Film av Bodø-regissør vann pris i England

3 hours ago 4



Fredag vann den animerte kortfilmen «Hjemmekontor» pris på den BAFTA-kvalifiserande filmfestivalen British Urban Film Festival i London.

Filmen vann pris i kategorien beste animasjon.

Endre Lund Eriksen frå Bodø er regissør, manusforfattar og produsent.

Filmen er produsert i Tromsø av Fabelfjord og har handling frå Myrengblokkene, og Daniel Damm er med-regissør.

– Det er ei stor ære at filmen vår har blitt tildelt prisen for beste animasjon. Dessverre kan eg ikkje vere saman med dykk å motta prisen, men det varmar mitt hjarte å høyre at filmen har vunne, sa Eriksen i ein videotakketale.

Han er for tida aktuell med ein ny barnebok.

Read Entire Article