Evakuerer russisk oljeraffineri etter droneangrep

1 day ago 2



Igjen har oljeraffineriet i den russiske byen Tuapse blitt angripe av ukrainske dronar.

Lokale styresmakter bekrefter hendinga til nyhetsbyrået Reuters.

Evakueringa av raffineriet held på tysdag formiddag, ifølge guvernør Venjamin Kondratjev.

I dei russiske statsstyrte media blir det opplyst om at det er ein brann, men ikkje kor stor han er eller kor store skadeverknader som er blitt påført oljeraffineriet og utskipingshamna.

Fleire angrep

Oljeraffineriet i Tuapse har fleire gonger dei siste vekene vore råka av angrep.

Angrepa har ifølge russiske styresmakter tidlegare forårsaka oljeutslepp til sjøs og ein brann det tok fleire dagar å sløkke.

Oljeraffineriet og havnen i Tuapse.

Dette satellittbildet er tatt 17. april 2026.

Foto: Reuters

Ifølge kjelder Reuters har prata med, måtte raffineriet stanse drifta 16. april etter eit droneangrep.

Ei viktig hamn

Tuapse er ei viktig utskipingshamn for russiske oljeprodukt.

Det er ein av dei største oljeterminalane ved Svartehavet og eit knutepunkt for leveransar av råolje til stader utanfor.

Raffineriet har ein produksjonskapasitet på rundt 240.000 fat per dag.

Belgorod

Tysdag blir det også meldt om et droneangrep i Belgorod ved grensa til Ukraina. Tre personar skal vere drepne og tre såra, ifølge Belgorod-guvernør Vjatsjeslav Gladkov.

Ukraina har trappa opp angrepa mot Russland sidan mars.

Publisert 28.04.2026, kl. 09.39 Oppdatert 28.04.2026, kl. 09.47

Read Entire Article