I meldinga skriv dei vidare at Bidens kreft har spreiing til skjelettet, og han og familien vurderer no ulike behandlingsalternativ, heiter det i ei fråsegn frå kontoret hans sundag.
Førre veke vart president Joe Biden undersøkt for eit nytt funn av ein prostataknute etter å ha opplevd aukande problem med urinvegane.
– På fredag fekk han diagnosen prostatakreft, karakterisert ved ein Gleason-skår på 9 (gradsgruppe 5) med metastasar til beinet. heiter det i uttalen.
Vidare skriv kontoret at sjølv om det er ein aggressiv form av sjukdomen, kan det tyde på at kreften reagerer på hormon, noko som gjer effektiv behandling mogleg.
Biden er 82 år gammal. Han var USAs 46. president frå 20. januar 2021 til 20. januar 2025. Før det var han visepresident under Barack Obama frå 2009 til 2017.
Publisert 18.05.2025, kl. 22.16 Oppdatert 18.05.2025, kl. 23.10