Fekk skrekkskade aleine i skogen: – Kan skje kven som helst

6 hours ago 5



– Eg såg berre eit søkk i kneet der kneskåla skulle vore.

På sengepost 1 på Ullevål sjukehus i Oslo ligg Oskar Størmer på 13. døgnet og ventar på operasjon for at kneet skal bli lappa saman. 29-åringen har hatt nokre strevsame døgn med infeksjonar og høg feber.

Gong på gong er operasjonen utsett.

en person i hvit skjorte på sykehussengen.

VENTETID: Størmer på sjukehuset.

Foto: Ksenia Novikova / NRK

Kneskåla blei til eit krater

Størmer driv med løping i fjellet og var tatt ut til EM i skyrunning som pågår no. Nyleg la han ut på ein langtur i roleg tempo i Oslo-marka.

I ein nedoverbakke sklei han og snubla.

Og så landa eg dårleg på kneet, det merka eg med ein gong. Eg høyrde det smalt, det bråka skikkeleg. Og så var det vondt. Og så såg eg kor forferdeleg det såg ut, for da var plutseleg kneskåla mi erstatta av eit slags krater.

Hugsar du kva som gjekk gjennom hovudet ditt akkurat der og da?

Au, farleg, farleg, dette blir lang tid ute. Shit.

Det hadde Størmer heilt rett i.

Etter ein time på stien i Østmarka blei han henta ut og køyrd til sjukehuset. Kneskåla var delt i to. Den eine delen var igjen stykka opp i fem bitar.

– Kan skje kven som helst

Tim Bennet er president i Kondis. Han meiner kven som helst kan skade seg i terrenget. Og at Størmer har vore ekstra uheldig.

– Sjansen for å skade seg er der jo alltid. Uansett kor godt trent du er. Dette kan skje kven som helst.

Mann med løpeklær smiler og ser opp mot kamera

Tim Bennet er president i Kondis – norsk organisasjon for kondisjonsidrett.

Foto: Privat / NRK

Det er ein løpebølge i Noreg. Kondis har ei god oversikt over mosjonsløpa som blir arrangert i landet. Dei opplever at nesten alle løp blir utselde, uansett distanse – terrengløp, stafettar, korte distansar, maraton og ultraløp.

Bennet sitt tips for å unngå skader er å ikkje starte i det verste terrenget.

– Ein kan alltid jobbe med førebyggande styrke, men eg trur det aller beste er å trene på kor ein skal sette føtene.

  • ein kvinne som løper på ein gressbane

    Privat

    Sylvia Nordskar, fjelløpar

    – Løping er ekstremt belastande for beina. Er ein nybegynnar kan det vere lurt å ikkje auke treninga med meir enn 10 prosent i veka. Og som eliteutøvar må ein balansere kva kroppen har evne til å ta opp av trening.

    – Styrketrening er også viktig! Det prøvar eg å halde trutt med gjennom året, for å vere sterk nok til å tole dei harde slaga i terrenget. Det er nedover det er mest heftig!

  • ein person som sit på ein raud sofa

    Foto

    Nils-Ingar Aadne, komikar og treningsprofil

    Nils-Ingar Aadne er kanskje Noregs sprekaste komikar. Han har sprunge fleire løp og delteke i fleire skirenn.

    – Eg er altfor forsiktig nedover, som betyr at eg tapar masse tid nedover i terrenget under løp. Fordelen er at eg ikkje knusar kneet.

  • Mann med løpeklær smiler og ser opp mot kamera

    Privat / NRK

    Tim Bennet

    – Ein kan jo alltid jobbe med førebyggande styrke, men eg trur det aller beste er å trene i det terrenget ein skal springe i. Øve på kor ein skal setje ned foten.

    – Skal du bli god på sti, må ein faktisk øve på sti.

Kneskåla blir pusla saman

To dagar etter operasjonen fortel Oskar Størmer om sterke smerter etter at han vakna opp frå narkosen.

Han seier legane ser på operasjonen som ein suksess, og at alt gjekk som planlagt. Alle bitane i kneskåla blei skrudde saman.

Sammenligning av to bilder

Før

CT av kneet til Oskar Størmer som viser at kneskåla er delt i to, den ene delen er i knust i flere biter

Etter

Røntgenbilde av kne som viser skruer mm.

FØR OG NÅ: Slik ble kneet lappet sammen.

Nå startar den lange vegen mot å kunne springe i fjellet og konkurrere igjen.

– Om eg kan konkurrere neste vår, da er eg fornøgd, seier Størmer.

– Høyrest ikkje så gøy ut

Størmer var opphavleg orienteringsløpar, men nå har han funne ein ny idrett og ein ny lidenskap. Han har bytt ut skog, kart og kompass med fjell og mange fleire kilometer. Skyrunning er ei form for langløp i fjellet der distansen er 20–30 kilometer, og med rundt 2000 høgdemeter.

– Det å springe 2000 høgdemeter oppover samanhengande ... Det høyrest ikkje så gøy ut. Eg er einig i det, og det er ikkje så gøy heller, vedgår Størmer.

Ein spring også alle nedoverbakkane, som eg verkeleg synest er kjempekult. Springe fort og trakke rett frå stein til stein, og det blir litt ekstremsport over det.

Mann løper i fjellet

I juni sprang Størmer fjelløpet Calamorro Sky Race i Spania.

Foto: Antton Guaresti / Antton Guaresti

29-åringen kan ikkje komme fort nok tilbake, og allereie dagen etter operasjonen, er han i gang med opptreninga.

Mens han støttar seg til ein såkalla preikestol bevegar fjelløparen seg langsamt gjennom korridoren på Ullevål sjukehus.

Første steg mot eit nytt fjelløp er unnagjord. Og han er glad for dommen til eksperten om at draumen er innan rekkevidd.

Det er godt å høyre at han er einig seier Størmer. Målet mitt er å bli så bra som mogleg.

Lagkameratens påfunn: – Tenkt at jeg hadde blitt gal 00:48

Publisert 06.07.2025, kl. 13.13

Read Entire Article