Lengsel etter kjærleik

7 hours ago 2



Det var sommar og eg var 44 år gammal då eg gjekk frå mannen min.

Eg flytta ikkje særleg langt, berre til den andre sida av vatnet. Likevel kjentest det som å bli innbyggar i eit heilt anna land.

Tida etterpå var noko av det mest strevsame eg har opplevd. Dei som skil seg, veit om den kjensla: som om framtida og alt du tidlegare orienterte deg etter fell bort.

Det var berre så vidt eg fekk alt til å henge saman.

Ein dag utpå hausten sa ei god venninne overraskande til meg: «Eg veit om ein du kan bli kjærast med!» Så nemnde ho namnet til ein fyr som budde i nærleiken, men som eg aldri hadde møtt.

Dette heilt vanlege bibelske herrenamnet slo ned i meg som eit lyn.

Etter den første kjensla av fortumling, tok namnet bustad i meg. Der inne tok det til å glitre og funkle uavbrote.

Det vi nøler med å seie

Eg googla denne mannen, studerte ansiktet hans og bestemte meg for at det var eit godt ansikt. Innimellom dvelte eg over dei få bilda av han som fanst på nettet.

Noko meir gjorde eg ikkje med den saka nett då. Kanskje mangla eg motet, eller mest sannsynleg: energien.

Likevel: Eg trur den draumen redda meg.

Det er ein rar ting med slike draumar. Vi har ein tendens til å halde dei hemmeleg, nett som det heftar noko skamfullt ved dei. Det er rart at det er så flautt å leite etter kjærleik.

For ikkje å nemne begjæret: korleis det plutseleg kan vakne til live og overraske oss fullstendig med at det framleis finst, sjølv om vi har blitt middelaldrande, eller kanskje eldre.

Difor er eg så takksam for desse linjene frå diktet «Oppdrag» av Ezra Pound:

Gå, mine sanger, til de ensomme og utilfredse,
og gå til de forpinte, gå til ofrene
for hva-som-passer-seg (...)

Gå til dem som i skyhet føler attrå,
og hvis skjøre lengsler det blir trampet på.

Ikkje alle toler draumane våre

Difor er eg også utruleg takksam for filmtrilogien til Dag Johan Haugerud: «Sex, Drømmer, Kjærlighet». I dei møter vi mellom anna ein gift feiar som har sex med ein mann for første gong når han er på oppdrag, og ei ung jente som blir forelska i lærarinna si.

Desse filmane tek begjæret på alvor og dveler ved den krafta det har i livet vårt. Det viser oss noko vi enno ikkje er, men som vi kan bli, eit liv vi enno ikkje har, men som vi kan få.

Slik ristar det i oss og får oss til å tenkje over kven vi er i verda, og kven vi vil vere.

«Istedenfor å påpeke at drømmen ikke tåler møtet med virkeligheten, kan vi tenke oss at virkeligheten ikke tåler møtet med våre lengsler. Virkeligheten burde forandres», skriv forskarane Christian Refsum og Eivind Røssaak i ein klok kommentar om Haugeruds filmar i Morgenbladet.

Nett som hovudpersonane til Haugerud, drøymde også eg veldig mykje i åra etter skilsmissa. Eg leitte intenst etter kjærleiken på mange forskjellige måtar, både i bygda der eg bur, på nettet og gjennom tilfeldige møte i kvardagen.

Samstundes lærte eg at det langt ifrå var trygt å snakke om dette med kven som helst.

Presset til å vere gladsingel

Erfaringane med dating, lengt, avslag og dei gjentekne små kjærleikssorgene som følgjer av dette, er så lette å avfeie eller bagatellisere. Psykolog og forfattar Sissel Gran har snakka om presset til å vere såkalla gladsingel.

Det finst definitivt. «Du treng ikkje ein mann», sa enkelte til meg, eller: «Kvifor ikkje berre lene seg tilbake? Kjærleiken kjem når du minst ventar det!»

Slike kommentarar, særleg når dei kom frå folk som sjølve var i parforhold, var vanskelege å ta imot. Då kjente eg meg ofte som eit svakt og usjølvstendig menneske som ikkje torde å stå på sine eigne to bein, eller alternativt: som ei middelaldrande kvinne med tøysete draumar som var upassande for hennar alder og livssituasjon.

Eg ber deg: Ikkje sei til single damer at dei ikkje treng ein mann.

Å lengte og leite er ein god ting. Eg er heilt sikker på det no.

Difor heiar eg på deg som er modig nok til å gi rom for desse kjenslene. Som ikkje ser på lengten som ein mangel, men heller eit kompass i livet.

Difor har eg også skrive ei bok om kjærleikslengt, om menn som nesten elska meg, om sju års lengt etter kjærleiken. Eg vil at vi skal kunne snakke betre saman om slike erfaringar, utan skam.

Herren frå draumane mine

Men kva skjedde eigentleg med meg og mannen med det heilt vanlege bibelske namnet, lurer du kanskje på?

Ingenting!

Likevel: Eg er så takksam for draumen om han. Mest av alt, for kjensla som vakna i meg då: av å vere nokon som kunne ønske noko fint for meg sjølv, og sidan, få det.

Ei som kunne ta plass i verda på nye måtar.

Publisert 18.05.2025, kl. 22.08

Read Entire Article