Får butikken stengt inne bak gjerde i tre år: – Kjendest som me ikkje er verd ein drit

1 week ago 10



Torsdag i førre veke vart Anne og Kenneth Oen møtt av anleggsgjerde framfor butikken dei driv på Blomøyna nord i Øygarden, vest for Bergen.

Anleggsgjerda omkransa heile parkeringsplassen framfor butikken, og la seg tett opp til inngangen deira.

– Det kjendest som at me og det me har prøvd å få til her, ikkje var verd ein drit, seier Anne til NRK.

Det var BA som først omtalte saka.

Butikken sett frå andre sida av vegen. Gjerdet står foran butikken.

Innafor gjerdet skal entreprenørane ha riggplass og lagre utstyr.

Foto: Martin Værum Anda / NRK

Gjerdet er sett opp i samband med legging av ny jordkabel i Øygarden, eit arbeid Statnett reknar med å bruke fleire år på.

Sjølv om ekteparet signerte ein skriftleg avtale i fjor, meiner dei at gjerdet er sett opp i strid med munnlege lovnader frå Statnett.

Frå åtte månader til fire år

Statnett har fått rett til å ekspropriere eigedomar i samband med arbeidet med jordkabelen.

Ekteparet fekk skriftleg varsel om at parkeringsplassen utanfor butikken skulle brukast til riggplass i fjor vår.

Bekymra for korleis dette skulle påverke butikkdrifta, ringde dei den oppførte kontaktpersonen.

Paret seier dei då blei roa med at plassen berre skulle brukast dei siste seks til åtte månadane av prosjektet.

Kenneth Oen i forgrunnen, gjerdet i bakgrunnen.

Kenneth Oen reknar med at han var i tre lengre telefonsamtalar med kontaktpersonar for å høyre om korleis dette ville påverke butikkdrifta deira før han signerte skjønnsoppmodinga.

Foto: Martin Værum Anda / NRK

– Då tenkte me at dette skal me stå i, seier Kenneth Oen, som signerte i trua på at dette stemte.

Men i juni fekk dei beskjed om at gjerdet skulle opp allereie 21. august i år, og kunne bli ståande i tre til fire år.

Eit lite skilt i vegkanten viser at butikken er open. I bakgrunnen står gjerdet.

Anne Oen seier dei har vore avhengige av å vere godt synlege frå vegen. Helgeturistar frå Bergen som kjem innom på slump har vore viktige kundar for dei.

Foto: Martin Værum Anda / NRK

– Det blir ein knallhard kamp for å overleve, seier han.

– Det er ingen som kjem til å tru at det ligg ein interiørbutikk bak desse gjerda, stemmer kona i.

No angrar Kenneth på at dei ikkje fekk alle lovnadane skriftleg.

– Det er den store feilen eg har gjort, å stole på ein statleg bedrift, seier han.

Får ikkje kontakt

Anne seier ho er skuffa over kommunikasjonen med Statnett.

– Me har forsøkt å kome i dialog med dei, men det har ikkje vore enkelt. Me har ikkje kjent oss høyrd i det heile tatt.

Deira erfaring er at det først var gjennom media at dei fekk kontakt med Statnett.

– Me vil kome i dialog. Men at me skal måtte gå gjennom media for å kome dit, det er ikkje greitt, seier Kenneth.

Kenneth Oen står ved inngangen til butikken, med gjerdet rett bak seg.

Kenneth Oen seier han ser verdien av ny jordkabel, men er sjokkert over måten Statnett har møtt dei på.

Foto: Martin Værum Anda / NRK

Invitert til møte

Statnett har fått ei oppsummering av ekteparet si oppleving av deira framferd i saka av NRK.

Dei har avslått å møte NRK til intervju om saka, men prosjektleiar Leif Espen Middelthon Kiær har svart skriftleg på spørsmål.

Dei opplyser at dei har avtalt eit møte med ekteparet fredag denne veka.

Kommunikasjon med grunneigarar går føre seg både munnleg og skriftleg, og det blir inngått skriftlege avtalar med råka grunneigarar. I dette tilfellet blei det inngått skriftleg avtale som omfattar bruken av plassen framfor butikken hausten 2023.

Eit vegskilt viser at kabelarbeid pågår og er forventa ferdig vinteren 2026-2027.

Ekteparet har fått munnleg beskjed om at området deira kan bli brukt til restlager etter at sjølve prosjektet er ferdig.

Foto: Martin Værum Anda / NRK

Håpar på løysing

Kvifor har ikkje dei munnlege forsikringane innehavarane har fått stått ved lag?

– Dersom vi har vore utydelege i vår kommunikasjon så er det viktig for oss at vi får oppklart dette i møtet på fredag.

Paret seier dei er skuffa over at dei må involvere media for å få gehør for sine bekymringar. Har de ein kommentar til det?

Vår byggeleiar har tidlegare foreslått ei alternativ løysing der ei mindre del av området framfor butikken blir tatt i bruk og tilgangen vart enklare, men denne løysinga ønsket ikkje innehavarane. Me har no avtalt eit møte på fredag, og håpar at me kan finne fram til ei løysing.

Publisert 03.09.2024, kl. 23.06

Read Entire Article