Er du naiv optimist eller tafatt pessimist?

1 hour ago 2



Mie Helene Davies (21) trur at ting ordnar seg i kvardagen.

Da ho starta på studia i fysikk og matematikk, var ho optimistisk på verda si vegne óg.

Men no er ho ikkje så sikker lenger.

– Eg synest det er litt skummelt kor fort ting går, spesielt global oppvarming og KI.

Ho tenkjer mykje på kva den raske utviklinga gjer med oss.

– Eg føler at vi berre fortset å optimere ting, utvikle, utvikle. Men kvifor? For eg veit ikkje om det gjer oss meir lykkelege.

Ung kvinne holder opp et halvfullt glass med vann foran seg

Mie Helene frå Asker studerer på tredje året ved NTNU i Trondheim.

Mie Helene frå Asker studerer på tredje året ved NTNU i Trondheim.

Ho har drøymt om å forske på ting som kan motverke global oppvarming.

– Det håpet er litt sånn «long gone». Så eg har kanskje eit litt pessimistisk verdsbilde akkurat no.

Ho er slett ikkje aleine om å tenkje slik.

Beksvarte spådommar

Ein ny studie frå USA viser at unge amerikanarar er lite optimistiske når det gjeld framtida.

Funna viser at Generasjon Z har blitt meir negativ, kynisk og redd.

Politisk splitting, spesielt knytt til presidentens leiarskap, er noko av det som skaper frykt og lite tru på verda.

I Noreg er 51 prosent av folk i alderen 15–25 pessimistar.

Berre 12 prosent er optimistar, ifølgje Opinion sine tal som står å lese i rapporten UNG2026. 37 prosent er nøytrale.

I undersøkinga svarte 1.038 ungdommar blant anna på om dei reknar med at ting vil gå bra, eller om det helst vil gå gale.

Resultata blei brukt til å finne ut om folk er optimistar eller pessimistar.

Katastrofane kan sjåast direkte på mobilen når dei skjer. Det finst ei oppleving av at dei gode nyheitene sjeldan når fram.

Undersøkinga gir oss klare tal på kva norsk ungdom trur blir verre dei neste ti åra.

Men korleis tenkjer ein optimist i 2026?

Ein drope i havet

Solveig Kristin Svendsen (21) går i lære for å bli bilmekanikar.

Ho kan kjenne seg som ein liten drope i eit stort hav.

Men – ho har gjort eit val.

Ung kvinne ved bil ser i kamera

Solveig er lærling på tredje året hos Møller bil i Trondheim.

Solveig er lærling på tredje året hos Møller bil i Trondheim.

Møte opp på jobb med eit breitt smil og ta dagen som den kjem.

Det er Solveig sin metode. Og her er hennar filosofi:

Folk brukar bil til å komme seg på jobb, men uheldige ting kan skje. Solveig passar på at bilen kjem seg tilbake på vegen.

Da får eg ein god følelse av å vere ein byggestein i samfunnet, for da går ting rundt. Det er min jobb.

Ein annan som ser ganske lyst på det er Aland Jamal (21). Han studerer energi og miljø på andre året ved NTNU i Trondheim.

Ung mann holder et glass høyt i hånden

Aland frå Langhus i Akershus. Her er han på Gløshaugen campus.

Aland frå Langhus i Akershus. Her er han på Gløshaugen campus.

Det er tanken på menneska si lange historie som gjer at Aland er optimist.

Akkurat no så går det ikkje så fint i verda, vil eg sei. Men det har vore dårleg før. Og det blir jo bra igjen. Men det trengst folk som har det positive blikket.

Kven har rett, og kva treng verda?

Å ikkje bli handlingslamma

Det som skil optimistar og pessimistar handlar ikkje om fakta. Dei tolkar fakta ulikt, forklarar filosof Lars Fredrik Svendsen.

Eg trur rett og slett vi bør skilje mellom ein moderat og ein ekstrem variant.

Voksen mann med hodet litt på skakke, ser i kamera.

Lars Fredrik Svendsen er professor i filosofi ved Universitetet i Bergen.

Foto: Robert Rønning

Lars Fredrik Svendsen er professor i filosofi ved Universitetet i Bergen.

Foto: Robert Rønning

«Eg veit at alt går bra!» kan den ekstreme optimisten seie.

Og den ekstreme pessimisten kan svare: «Men eg veit at dette går dårleg.»

Med den haldninga treng ingen av dei å gjere noko som helst!

Moderate optimistar og moderate pessimistar, derimot, kan gi verda håp, ifølge filosofen.

Ein håpefull pessimist kan tenkje: «Vel, dette går mest sannsynleg ikkje bra, men det kan gjere det.»

Voksen mann står i et studio og ser i kamera med et litt lekent blikk, løfter en arm  opp mot brillene

Foto: Robert Rønning

Foto: Robert Rønning

Håp kan vekke handlekraft: «Dette avheng av meg. Eg må gjere noko,» forklarar filosofen.

– Da opnar det seg plutseleg eit handlingsrom. Så kanskje det aller mest fornuftige er å vere ein slags håpefull realist.

Tre håpefulle realistar

  • Ung mann med glas

    Johannes Bauer (23)

    Johannes kjem frå ei lita bygd utanfor Bodø.

    Han studerer forretningsutvikling og entreprenørskap på BI i Trondheim.

    Studiet handlar mykje om å skape moglegheiter og verdiar.

    – Da har ein kanskje avgrensa tilgang på ressursar, og må spele på det ein har og gjere det beste ut av situasjonen.

  • Ung kvinne i sol, ser mot kamera. Eit glas vatn.

    Victoria Soenarto Røed (24)

    Victoria frå Lillehammer er snart ferdig utdanna lærar frå NTNU Dragvoll i Trondheim.

    Ho ser ikkje mørkt på si eiga framtid. Men tanken på utbygging av freda vassdrag kan gjere ho motlaus.

    – Ein har jobba masse for å verne om vassdrag. Og no, fleire tiår seinare, må ein ta dei kampane igjen.

    Likevel lit ho på Rosling i 'Factfulness' – at det er mykje som går betre enn vi trur.

  • Ung mann holder et glas vann i handa

    Erlend Åsmul (20)

    Erlend frå Trondheim går første året på høgskulen Dronning Mauds Minne i heimbyen.

    Her studerer han til å bli barnehagelærar.

    – Eg kan føle på den bølgja av klimaendringar. At det har så stort momentum at det berre er å gi opp, sant? Men eg har trua på at det alltid finst ei råd for å ordne ting.

Verkelegheita er lik for alle. Likevel ser vi ikkje det same.

Men er det mogleg å bli mindre pessimistisk, om ein vil?

«Tenk positivt!» Fleip eller fakta?

Det er jo ikkje sånn at ein kan velje om ein skal vere optimist eller pessimist.

Filosofen slår det fast med ein gong.

Voksen mann står i et fotostudio, han holder på brillene

​​​​​​​Personlegdom og erfaringar avgjer kva vi er, fortel filosof Lars Fredrik Svendsen.

Foto: Robert Rønning / NRK

​​​​​​​Personlegdom og erfaringar avgjer kva vi er, fortel filosof Lars Fredrik Svendsen.

Foto: Robert Rønning / NRK

– Dette har óg mykje med følelsar å gjere. Vi kan ikkje direkte velje kva vi skal føle.

Men det vi kan gjere, fortel filosofen, er å forsøke å vere bevisst på kva vi rettar merksemda vår mot.

– Kva er faktisk mogleg? Kva går faktisk bra?

Teknologistudent Mie Helene Davies føler òg at innstilling har mykje å seie.

Ung kvinne med glass

Viss du trur at du er i stand til å lære noko, så vil du vere det.

Det er i alle fall håpet hennar.

Så da vil eg sjå for meg det, og jobbe mot det.

  • Er det mogleg å vere optimist i vårt tid? Høyr Lars Fredrik Svendsen i Kompass

Publisert 27.01.2026, kl. 05.56

Read Entire Article