Etter ei veke prega av debatt rundt New York Times sine avsløringar om stemmesystemet i Eurovision Song Contest, tek Martin Green bladet frå munnen.
I eit intervju med NRK onsdag kveld forsvarar han EBU sitt val om å halde delar av stemmedataene hemmelege.
– Vi deler så mykje vi kan, men delar av dataene er ein essensiell del av tryggingssystemet vårt. Om vi gir ut alt, gir vi i praksis ei bruksanvisning til dei som ønskjer å manipulere oss, seier Green.
I ein artikkel med tittelen «Korleis Israel gjorde Eurovision-scena til eit verktøy for mjuk makt», kritiserte The New York Times Israel for å ha fremja Eurovision-deltakarane sine dei siste åra.
I artikkelen blir det hevda at Israel har gjennomført ein velorganisert kampanje for å sikre stemmer under Eurovision.
Nye reglar for promotering
I år har EBU innført strengare reglar for korleis land og artistar kan promotere seg sjølve i forkant av konkurransen.
Dette kjem etter bekymringar om at enkelte land har brukt uforholdsmessig mykje ressursar på å påverke publikum.
– Promotering er sunt, men det må vere proporsjonalt. Vi har sett inn tiltak for å sikre at ingen kan «kjøpe» seg til ein siger gjennom massiv marknadsføring, seier Martin Green til NRK.
Noam Bettan skal representere Israel i ESC-finalen komande laurdag. Her før semifinalen tysdag.
Foto: Kjetil Solhøi / NRKForsvarar «billege» 12-poengarar
NRK konfronterte Green med utfordringa i land med svært låge stemmetal, der det i teorien krevst få røyster for å sikre ei topplassering og 12 poeng.
– Ei røyst er ei røyst. Slik er demokratiet. Men det er nettopp derfor vi har gjeninnført fagjuryane i semifinalane òg. Det sikrar ein 50/50-balanse mellom lidenskapen til folket og profesjonell vurdering, seier Green.
Fem land valde å stå over årets konkurranse i Wien som ein protest mot Israel si deltaking.
Green legg ikkje skjul på at han ønskjer dei tilbake i varmen til neste år.
– Vi skal ha samtalar med kvart enkelt land for å sjå kva som skal til. Samstundes har vi fått tre nye land i år, så interessa for Eurovision er framleis enormt sterk, meiner ESC-sjefen.
Publisert 13.05.2026, kl. 20.05










![This Could Have Ended BADLY | Iceland Westfjords [Ep. 21] – Royal Enfield Himalayan Motorcycle](https://i.ytimg.com/vi/7Qcrqrd4kmo/mqdefault.jpg)



English (US)