Fem år sidan Noreg stengde ned: Helsetoppar meiner tiltak for barn og unge varte for lenge

1 month ago 23



Teiknspråktolk Martha Tilrum var student og hadde akkurat starta i praksis i Bodø da landet stengde ned 12. mars 2020.

– Vi trudde ikkje koronaen skulle ramme oss. Men på nokre minutt mista eg og ein medstudent flybillettar heim. Vi spurte universitetet, som heller ikkje visste kva dei skulle gjere. Alt var kaotisk.

– Det gav ein dommedagskjensle. Og den kjensla varte ganske lenge.

Det fortalde Tilrum, som er frå Harstad, søndag i Helgemorgon.

Den same datoen blei starten på eit digitalt skoleliv for mange. Deriblant for Oda Oline Omdal frå Kristiansand.

Oda Oline Omdal

Oda Oline Omdal gjekk på vidaregåande skole under koronaen.

Foto: Privat

– Eg følte den digitale undervisninga aldri slutta heilt. Det var ei stund kor det var fysisk oppmøte. Men vi gjekk heile tida rundt og var redde for at det skulle bli digitalt igjen.

– Det er nok ein del ting eg skulle ha lært, som eg rett og slett ikkje fekk med meg. Eg trur også vi gjekk glipp av mykje sosialt, seier ho.

Isak Brox Krane frå Tromsø var barneskoleelev.

– Eg trur vi som gjekk på barneskolen blei påverka meir sosialt enn utdanningsmessig. Det var rart at alt skifta frå det fysiske til det digitale, seier han.

Isak Brox Krane (16)

Isak Brox Krane gjekk på barneskolen da koronatiltaka blei innført. Arkivfoto

Foto: Ingvild Vik

Høie: Ville gjort fleire ting annleis

Denne veka er det fem år sidan regjeringa innførte restriksjonar som dåverande statsminister Erna Solberg (H) kalla dei mest inngripande tiltaka i fredstid.

Smittetala hadde då auka raskt.

Likevel kom beskjeden frå regjeringa som ei overrasking for mange:

Skolane blei stengt.

Fleire verksemder måtte halde dørene lukka.

Berre dei i samfunnskritiske jobbar kunne gå på jobb som vanleg då ingenting lenger var normalt.

Andre blei bedt om å bli på heimekontor.

For nokre var permittering einaste løysning.

Fleire av tiltaka varte i nærare tre år.

Fem år etter nedstenginga seier dåverande helseminister Bent Høie (H) at det er fleire ting han ville gjort annleis.

– Vi hadde for mange tiltak over tid retta mot barn og unge. Dei kunne vore unngått.

– Men det var vanskeleg. Regjeringa måtte ta mange omsyn for å ha tillit frå befolkninga, seier Høie.

Solberg orienterer om koronaviruset

Bildet av dåverande helseminister som avbraut handhelsinga mellom dåverande FHI-direktør og statsminister, gjekk viralt.

Foto: Lise Åserud / Lise Åserud / NTB

FHI ville opne skolar tidlegare

Camilla Stoltenberg har tidlegare sagt at nedstengingane ikkje hadde trengt å vere så kraftige, om Folkehelseinstituttet (FHI) hadde fått forska på ulike tiltak undervegs i pandemien.

– Vi var ueinige med regjeringa om kor lenge vi trengde å vere strenge på tiltak i skolen.

Camilla Stoltenberg

Camilla Stoltenberg er i dag konserndirektør i forskingsinstituttet Norce. Under koronaen var ho direktør for Folkehelseinstituttet.

Foto: NRK

Stoltenberg seier at FHI ville opne skolar og barnehagar mykje tidlegare enn dei blei.

Årsaka var at dei så at viruset ikkje ramma barn og unge like hardt som eldre.

– Vi ivra for lettar for skole og barnehagar mykje tidlegare. Vi ivra også for å skalere tiltaka geografisk etter kor smitta var.

Nakstad: Meiner fleire tiltak var unødvendige

Espen Rostrup Nakstad, tidlegare assisterande helsedirektør, meiner også at det blei for mange nasjonale tiltak. Og då ikkje berre overfor dei unge.

Han seier at dei fleste som blei innlagt på sjukehus, hald til på det sentrale Austlandet.

– I ettertid kan vi tenke at alle tiltaka ikkje var like nødvendig utanfor Oslo-området. Kanskje må vi neste gong bli flinkare til å differensiere og rette innsatsen der den trengst, seier han.

Nakstad blei for mange eit trygt ansikt på dei mange pressekonferansane til helsemyndigheitene.

Assisterende helsedirektør Espen Rostrup Nakstad. Ser smått bekymret/likegyldig/sliten ut. Ser fremover, til høyre ut av bildet. Har på seg mørk dress.

Espen Rostrup Nakstad jobbar no som leiar for CBRNE-senteret på Universitetet i Oslo. Arkivfoto

Foto: Berit Roald / Berit Roald / NTB

– Vi bad folk om å vere heime når dei var sjuke. I ettertid kan vi seie at det sto for over 90 prosent av effekten for å ikkje bli treft av smittebølger. Veldig mange av dei andre tiltaka var derfor ikkje så nødvendige.

No meiner han at nokre tiltak var unødvendige.

– Vi diskuterte smitteverntiltaka utandørs mykje. Dei viste seg å ikkje vere så viktige, seier han.

Har ikkje fasiten føre neste pandemi

Sjølv om helsemyndigheitene lærte mykje av koronapandemien, seier Nakstad at det er grense for kor førebudd dei er på ein ny pandemi.

– Neste pandemi vil vere eit heilt anna virus. Det kan ramme andre aldersgrupper og starte ein heilt annan stad i verda. Politiske avgjerd i starten har også betydning.

Nakstad seier dei ikkje sitt på nokon fasit etter koronaen.

– Men vi må jobbe før krisene for å tilpasse tiltak som funkar i skolen og andre stader.

Martha Tilrum på Helgemorgen 09. mars. Sammen med Camilla Stoltenberg og Espen Nakstad

Martha Tilrum her i studio til Helgemorgon.

Foto: Ismail Burak Akkan / NRK

Martha Tilrum måtte gå eit år om igjen på studiane på grunn av koronatiltak.

Ho håpar derfor at tiltak ved ein eventuell ny pandemi ikkje vil ramme barn og unge like hardt.

– Det blei enormt tøft, og det pregar meg framleis, seier ho.

Korleis var det å vere ung under pandemien? 21 år gamle Oda fekk vidaregåande øydelagt og trur pandemien vil prege henne resten av livet.

Publisert 10.03.2025, kl. 07.34 Oppdatert 10.03.2025, kl. 07.38

Read Entire Article