Eva går glipp av 25.000 kroner i året med få meter

4 hours ago 2



Og det med knappast mogleg margin.

– Ja, den nyheita har eg fått med meg. Det er eit kjempeforslag, men det er veldig irriterande, seier Eva Haugen (33).

Med skikkeleg trykk på «veldig».

TV 2 har leita etter ei som henne på noregskartet. Til slutt trefte vi blink:

Ein ung person busett på ein stad mange vil rekne som ein utkant. Eller i alle fall «i distriktet». 

Men som akkurat fell utafor regjeringa sitt nye forslag om sletting av studiegjeld.

Bommar på vesle Hornindal

Onsdag blei det klart at regjeringa vil bruke 1,3 milliardar kroner på å slette studiegjelda til folk som vel å busetje seg usentralt.

Frå januar 2026 vil dei kutte 25.000 kroner av gjelda, årleg, til tidlegare studentar som no bur i distriktskommunar.

– Vi ønskjer å gi ei handsrekning til unge vaksne, seier statsminister Jonas Gahr Støre (Ap).

 Arne Rovick  / TV 2
LIV PÅ LANDET: Statsminister Jonas Gahr Støre (Ap) og finansminister Trygve Slagsvold Vedum (Sp) lanserte gavepakken til distriktet onsdag denne veka. Foto: Arne Rovick / TV 2

Av ein eller anna grunn rekker ikkje den handa fram til Hornindal i Nordfjord, der dei faktisk er gode på å strekke hendene i været.

Klemt mellom to kommunar

Og der bur altså den unge kvinna vi fann på kartet. Og slike kvinner som Eva, er jo det Senterpartiet vil ha.

For to år sidan bestemte ho seg for å flytte heim igjen til den vesle bygda der ho vaks opp.

Før det budde ho elleve år på Lillehammer. 

I litt over fem av dei studerte ho. 33-åringen utdanna seg til sosionom, tok årsstudium, men opparbeida seg over 400.000 kroner i studiegjeld.

– Det har alltid vore draumen å flytte heim, seier ho.

Derfor kjøpte Haugen barndomsheimen sin på Kjøs, som ligg rett nord for brua på E39 her:

Og no ser vi kva som er så irriterande for hennar del. 

For like ved, hjå naboane Stryn og Stad kommunar, der får dei sletta 25.000 kroner i året frå studiegjelda.

– Urettferdig

Faktisk er det berre ein knapp kilometer i luftlinje til kommunegrensene på andre sida av Hornindalsvatnet.

Ho må le litt. Flyttar ho den korte vegen dit, kunne ho fått fart på nedbetalinga av gjelda.

– Eg har spøka med at eg burde flytte til andre sida. Men då må eg forlate barndomsheimen og det vil eg ikkje, seier Haugen.

 Privat
MÅ LE: Det er irriterande, men Eva Haugen må også le litt av kor uheldig ho er som missar den nye studiegjeldordninga til regjeringa. Foto: Privat

Ho jobbar som helsefagarbeidar ved Hornindal Omsorgssenter, som ligg i det gamle kommunesentrumet på Grodås. Det ville hjelpt godt med statleg nedbetaling av studielånet kvart år.

– Så det kjennest urettferdig at det slår ut slik. I alle fall i ei bygd som Hornindal. Vi vil etablere oss her, seier ho om heimplassen som har knappe 1000 innbyggjarar.

Ønskjer skjønn

Ei forklaring kan vera kommunesamanslåinga for nokre år sidan.

Hornindal valde å slå seg saman med Volda i Møre og Romsdal, mellom anna etter at ny E39 vart sprengt fram i fjella under den gamle fylkesgrensa.

Det kan ha gitt utslag på det som blir kalla sentraliseringsindeksen, som rett og slett er eit reknestykke på kor sentral ein kommune er.

Typisk for Haugen sin del, får alle dei tidlegare kommunane i Sogn og Fjordane nyte godt av studiegjeld-forslaget. 

Til dømes byane Førde (rundt 13.000 innbyggarar), Florø (rundt 9000) og tettstaden Sogndal (rundt 6000).

– Eg lurer på om det er det at vi er ein del av Volda, som ligg nærare Ålesund, som gjer at vi ramlar utanfor her, seier Haugen.

Også det slår rart ut, sidan det tek henne eit lite kvarter å køyre til Stryn, medan det er 35 minutt til Volda.

– Eg vil absolutt oppfordre regjeringa til å bruke skjønn og ikkje kommunegrenser, seier Haugen.

Men der må regjeringa skuffe ho.

Jobboppdrag: Vasse i drit

TV 2 vart først vidaresendt til Kunnskapsdepartementet med spørsmåla vi hadde til finansminister Trygve Slagsvold Vedum (Sp).

Til slutt får vi svar av den politiske rådgjevaren hans.

– Vi har forståing for at slike ordningar ikkje alltid treffer hundre prosent perfekt, seier Erlend Kvittum Nytrøen (Sp).

Han viser til at «sentralitetsklassane 5 og 6», som altså Volda kommune ikkje hamnar i, er ein storleik som også vart brukt i forbindelse med halvert barnehagepris i distrikta i fjor.

– Definisjonen av ein distriktskommune er den same no som då. Denne type ordningar er lite eigna for skjønnsmessige vurderingar i kvar enkelt sak. Det vil både vera lite føreseieleg, byråkratiserande og du vil alltid måtte setje grensa ein stad, svarar Nytrøen.

Read Entire Article