Eit ryddelag frå In the Same Boat har sidan 2017 fjerna over 1.800 tonn plast frå norskekysten.
No sluttar sjømatnæringa seg til arbeidet, etter at ei kartlegging viser at rundt 80 prosent av avfallet kjem frå industrielt havfiske, skriv avisa iSandnessjøen.
Nyleg samla mannskapet på ein av ryddarbåtane 337 kilo søppel på ei øy ved Helgeland. Over 150 frivillige frå fleire land deltek årleg, og interessa aukar kraftig.
– Om vi stoppar dette arbeidet, ser kystten like ille ut om fem til ti år, seier leiar Rolf-Ørjan Høgset.
Gjennom den nye ordninga Plastic Free Seafood får fiskeri og oppdrett hjelp til å halde områda reine, medan kystfiskarar får gratis henting av avfall dei tek opp frå havet.











English (US)