Minst fire personar har mista livet i ei ulykke med taubane nær Napoli i Sør-Italia torsdag, melder Reuters.
I tillegg er ein person alvorleg skadd og ein annan er sakna i ulykka.
Fleire italienske medium skiv at kablane som heldt gondolen, rauk.
I 2021 mista 14 menneske livet då ein gondol styrta i bakken mellom innsjøen Lago Maggiore og ein fjelltopp i nærleiken.