Festival kunne ikkje betale løn – no vil Lothepus kjøpe den

1 month ago 20



Lothepus har tilbydd seg å kjøpe selskapet som driv kriseråka festival i Hardanger.

 Geir Johnny Huneide / TV 2
VIL KJØPE: Leif Einar Lothe vil kjøpe selskapet Sabla Moro, som mellom anna driv Sus & Dus-festivalen i Odda. Foto: Geir Johnny Huneide / TV 2

Publisert 18.11.2024 11:08 Sist oppdatert nå

Tidlegare i november skreiv TV 2 at om lag 400 personar ikkje har fått løn etter å ha jobba på årets Sus & Dus-festival i Odda.

Festivalen blei arrangert i starten av august.

No vil TV-profil og odding Leif Einar Lothe, betre kjent som Lothepus, kjøpe selskapet som driv festivalen Sus & Dus-festivalen i Odda, ifølge ei pressemelding.

– Ønsker å sikre festivalens framtid

– Dette tilbodet har eg framsett for at alle som jobba for festivalen skal få løna si. Eg har sett frist til i dag om å signere på mitt konkrete tilbod, sier Lothe.

– Den tragiske situasjonen som selskapet har sett de tilsette i har eg ikkje noko ansvar for, men eg ønsker å sikre festivalens framtid for Odda sin del og for dei tilsette, legg han til.

Då TV 2 omtala saka tidlegare i november var det ingen som hadde fått utbetalt løn etter festivalen.

Profil og trekkplaster

– Vi beklagar på det sterkaste at det framleis ikkje er betalt ut løn til dei som arbeid under årets Sus & Dus-festival, sa dagleg leiar Pabben Botn i Sabla Moro til TV 2 då.

Lothe har tidlegare promotert festivalen, men har understrekt at rolla hans i festivalen har vore å vere ein profil og eit trekkplaster.

Read Entire Article