treng opplæring og oppfølging, seier Christine Sagen Helgø, direktør for NHO Rogaland.
Tek direkte kontakt med bedrifter
Undersøkinga til NHO viser at dei unge tek initiativ og oppsøker bedriftene direkte. Og at over halvparten av dei som tek direkte kontakt med bedrifter får jobb.
– Men annonsar gjennom FINN er også ein god moglegheit, legg direktøren til.
Det er særs den yngre aldersgruppa mellom 18 og 22 år som tek kontakt med arbeidsgivar sjølv, viser undersøkinga.
Christine Sagen Helgø oppfordrar unge til å ta kontakt med bedrifter som treng ekstra hjelp om sommaren for å skaffe seg arbeidserfaring. Enten den er relevant for utdanninga ein tek eller ikkje.
Foto: Hanne Høyland– Det er viktig for å få arbeidserfaring, enten det er relevant for det ein studerer eller ikkje. Også er det kjekt å kunne tene eigne pengar, i alle fall som student, seier Sagen Helgø.
– Ein myte at unge er late
LO bekreftar også ei auke dei siste åra av ungdommar som har sommarjobb.
– At unge er late i arbeidslivet er ein myte. Dei fleste unge ønsker å jobbe, seier Sindre Hornnes frå LOs sommarpatrulje.
Sindre Hornnes er ungdomsrådgjevar for LO og kontaktperson for LOs sommarpatrulje og har fleire tips til unge som skal ha sommarjobb.
Foto: Geir Anders Rybakken ØrslienFor unge med sommarjobb har Hornnes eit tips.
– Få kontrakten i god tid, slik at ein kan ta den med heim for å sjå gjennom den saman med føresette.
– Førebu dei unge
For eksempel skal ein også få vaktlistene sine to veker før ein startar på jobb.
– Men ein ryddig arbeidsgivar gjer det lenge før, påpeikar Hornnes.
Han meiner også at arbeidsgivar må førebu dei unge på uventa hendingar og korleis ein skal handtere dei.
– Om ein jobbar i butikk og nokon stel, eller om det begynner å brenne på sjukeheimen. Då er det viktig å sørge for å gå gjennom dette med dei unge tilsette.
Tilbake på kjøpesenteret på Bryne er Kjetland godt i gang med arbeidet før sommarferien.
Kjetland har jobba på OBS i nokre månader og ho får god hjelp frå dei andre tilsette, blant anna Siri Fidjeland.
Foto: Ole Andreas Bø / NRK18-åringen har hatt fleire småjobbar før. Men då opplevde ho ikkje like god informasjon.
– Det som er bra med denne jobben er at eg får e-postar med informasjon om funksjonen min, korleis ting fungerer og gjerne ting eg ikkje visste frå før. Og det har eg ikkje opplevd på andre jobbar, seier Kjetland.
Publisert 06.06.2025, kl. 11.10