Etter skulenedlegging: Pløyer millionar inn i privat vgs

4 hours ago 5



Vgs. i Lom var éin av seks skular og skulestader i Innlandet som vart vedtekne nedlagt sist haust. No spyttar lokale krefter inn millionar så Anna (17) kan halde fram på eit privat skuletilbod i bygda.

 PrivatSTORTRIVAST: Anna Bøje Kvandalsvoll (17) kan ikkje få skrytt nok av skulemiljøet på den vidaregåande skulen i Lom. Foto: Privat
Torsdag 13. februar kl. 19:04

Lom og Skjåk kommunar har slått ring rundt den kombinerte skule- og kulturbygningen Utgard i Lom.

Anna Bøje Kvandalsvoll (17) frå Lom går vg2 studiespesialisering på ein vidaregåande skule som berre har fire månader att å leve.

Men etter sommarferien kan ho etter alt å dømme halde fram i same skulelokale - men då på Jotunheimen privatistskule.

– No har eg verkeleg tru på at eg kan få lov til å fullføre videregåande her i Lom. Eg budde på Hamar då eg gjekk første året. Men skulemiljøet vart for stort for meg. Eg passa ikkje inn der. Difor er det spesielt for meg å få fullføre vidaregåande i heimbygda mi, her i Lom. Det er så trygt her, og eit godt miljø, skryt Anna.

Bilde av Arild Garcia de PresnoArild Garcia de Presno

Daglig leiar i Interfil, Skjåk

Ein av dei som no syter for at den tidlegare offentlege vidaregåande-avdelinga blir omskapt til en privat vgs, er Arild Garcia de Presno i Skjåk.

Han leiar Interfil, ein av Nord-Gudbrandsdal sine største verksemder.

Produsenten av filter til ventilasjon, går inn med 4,5 millionar kroner i den nye privatskulen i dei nærmaste åra.

– Vi ser på dette som ei investering inn i framtida og i ungdommen. Interfil i seg sjølv har sikkert ikkje bruk for dette i dag og i morgon. Men vi jobbar voldsomt mot nedgang i folketalet. Det å ta vare på den skulen vil være en fellesnemnar
for både arbeidskraft, folkesetnad og kompetansemiljøet her, seier de Presno til VG.

 Vigdis KrokenDRIVKRAFT: Hanna Skjåkødegård er ein av motorane for å etablere først ein privatistskule og deretter ein privat vidaregåande skule i Lom. Foto: Vigdis Kroken

Ei av drivkreftene for den private, vidaregåande skulen i Lom, Hanna Skjåkødegård, tykkjer det er strålande at de Presno og Interfil stiller opp med pengar til skulen i den vesle fjellbygda.

Ho var ein av svært mange skuffa og forbanna lokale sjeler då fylkestinget vedtok nedlegging av skulen i oktober. No er tonen ein annan.

– de Presno og Interfil går føre og viser kva skulen i Lom betyr for næringslivet vårt. Samstundes har Lom og Skjåk kommune garantert for ein tredjedel av kostnadene, i praksis kanskje 20 millionar dersom vi kjem i mål med 60 millionar totalt, seier Skjåkødegård til VG.

I første omgang startar ein no skule hausten 2025 etter ein privatist-modell - med undervisning av elevane veldig retta mot eksamen.

Så er planen å gå vidare med ein meir tradisjonell vidaregåande privatskule på eit kristent verdigrunnlag frå hausten 2026 etter at Utdanningsdirektoratet har vurdert søknaden.

 Frank Ertesvåg  / VGBAKTEPPET: Den 23. oktober vart det flagga på halv stong utanfor vgs-avdelinga i Lom. Då vedtok fylkestinget å legge ned skulen der og på fem andre skulestader i Innlandet. Foto: Frank Ertesvåg / VG

For eleven Anna Bøje Kvandalsvoll passar det fint, seier ho. 80 ungdommar har hittil søkt seg inn på det nye skuletilbodet. Det gjeld til dømes alle i Anna sin vg2-klasse.

– Det kjem til å bli eit skuletilbod med tilpassa undervisning innretta mot eksamen - med gode lærarar som har røynsle frå vidaregåande, seier 17-åringen til VG.

Ho tykkjer det er «fantastisk» å sjå at lokalsamfunnet tek ansvar og etablererer eit privat, vidaregåande skuletilbod «oppi fjellbygda her».

– Kvifor er det så viktig å halde fram med skule i Lom, og ikkje reise til Otta?

– Denne skulen her har eit heilt utruleg bra miljø. Dei er gode på fagleg læring, men gir oss også ein tryggleik og ei kjensle av å høyre til i lokalsamfunnet. Så slepp vi lang reiseveg og skuleskyss, svarar Anna.

 Geir Olsen / VGDEMONSTRERTE: Matoma (Tom Stræte Lagergren) og Helsesista (Tale Maria Krohn Engvik) utanfor fylkeshuset på Hamar då fylkestinget i Innlandet vedtok skulenedleggingar. Foto: Geir Olsen / VG

Også på Flisa, ei anna nedleggingsråka bygd i Innlandet, jobbar sterke krefter for å lage privat vgs.

Næringslivet gjekk saman om å lage eit tilbod for 66 elevar. Men vurdering av søknader om privatskular i Utdanningsdirektoratet tek tid. Lengre tid enn det lokalentusiast og artist, Matoma, hadde sett føre seg.

Her kan du lese meir om skulenedlegging i Innlandet

Tom Stræte Lagergren, som han eigentleg heiter, nektar likevel å gi opp.

– At næringslivet gjekk saman om ein slik skule, er eit symbol på håp og framtidstru. Eit klart signal om at vi nektar å gi opp. Men byråkratiet sa nei, fastslår Lagergren i ein kronikk han har sendt til VG.

Utdanningsdirektoratet begrunnar avslaget med at søknaden om oppstart for skuleåret 2025/26 skulle ha vore inne før 1. februar 2024.

– Altså før fylkestinget vedtok nedlegging av fleire skular i Innlandet. Ungdom på Flisa må altså vente til hausten 2026 på eit lokalt skoletilbod – ein evigheit for unge menneske.

– Politikarar kan altså legge ned ein skule over natta, men det tek minst 18 månader å få starta ein ny. Ein rekk nesten å setje to barn til verda innan den tid, skriv Matoma.

Read Entire Article