Fleire av oss gler seg til ferie med avslapping, familietid og kanskje ei reise eller to.
Når ein då er på reise so vil ein gjerne sjå og oppleve litt forskjellig.
Men ein enkelt tabbe kan ende opp med å koste deg dyrt.
Kan vere forsikringa ikkje gjeld
Ifølgje Finans Norge, som er hovudorganisasjonen for forsikringsselskap, er der nemleg ei rekke risikoaktivitetar som ei vanleg reiseforsikring ikkje dekker.
Årsaka er at ein med kunnskap og vilje deltek i aktivitetar som ein veit inneheld ein auka risiko.
Dette kan til dømes vere aktivitetar som fallskjermhopping, fridykking eller fjellklatring.
Skal ein kunne dekkast av ei forsikring i slike aktivitetar, so er ein nøydd å kjøpe ei utviding av forsikringa.
Men det er heller ikkje alle uhell som vert dekt av ei reiseforsikring.
– Dersom du oppfører deg som ein idiot i fylla, so vil ikkje forsikringa dekke det. Om du strør rundt deg med tinga dine og ikkje følgjer med, so vil det ikkje dekkast. Inviterer du med ein heilt ukjend person på rommet og vedkommande tek med seg alt du har, so er det ditt eige ansvar.
Det seier pressesjef i Tryg, Ole Irgens.
I fjor behandla norske forsikringsselskap over 421.000 skader knytt til reise.

Kan få rekning på fleire millionar
– Vi har hatt folk liggande på sjukehus til 100.000 kroner i døgnet som vert dekka av forsikringa. Eg veit om folk som har fått hjarteinfarkt i USA og som vert flydd heim til ein kostnad på fleire millionar kroner, seier Irgens.
– Når du då berre betaler eit par tusenlappar i året, so får du raskt tilbake det du har betalt for. Det at folk torer å reise utanfor landegrensene utan forsikring, er heilt utruleg.
Han får støtte frå sin kollega Sigmund Clementz i If Skadeforsikring. Han seier dei har opplevd akkurat det same.
– Vert du sjuk eller noko skjer, so må heimtransport av og til skje med ambulansefly. Då snakkar vi rekningar som går frå fleire hundretusen til mange millionar kroner.
– Det er noko dei færraste har råd til berre med feriepengane sine.

Både Irgens og Clementz trekk fram at det kan bli særleg dyrt å frakte heim sjuke personar utanfor Europa.
Dei oppmodar folk om å særleg passe på reiseforsikringa dersom du reiser utanfor EU- eller EØS-sonen.
Dei fleste gjer det rett
Tal frå Finans Norge syner at nordmenn flest er flinke når det gjeld å ha forsikringar, også når det gjeld ferie.
Totalt finst det fire millionar reiseforsikringar i Noreg. Men Finans Norge presiserer at det gjeld at nokre kjem med i statistikken to gonger. Kanskje har ein ei heilårsforsikring og i tillegg er forsikra gjennom kredittkortet sitt.
Men det gjeld ikkje alle.
– Nokon har dårleg råd og vil spare pengar. Men då er ikkje forsikring eit område å spare inn på. Det kan bli dyrt, seier Irgens.

Begge ekspertane kjem også med ei gladmelding dersom du skulle ha uflaks også innanfor landegrensene.
Reiseforsikring kan nemleg fungere som ei form for fritidsforsikring.
Dersom ein har ei heilårs reiseforsikring vil den ikkje berre slå inn dersom du reiser utanlands. Den fungere i det sekundet du går utanfor di eiga stovedør.
Dersom du til dømes opplev at nokon stel telefonen din på bussen, so vil reiseforsikringa di, etter alt sannsyn, dekke det.
– Det dekker ei rekke hendingar berre du beveger deg utanfor huset. Men sjekk alltid vilkåra for å sjå kva som kan bli dekt og ikkje, seier Clementz i If.
– For seint å bestille på flyplassen
Men kva om du kjem på at du har gløymt forsikringa når du står klar ved gaten til flyet? Då må det vel vere mogleg å ordne det?
– Skal du ha forsikring for sjølve feriereisa di, so er det for seint å bestille den på flyplassen, seier Irgens.
Ekspertane sine reisetips:
– Skaff deg heilårsforsikring. Den ruller og går, og du er garantert å ha ei forsikring i orden om du reiser.
– Ei reiseforsikring dekker ikkje alt ein kan bli utsett for. Sjekk vilkåra i din avtale grundig før du reiser.
– Skal du få att pengar om du vert nøydd å avbestille, so pass på at du har forsikringa i orden før du bestiller reisa.
– Skal du vere ute av landet lenger enn heilårs forsikringa dekker (vanleg med 45, 60 eller 90 dagar), bør du kontakte forsikringsselskapet ditt for å kjøpe ei utviding av forsikringa eller ei eiga forsikring for langvarig opphald.
– Bagasje som kjem for seint fram ved utreise er dekka – men om bagasjen kjem for seint heim att so har du ikkje krav på noko.
– Skulle bagasjen kome for seint fram til feriedestinasjonen, ta kjapt kontakt med flyselskapet og ta vare på kvitteringar for naudsynte innkjøp. Ofte får ein dekka opp til 5000 kroner for ting ein er nøydd å ha, som kle, tannbørste, barbermaskin, osv.
– Oppbevar pass, pengar og mobil so sikkert som mogleg. Ikkje la det ligge framme og ikkje oppbevar alt på same stad.
– Dersom du har fullpakka bil og skal til dømes ein tur i fornøyelsespark før du sjekkar inn på hotellet, so vil det ikkje bli dekka om det vert innbrot i bilen. Få bagasjen på hotellet og ikkje ha verdisaker liggande synleg i bilen.
– Ha viktige telefonnummer lett tilgjengeleg. Til dømes nummeret til forsikringsselskapet ditt eller nødnummer i landet du besøker.
– Når du først er på ferie – senk skuldrene, slapp av og hent inn krefter.
Forsikringa vil heller ikkje kunne fungere som ei angre-forsikring, seier Clementz.
– Det er nokon som trur at det kan fungere som ei generell avbestillingsforsikring. Dersom du avbestiller fordi staden er for varm eller kald, det regnar for mykje eller at du har ombestemt deg for reisa, so er ikkje det gyldig. Den dekker heller ikkje frykt for å reise ein stad. Det er ikkje opp til deg sjølv på å avgjere kva du meiner den bør dekke og ikkje, seier Clementz.

Åtvarar ungdom
Mange ungdommar er vande med å vere dekka av foreldra sine forsikringar, men ifølgje eksperten so har ikkje det so mykje å seie når du står klar til avreise på gutetur til Ibiza.
Ungdom fell nemleg ut frå foreldra si forsikring når dei fyller 21 år. Men dersom ein til dømes er under 21 år, so fell ein likevel ut av foreldra si forsikring dersom ein har meldt flytting og har fått si eiga adresse.
– Er du myndig og har flytta ut, so må du ha di eiga forsikring, seier Irgens.
Han får støtte frå sin kollega i If Skadeforsikring.
– For ungdom og unge vaksne som skal ut og reise so er det ekstra viktig å ha reiseforsikring og ikkje minst å sette seg inn i forsikringa. Det er nok mange ungdommar som vel å droppe forsikring når dei skal på sin første ferie aleine, seier Clementz.