Etter elleve år holdt Torill endelig sin første positive graviditetstest i hendene. Men i dagboken skrev hun: «Eg finst ikkje lukkeleg.»

1 month ago 33



På Aagard klinikken i Århus fekk Torill og Henning Tafjord hjelp til å bli gravide.

Publisert: 27.02.2025 15:22

Det berre må gå denne gongen, tenkte Torill.

Ho venta på at telefonen skulle ringe. Førebudde seg på at det kom til å gå gale igjen, men håpa ho tok feil.

For to veker sidan vart eit befrukta egg frå ei anna kvinne sett inn i livmora hennar.

No gjorde det vondt nedst i magen. Kunne det vere eit teikn?

Torill noterte i dagboka.

Torill og Henning Tafjord gifta seg i 2012. Planen var å stifte familie. Dei ynskja seg tre born.

Begge hadde fast lærarjobb. Dei hadde kjøpt si første leilegheit i Volda, der dei møttest første gong som studentar.

Alt var klart for å bli ein familie.

På første date plukka Henning Torill opp i ein grøn Corolla. Torill nekta å bli påspandert kaffi, minnast Henning. Foto: Privat

Men etter å ha forsøkt å bli gravide i eitt år, gjekk Torill til lege. Ho fekk påvist endometriose.endometriose.Ein tilstand der vev, som liknar på det som veks i livmora, veks utanfor livmora

Dei fortsette å prøve å bli gravide, slik dei vart råda til.

Men ingenting skjedde.

Etter nokre år kom dei i gang med prøverørsforsøkprøverørsforsøkIVF, eller prøverørsbefruktning, vil seie at egget vert befrukta utanfor kvinna sin kropp. på St. Olavs hospital.

– Eg hadde inga aning om at det kom til å bli vanskeleg å bli gravid, seier Torill.

Kring dei stifta søsken og vener familie. Etter kvart hagla det inn med spørsmål til det unge, gifte paret.

«Har du ungar? Kvifor ikkje det då?» kunne barna spørje på skulen der Henning jobba som assisterande rektor.

Paret valde å vere opne med folk kring seg om at dei fekk hjelp til å forsøke.

– Det er ein risiko for at vi ikkje får dette til, seier Torill.

«Neste gong går det. Det veit eg», fekk Torill høyre.

«Du må ikkje gje opp», kunne andre seie.

Då hadde Torill allereie fire prøverørsforsøk på sjukehuset i Trondheim bak seg. Kvar gong måtte ho gjennom krevjande hormonbehandling. Verst var likevel ventetida etter at det befrukta egget var sett inn. I to veker kunne dei ikkje gjere anna enn å vente. Dei var så nære, det kunne gå.

Men kvar gong enda det med ein negativ graviditetstest.

Torill gjekk med ei gnagande uro: Kva om ho aldri vart gravid?

Les hele saken med abonnement

Read Entire Article