Eitt av barna har skifta namn: – Dei var sexobjekt

1 week ago 15



Bistandsadvokatane kravde til saman over fire millionar kroner i erstatning frå foreldre, bror og nabomann.

 Jenny Eidesvik / TV 2
BISTANDSADVOKAT: Advokat Beate Hamre bistår søskenparet som skal ha blitt utsett for gjentekte valdtekter av resten av familien. Foto: Jenny Eidesvik / TV 2

Publisert 11.12.2024 17:35

– Det er to barn som har levd i ein fryktkultur. Dei har vore objekt for sex. Ofre for foreldra og storebror sin seksualdrift. Overgrepa inneheld både sadisme og bruk av vald.

Slik samanfatta bistandsadvokat Beate Hamre forklaringane til søskenparet som skal vera utsette for gjentekne valdtekter frå mor, far og storebror.

Den gruoppvekkande saka frå Hardanger har for andre haust på rad blitt behandla i ein domstol i Bergen. 

Denne gong for Gulating lagmannsrett. 

Dei fire tiltalte anka alle dei strenge dommane dei fekk i tingretten. Dei nektar for overgrep.

Ba om forvaring: Meiner jente hadde fire overgriparar før ho var ti år

Millionerstatningar

Hamre bistår jenta (12) og guten (17) i straffesaka mot resten av familien deira. 

I same rettssak er ein nabomann tiltalt for valdtekter mot jenta og sin eigen son. Det er advokat Asgeir Ohnstad som bistår offera i den saka.

Onsdag kravde dei totalt over fire millionar kroner i erstatning til dei tre barna. Hamre bad om:

600.000 kroner frå tiltalt mor og far til kvar av dei to yngste barna deira.

450.000 kroner frå tiltalt storebror til kvar av dei to søskena.

Ohnstad bad om ein stad mellom 400.000–500.000 kroner frå nabomannen til kvar av dei to offera i den saka.

– Han underrapporterer om kva han er blitt utsett for. Det har vore svært vanskeleg og traumatisk for han, sa han om sonen til den tiltalte naboen.

Nytt etternamn

Til TV 2 fortel bistandsadvokat Hamre at den no 12 år gamle jenta i haust har skifta etternamn. 

Difor heiter ho ikkje lenger det same som foreldra, som framleis kjempar for å få tilbake foreldreretten for henne og broren (17).

«Åtte år av livet mitt kasta bort på overgrep», skreiv jenta sjølv i eit brev til tingretten i forbindelse med den sivile saka i vår.

– Barna vil aldri treffe foreldra igjen

Gav kred til barnevernet

Dei tiltalte har kritisert og gått kraftig til angrep på barnevernet og politiet for etterforskinga av saka.

Dei har påverka barna til å få falske minner om overgrep, er hovudargumentet. 

Dei får støtte av rettsoppnemnd vitnepsykolog, som slaktar samtalane mellom anna ei fostermor hadde med jenta om nabomannen.

– Det var openbert uheldige samtalar. Men elles kan ikkje eg sjå noko kritikkverdig, sa Hamre.

– Eg vil tvert imot seie at det arbeidet som er gjort frå barnevernet er prisverdig, usedvanleg grundig og med fokus på barna sitt beste.

 Silje Tangen Kinserdal / TV 2
LANGE STRAFFAR: Statsadvokat Ellen Cathrine Greve og medaktor Inger-Lise Høyland (nærast kamera) bad om både forvaring og lange fengselsstraffar i sine prosedyrar. Foto: Silje Tangen Kinserdal / TV 2

– Varsellampene lyste allereie i 2018

Eit viktig moment i saka er den tiltalte trebarnsfaren sin dom for nedlasting av grove overgrepsbilete og -filmar av barn frå 2018.

Den gongen var også barna inne til avhøyr, men då fortalde dei ingenting. Påtalemakta har argumentert for at søskenparet den gongen var tvinga til å halde stilt om det dei skal ha blitt utsett for frå 2015.

Hamre påpeika, som TV 2 tidlegare har omtalt, at barnevernet tvert imot har fått sterk kritikk for å ikkje gjere nok for dei to barna i familien

Ho viste til ein rapport frå to psykologspesialistar i 2018. Dei meinte det var høg risiko for at i alle fall guten var utsett for overgrep frå far.

– Dei trefte spikaren på hovudet. Dei såg alle varsellampene som lyste. Mykje kunne vore stoppa om råda dei gav den gongen faktisk blei følgt, sa Hamre.

Slik starta saka: Naboane reagerte – så begynte barna å fortelje

Flytta inn igjen

I staden snakka ikkje barnevernet nok med barna, ifølge Statsforvaltaren som har gjort tilsyn med etaten.

Etter at faren kom ut av fengsel, fekk han flytte inn igjen med sambuaren og dei to yngste barna. 

Fleire spesialistar har undersøkt søskenparet dei siste åra og konkludert med at det er truverdig at dei er utsette for alvorlege overgrep.

– Overgrepa er så fråstøytande og grove at det er vanskeleg å ta innover seg. Det synest ikkje å vere grenser for kva dei blei utsett for, sa Hamre.

Ho peika også på at andre overgrepssaker viser at barn faktisk blir utsett for så grenseoverskridande overgrep som blir skildra i denne saka.

Mellom anna syner det att i materialet den tiltalte faren sjølv skaffa seg gjennom fleire år med nedlasting.

Den over tre månadar lange ankesaka i Gulating lagmannsrett blir avslutta med prosedyrer frå forsvararar torsdag.

Read Entire Article