Felte tre over veg i 80-sona: – Vi ville sjå reaksjonane

1 month ago 16



Fire menn erkjenner straffskuld etter skøyarstrekar som kunne fått alvorlege konsekvensar.

 Politiet
KRASJA: To bilar køyrde inn i eit tre som var felt over riksveg 5 ved Knapstad mellom Førde og Eikefjord 23. mars. Foto: Politiet

Publisert 21.11.2024 16:37

– I ettertid tenker eg at det ikkje var så lurt. Der og då var det ikkje så mykje konsekvenstenking.

Det seier ein av dei fire mennene som står tiltalt for grovt skadeverk og brot på vegtrafikklova, då han forklarte seg i retten torsdag. 

 Politiet
IKKJE PLANLAGT: Tiltalte forklarte at det ikkje var planlagt, men var ein idé som oppstod medan dei var på køyretur. Foto: Politiet

Erkjenner forholda

Torsdag starta rettssaka i Sogn og Fjordane tingrett, mot fire menn i 20-åra som tidlegare i år felte til saman fem tre over vegar i Kinn kommune. 

Den første trefellinga skjedde i januar, der alle fire sikta skal ha delteke.

Dei fire tiltalte har erkjent dei faktiske forholda for politiet.

Ein av dei tiltalte forklarte i retten at dei var ute og køyrde bil. Med i bilen hadde dei ei motorsag, som dei bestemte seg for å teste. 

Først kappa tiltalte av ein stolpe på eit autovern, for å sjekke at den fungerte. Han hadde aldri brukt ei motorsag før.  

Deretter gjekk dei vidare til å felle eit tre. Vegen blei raskt rydda og ingen blei skadd. 

Kunne gått gale

23. mars skal tre av dei ha køyrd ut igjen. Motorsaga låg framleis i bagasjerommet.

– Vi ville sjå reaksjonane til bilistane som møtte på hindringane. Vi tenkte ikkje over at det var eit faremoment at bilane kunne krasje, forklarte ein av dei tiltalte i retten torsdag.

 Politiet
VILLE IRRITERE: Dei tiltalte forklarte i retten at dei berre ville sjå reaksjonane til folk ved å felle tre. Dei seier dei ikkje tenkte over konsekvensane. Foto: Politiet

Men på riksveg 5 ved Knapstad i Eikefjord, skjedde nettopp det. 

To bilar køyrde rett inn i det felte treet. Ein tredje bil klarte å køyre unna, og hamna i grøfta. 

– Vi såg ein bil komme nærmare og nærmare. Vi såg det kom bremselys på, og så at bremselysa forsvann. Så køyrde bilen rett inn i treet, forklarar tiltalte. 

Fartsgrensa på staden er 80 km/t.

Det var til saman elleve personar involvert. Ingen blei alvorleg skadd, men fleire trengde tilsyn av lege. 

– Fekk panikk

Tiltalte forklarte at dei hadde stilt seg opp vel hundre meter unna det felte treet, for å få med seg reaksjonane på bilistane. 

Då dei såg at det gjekk gale, sprang dei tilbake til bilen og køyrde frå staden. 

– Vi fekk panikk. Vi var i sjokk. Vi visste ikkje korleis vi skulle reagere eller kva vi skulle gjere. Vi var redde for at nokon hadde skada seg.

– Gjorde de noko med det? 

– Nei, det gjorde vi ikkje. 

– Kvifor ikkje? 

– Vi var redde. 

 Politiet
MATERIELLE SKADAR: Ingen blei alvorleg skadd i ulukka. Foto: Politiet

– Ubegripeleg

Allan Roy Hallstensen eigde ein av bilane, som sonen hans køyrde. Då TV 2 snakka med han i mars, sa han at han opplevde hendinga som alvorleg og ubegripeleg. 

– Det sat tre ungdommar i bilen som nettopp har byrja på livet. I verste fall kunne det ha enda der, sa Hallstensen til TV 2 då.

I retten forklarte den tiltalte at han er glad det ikkje gjekk verre. 

– Vi angrar veldig på det vi har gjort. Eg står ved det og vil ordne opp for meg. 

Juridisk spørsmål

Det er sett av to dagar til rettssaka. Då er det opp til retten å bedømme straffeutmåling, spørsmål om førarkort og grad av erstatning. 

Til Firda seier politiadvokat Erling Melvær at saka ikkje eignar seg som tilståingsdom. Det er fordi saka er spesiell og har avgrensa samanlikningsgrunnlag. 

I tillegg er det eit juridisk spørsmål om vegtrafikklova kjem til bruk, ettersom trefellinga fann stad utanfor vegen. 

Read Entire Article