Ein time fysisk aktivitet om dagen: – Det går an å gjere ganske billeg

1 month ago 26



9-åringen susar ned brannstonga på ein klatreleikeplass i Oslo sentrum. Mia elskar å suse rundt på leikestativet. NRK møter ho dagen før skulestart.

– Når du har time på skulen må du vel sitte roleg ved pulten. Kva synest du om det?

– Dumt. For eg har veldig ofte veldig mykje energi, seier Mia.

– Kva får du lyst å gjere då?

– Eg får veldig lyst til å springe rundt og leike ute på leikeplassen.

Aktivitet i skolen-14

Mia (9)

Foto: Alf Simensen / NRK

Fleirtalet ønska ein time dagleg fysisk aktivitet

Vandrehallen på Stortinget 4. desember 2017: Opposisjonen har sikra fleirtal for å sikre ein time dagleg fysisk aktivitet til alle born i grunnskulen.

Helse- og omsorgskomiteen får blomar for å feire sigeren. Olaug Bollestad (KrF) og Kjersti Toppe (Sp) får til og med prinsessekroner. Dåverande idrettspresident Tom Tvedt har møtt opp og gir Bollestad ein stor klem.

Stortingsflertall for en times daglig aktivitet på 1-10. trinn

Kjersti Toppe (Sp), Ingvild Kjerkol (Ap) og Olaug Bollestad (KrF) feirar ein times dagleg fysisk aktivitet i grunnskulen.

Foto: Heiko Junge / NTB

Vedtaket lyder: «Stortinget ber regjeringa innføre ei ordning som sikrar elevar på 1.–10. trinn minst ein time fysisk aktivitet kvar dag innafor dagens timetal, og at det finansierast som eit folkehelsetiltak.»

I innstillinga vart det altså spesifisert at det ikkje trong å vere ein ny gymtime, men kunne løysast innafor dagens timetal.

Kva synes du om å innføre ein time dagleg fysisk aktivitet i grunnskulen innafor dagens timeplan?

– Går an å gjere ganske billeg

Elin Kolle er prorektor og forskar ved Noregs idrettshøgskole. I 2017 fekk ho i oppdrag frå regjeringa å sjå på korleis fysisk aktivitet påverkar elvane - ho såg på ungdomstrinnet.

– Dei fekk auka fysisk aktivitetsnivå, betra kondisjon og i tillegg gjorde dei det betre på nasjonale prøver i lesing og i rekning, seier Kolle.

Aktivitet i skolen-1

Elin Kolle er prorektor og forskar ved Noregs idrettshøgskole.

Foto: Eva Marie Bulai / Eva Marie Bulai

Vi spør forskaren korleis ein kan bruke fysisk aktivitet som del av andre fag.

– I staden for å sitte i eit klasserom og passivt lære matte kan du til dømes lære ved å gå ut i skolegarden og ha ein mattestafett.

– Kan du nytte fysisk aktivitet i fleire fag?

– Du kan nyttiggjere det i alle fag. Ofte nyttast det som repetisjon for å lære inn stoff som du allereie har lært teoretisk i klasserommet.

Ho seier det ikkje er mykje som må til for å få til auka fysisk aktivitet innafor dagens timetal.

– Du må ha lærarar som har kompetanse på korleis dette gjerast og i tillegg har vi sett at det er viktig at det er timeplansfesta. Utover det trengst ikkje så mange ressursar. Det går an å gjere dette ganske billeg,

– Ganske billeg? Men kvifor er det ikkje gjort allereie, då?

– Ja, det må du nesten spørje dei som har ansvar om.

– Kjem i ungdomsmeldinga

I dag er det Arbeidarpartiet og Senterpartiet som sit i regjering og har ansvaret. Vi spør Kunnskapsministeren kvifor dei ikkje har følgt opp ein time dagleg fysisk aktivitet som dei sjølve stemte fram i 2017.

Kunnskapsminister Kari Nessa Nordtun, Ap.

Kunnskapsminister Kari Nessa Nordtun (Ap)

Foto: Mats Rønning

– Først vil eg berre understreke kor viktig det er med fysisk aktivitet i skulen. Det er viktig for hukommelsen, det er viktig for problemløysing og for konsentrasjonen. Det eg også kan seie er at den førre regjeringa valde å oppheva det vedtaket som vart gjort for sju år sia. Derfor har vi i Hurdalsplattforma vore klåre på at vi gradvis vil innføre dagleg fysisk aktivitet i skulen, seier kunnskapsminister Kari Nessa Nordtun.

– Men Ap var jo ein del av fleirtalet på Stortinget i 2017 som ønskte ein times dagleg fysisk aktivitet i grunnskulen. Kvifor har dåkke ikkje valt å innføre dette?

– Dette vil adresserast i Ungdomsmeldinga vår som skal leggjast fram om kort tid. Der følger vi opp det som står i Hurdalsplattforma: «Regjeringa vil gradvis innføre dagleg fysisk aktivitet i skulen, med fridom for skulane til å organisere dette sjølve».

– Forskaren ved idrettshøgskolen meiner formuleringa dykkar er for vag, og meiner det må stillast krav til fysisk aktivitet om det skal bli røyndom. Kva seier du til det?

– Eg skulle ønske vi kunne innført eit krav i morgon, men eg må vedkjenne at vi verken har den kompetansen eller forankringa ute i skule-Noreg til å innføre dette innan så kort tid. Derfor er det viktig at vi gjer dette gradvis med fridom til skulane til å organisere dette sjølve, avsluttar kunnskapsministeren.

Publisert 19.08.2024, kl. 21.03

Read Entire Article