Får kritikk: – Resten av verda er mykje verre

2 hours ago 2



Sveriges kong Carl XVI Gustaf uttalte seg om klimaforhandlingane rett før FNs klimakonferanse.

FOR POLITISK?: Kritikarane meiner kongen ikkje burde uttale seg om politikk. Foto: Paul Sancya
FOR POLITISK?: Kritikarane meiner kongen ikkje burde uttale seg om politikk. Foto: Paul Sancya

Publisert 08.11.2025 13:21 Sist oppdatert 36 minutter siden

På måndag startar FNs klimakonferanse COP30, og det svenske kongeparet har allereie tatt turen innom Belèm.

Under konferansen er målet å bli einige om måtar å løyse klimaendringane på. Men eit utspel frå kongen har vekt oppsikt i heimlandet.

I eit intervju med Sveriges Radio sa han nemleg at det ikkje «går at alle land skal skrive under på same papir, og at Europa gjer allereie mykje for å redusere utsleppa sine». 

Han la òg til at Europa berre står bak seks prosent av dei totale klimautsleppa, og at «resten av verda er mykje verre». 

Svenske medium omtalte saka fyrst, bland dei Aftonbladet og Dagens Nyheter.

– Han burde ikkje blande seg

Ei av dei som reagerer er klima- og miljøminister Romina Pourmokhtari. Ho støttar ikkje kongen i saka.

– Det går an å bli einige om eit papir alle landa kan skrive under på, så lenge det er ein FN-avtale i den forma det er på klimamøta, det vil seie ikkje juridisk bindande, seier ho til Dagens Nyheter Sverige.

 LUDOVIC MARIN / AFP / NTB
TOPPMØTE: COP30 er viktig for å setje klima på dagsorden, og for å foreine landa i kampen mot klimanedringane. Her held Frankrikes Emanuel Macron ein tale. Foto: LUDOVIC MARIN / AFP / NTB

Katarina Eckerberg, professor emerita i Statsvitskap med Umeå universitet seier til Sveriges Radio at kongen ikkje bør uttale seg om dette.

– At han seier Sverige meiner sakene er viktige er greitt, men å uttale seg hypotetisk om korleis forhandlingane kjem til å lande er ikkje noko han burde blande seg i, for det er politikk, utdjupar ho.

– Kongen stiller spørsmål

Dette er ikkje fyrste gong kongen har deltatt på klimatoppmøte. KOng Carl Gustaf var til stades på toppmøtet i Paris i 2015, og har vist klimaengasjement på andre måtar. 

 Arkiv
ENGASJERT: Dette er ikke fyrste gong det svenske kongehuset har utrykkt seg om klima. Foto: Arkiv

Han har blant anna snakka om miljøvern i juletalane sine, og deltatt på klimaseminar med norske CICERO senter for klimaforsking.

Hoffets informasjonssjef Margareta Thorgren uttalte seg til Expressen i dag om utspelet hans via mail.

– Kongen beskriv og stiller spørsmål om kompleksiteten og utfordringane rundt det å nå globale avtaler, skriv ho.

Ifølgje Aftonbladet er det ingen svenske ministrar som stiller på møtet i år.

Read Entire Article