Europas ess i ermet? I dag møter ho Trump

4 days ago 13



Giorgia Meloni besøker i dag Washington.

Ho stiller seg i rekka av verdsleiarar som gjer sitt beste for å halde seg inne med Trump.

Kanskje er Meloni i ei særstilling når ho møter USAs president: Trump har kalla henne for «a wonderful woman» og er stor tilhengar.

Donald Trump og Giorgia Meloni i Mar-A-Lago i januar 2025

Meloni besøkte Trumps eigedom Mar-A-Lago i Florida i januar.

Foto: FILIPPO ATTILI / AFP / NTB

Er ho EU sin beste sjanse til å unngå ein handelskrig med USA?

– Meloni gjer lurt i prøve. Trump tenker utanrikspolitikk i form av personlege relasjonar, seier USA-ekspert Hilmar Mjelde.

Til felles? Nasjonalisme

Ho har ved fleire høve uttrykt støtte til USAs president. Forholdet dei i mellom er gjensidig.

Under Trumps innsettingsseremoni var Meloni den einaste av dei europeiske leiarar til stades. Elon Musk, Trumps støttespelar, har også eit godt auge til henne.

Italy's Prime Minister Giorgia Meloni, second left, looks up as Ukraine's President Volodymyr Zelenskyy, right, arrives for a round table meeting at an EU Summit in Brussels, Thursday, March 6, 2025. (AP Photo/Geert Vanden Wijngaert)

6. mars heldt EU-kommisjonen eit ekstraordinært møte for å diskutere forsvar og krigen i Ukraina. Ukrainas president Volodymyr Zelenskyj var til stades.

Foto: Geert Vanden Wijngaert / AP / NTB

Meloni blei Italias første kvinnelege statsminister i 2022, men statsministerperioden har vore alt anna enn progressiv.

Partiet hennar Italias Brør (FDI) har røter tilbake til nyfascismen. I seinare tid har partiet, med Meloni i spissen tatt ei nasjonal-konservativ vending.

Dei gjorde eit brakval i 2022 og har framleis stor støtte blant italienarane.

– Det er ikkje tvil om at ho har ei fortid som nyfascist. Ho har uttrykt full støtte til Mussolini, og var militant i det nyfascistiske partiet MSI, seier Elisabetta Cassina Wolff, førsteamanuensis i historie ved Universitet i Oslo (UiO).

Meloni er kritisk til innvandring og etniske minoritetar. Ekteskapet er mellom mann og kvinne, meiner ho.

Ho står altså nærme Trump ideologisk, som også er motstandar av såkalla «woke ideologi» og «eliten» i god populistisk ånd.

en gruppe mennesker som poserer for et bilde

Europeiske toppleiarar deltok på Ukraina-toppmøtet i London i mars.

Foto: Javad Parsa / NTB

Meloni er nasjonalist og patriot på lik linje med Trump. Begge har ein agenda om å passe på eigne nasjonale interesser, seier Wolff.

Men det kan også komme Europa til gode.

– Alt tydar på at alt ho kan seie for å verne Italias nasjonale interesser, vil vere positivt for Europa også:

– Ho er ein pragmatisk toppleiar som må balansere eit godt forhold til EU og til USA, seier Wolff.

Har vendt seg meir mot Europa

Det er uro i Europa om dagen.

På USAs «liberation day» varsla dei 20 prosent toll på varer frå USAs viktigaste handelspartnar EU.

Meloni sjølv ønska ikkje å gjengjelde tollsatsane, sjølv om ho meinte dei verken gagna USA eller EU.

Europakommisjonen blei i etterkant einige om å innføre gjengjeldelsestoll, noko som resulterte i ei 90-dagars tollpause frå USAs side.

Trump delivers remarks on reciprocal tariffs

Det sende sjokkbølger over heile verda då Donald Trump annonserte tollsatsar mot ei rekke land verda over.

Foto: SAUL LOEB / AFP / NTB

Dette stilte Meloni og Italia seg bak. Det var berre Ungarn som stemte imot.

Verdsleiarar har flokka seg rundt Trump. Frankrikes Emmanuel Macron, Storbritannias Keir Starmer og Irlands Micheál Martin har møtt presidenten i Det ovale kontor.

No er det Meloni sin tur.

Møtet har lenge vore planlagt også før handelskrig. Om toll blir eit samtaletema, er det likevel ikkje tvil om.

Meloni og Støre i Roma

Giorgia Meloni møtte statsminister Jonas Gahr Støre i Roma denne veka.

Foto: ALBERTO PIZZOLI / AFP / NTB

Denne veka var statsminister Jonas Gahr Støre i Roma for å treffe Giorgia Meloni.

– Vi ønskjer ingen konflikt mellom USA og Europa. Dei europeiske landa er godt samsnakka om dette. USA bør forhandle seg fram til at tollsatsane ned mot null. Meloni er tydeleg på at det klimaet vi har no, prega av konflikt, er uheldig, sa Støre i etterkant.

Hilmar Mjelde, professor i statsvitenskap ved HVL.

Hilmar Mjelde er professor i statsvitskap ved Høgskulen på Vestlandet (HVL).

Foto: Høgskulen på Vestlandet

I Trumps hovud så har han eit godt forhold til dei landa, der han har eit godt forhold til statsleiaren, seier Mjelde:

– Det er likevel vanskeleg for Meloni å lykkast på vegne av heile EU. Trump misliker EU sterkt.

– Lener seg på det personlege forholdet til presidenten

Italia eksporterer maskiner, medisinar, og vin til USA for fleire titals milliardar årleg.

Trumps tollsatsar slo hardt ut i Roma, som då halverte vekstprognosa si.

Italias eigeninteresser er kanskje derfor i tråd med Europas.

– Meloni har ikkje råd til å svikte verken europearane eller amerikanarane, seier Wollf.

Adolfo Urso, Italias næringsminister, har sagt at Meloni vil ta rolla som ein fasilitator mellom EU og USA. Ikkje berre skal ho lene seg på Italias historisk gode forhold til landet, men også hennar personlege forhold til presidenten, ifølge han.

Sidan 1945 har Italias utanrikspolitikk vore basert på tre pilarar: Eit samla Europa, eit godt forhold til USA og samarbeid i Middelhavet.

– Meloni er moden nok til å balansere dette utan å øydelegge verken det eine eller det andre forholdet, seier Wollf.

- Berlusconi har betydd veldig mye ved å legimitere nyfascisme, sier historiker og førsteamanuensis Elisabetta Cassina Wolff ved Universitetet i Oslo

– Det skadar ikkje å ha eit godt forhold til USA i dag, seier Elisabetta Cassina Wolff som er førsteamanuensis i historie ved UiO.

Foto: Universitetet i Oslo

Italias utanriksminister Antonio Tajani seier at Meloni kjem til å kjempe for Europas standpunkt.

– Dette er vanskeleg. Eg er klar over kva eg representerer og kva eg forsvarer, sa Meloni sjølv denne veka.

Wolff seier at ein ikkje må demonisere Meloni på grunn av hennar ideologiske standpunkt og slektskap til republikanarane i frykt for at ho kan svikte det europeiske samarbeidet.

– Er Meloni Europas ess i ermet?

– Nei, det trur eg ikkje. Vi må ikkje overtyde hennar evne til å påverke denne administrasjonen, seier Wolff.

Publisert 17.04.2025, kl. 17.32

Read Entire Article