Inger Angelika Nicolaysen tar på seg kvite hanskar og opnar boka varsamt. I motsetning til første gong ho tok i boka, veit ho kva som er inne i ho. Ein skatt.
Ho brettar ut barneteikninga, og viser henne fram.
Det ser ut som kva teikning som helst laga av ein 6-åring, men ho er ikkje teikna av kven som helst. Ho er signert Liv Nansen, dottera til polfarar, diplomat og fredsprisvinnar Fridtjof Nansen.
– Eg fekk gåsehud, seier Nicolaysen.
Inger Angelika Nicolaysen studerer bøker og gjenstandar før dei store Moe-markeringane.
Foto: Anders Haualand / NRKLåg «gøymt» i bok
Funnet var heilt tilfeldig. Det er 200 år sidan Asbjørnsen og Moe møtte kvarandre på Norderhov prestegard, der Ringerikes museum ligg i dag.
Museumspedagog Inger Angelika Nicolaysen gjekk gjennom boksamlinga til Jørgen Moe i førebuingane til årets markering.
– Eg bladde gjennom boka, og så låg det ei teikning bretta saman mellom to sider, fortel ho.
Teikninga er etter alle solemerke ekte, og viser kanskje familien Nansen.
– Dette kan vere Fridtjof, sjølv om vi ikkje kan vere sikre på det. Men det er ikkje heilt usannsynleg at den seks år gamle jenta har teikna familien sin.
Eit kvardagsbilde frå 1899?
Foto: Anders Haualand / NRKRopte etter sjefen
Då Nicolaysen skjønte kva ho sat med, kjente ho det i heile kroppen.
– Eg sat åleine, og sjefen min var ute i gangen, så eg begynte berre å rope på henne. For eg skjønte at vi hadde funne noko heilt, heilt utruleg.
Ifølge signeringa på baksida er teikninga frå 1899.
Nicolaysen beskriv funnet som noko ein eigentleg berre drøymer om.
– For meg er det det største som har skjedd, det er det morosamaste eg har opplevd.
Slik låg teikninga da Inger Angelika Nicolaysen fann henne.
Foto: Anders Haualand / NRKLevd liv
Men kvifor er ei over 100 år gammal barneteikning så viktig? Og kvifor kan det kallast ein kulturskatt?
– Det er eit handfast bevis på eit levd liv, frå ei seks år gammal jente på slutten av 1800-talet. Det er sånt som gjerne går tapt, fordi det ikkje blir rekna som verdifullt. Men det er jo det, fordi det viser kven denne jenta var, på ein heilt annan måte enn i ein biografi.
Og koplinga mellom Moe og Nansen er ikkje så tilfeldig.
– Fridtjof Nansen og Molke Moe, sonen til Jørgen Moe, var tilnærma bestevenner, seier Nicolaysen.
Museet har gått gjennom bøker Jørgen Moe etterlét seg.
Foto: Anders Haualand / NRK200-årsjubileet blir feira grundig gjennom året, skriv Ringerikes Blad. I meir enn to år har alt i Moe-samlinga blitt registrert, og det skal stillast ut. Det vil også vere foredrag og vandringar i Ringerike.
No skal museet finne ut korleis dei best mogleg kan verne og vise fram teikninga til publikum.
– Fram til det er den beste staden for ho inne i boka, der ho har blitt bevart såpass lenge.
Publisert 18.02.2026, kl. 06.23











English (US)