Eitt svensk funn er ikkje fasit for norsk beite

2 hours ago 1



Studien kan ikkje brukast som prov for at sau i norsk utmark skadar naturen, skriv innleggsforfattaren. Foto: Alf Roar Rasmussen

Siri Martinsen går for langt.

Publisert: 19.04.2026 16:00

I Aftenposten 9. april brukar Noah-leiar Siri Martinsen ei svensk studie frå 2022 som prov på at beiting skadar biologisk mangfald. Det er ei grov overtolking.

Studien til Kindvall mfl. undersøkte eit bestemt, intensivt og EU-subsidiert beiteregime i eit verneområde på Gotland. Forskarane fann negative effektar av intensiv beiting der. Men den same artikkelen seier også at beiting ofte ser ut til å fremje plantemangfaldet. («Grazing most often seems to promote the diversity of plants»)

Studien er altså ikkje eit generelt oppgjer med beiting, men ein avgrensa casestudie. Difor kan studien heller ikkje brukast som prov for at sau i norsk utmark skadar naturen.

Studien er altså ikkje eit generelt oppgjer med beiting, men ein avgrensa casestudie

Når Martinsen gjer ei avgrensa studie om til fasit for norsk utmarksbeite, går ho for langt. Norsk utmark er i liten grad urørt villmark, men snarare eit landskap forma av samspelet mellom natur, menneske og husdyr.

Her er det ikkje forskinga som er for kategorisk, men Martinsen si framstilling av henne.

Read Entire Article