DEBATT: Bil, buss, sykkel eller gonge handlar om kvardagen vår. Men det handlar også om framtida vår. Difor er diskusjonen om ein ny bymiljøavtale særs viktig for oss på Nord-Jæren.
Kari Vestbø
Fylkestingsrepresentant og medlem av Samferdselsutvalet, SV
Publisert: Publisert:
For mindre enn 50 minutter siden
Debatt
Dette er et debattinnlegg. Innlegget er skrevet av en ekstern bidragsyter, og kvalitetskontrollert av Aftenbladets debattavdeling. Meninger og analyser er skribentens egne.
Framstegspartiet har vist kva tilbakeskritt dei ønsker gjennom utspel om å stoppe bussvegen og droppe målet om mindre biltrafikk. Då blir det meir kø og meir forureining. Eg håper inderleg me får til noko betre enn det.
Ein ny samferdselspolitikk kan bidra til ein betre kvardag. Kvardagen blir lettare når bussen kjem når han skal eller når ein kan sykle i frisk luft utan å vere bekymra for å bli påkøyrd. For dei som må køyre til jobb, blir kvardagen betre med færre bilar på vegen, ikkje fleire.
Problema er blitt større
Ein ny samferdselspolitikk kan også bidra til ei betre framtid. Fordi samferdselspolitikken er ein del av løysinga på dei store samfunnsutfordringane naturtap og klimakrise. For å få til det, er verken FrPs tilbakeskritt eller dagens politikk løysinga.
Samferdselspolitikken på Nord-Jæren har så langt auka dei problema som skulle løysast. Målet har vore null vekst i personbiltrafikken, men resultatet er fleire bilar på vegane enn nokon gong før. Ifølgje ferske prognosar frå Statens vegvesen vil biltrafikken fortsette å auke. Meir trafikk betyr meir utslepp. I dag er vegtrafikk er den største bidragsytaren til klimagassutslepp på Nord-Jæren. Mange bilar på vegane fører også til meir lokal luftforureining, meir støy og meir plast i naturen. Mikroplast frå bildekk er den største kjelda til plast i norsk natur. I tillegg fører store vegprosjekt til nedbygging av store mengder natur. Dersom me på Nord-Jæren vil ta vare på naturen vår, og gjere det me kan for å bremse klimakrisa, så må kursen endrast.
Me kan ikkje halde fram slik
Rapporten Byutredning Nord-Jæren, som denne veka skal opp til diskusjon i fylkesutvalet, får tydeleg fram behovet for ein ny kurs. Rapporten viser nemleg at milliardar investert i «vegutbygging som svekker kollektivtransportens konkurranseevne vis-à-vis bil» har bidratt til auka biltrafikk. Utbygging av firefelts motorveg på E39, og dessutan Ryfast og Rogfast fører til at biltrafikken aukar. Målet har altså vore redusert bilbruk, men ein har investert milliardar i vegprosjekt som fører til det motsette. Paradokset er openbert.
Me kan ikkje fortsette å investere milliardar i prosjekt som gir fleire bilar på vegane. Planane om firefelts motorveg på strekket mellom Stavanger og Bergen må stansast. Viss ikkje, får me endå fleire bilar, også på Nord-Jæren, meir utslepp og meir nedbygging av dyrka mark og natur.
Pengane må no brukast på jernbane og kollektiv. Me treng dobbelspor på Jærbanen og gjenopning av Ålgårdbanen, og fullføring av bussvegen. Så må bussen og toga gå når dei skal og ofte nok til at det er eit reelt alternativ. For 2026 er kollektivtilbodet i Rogaland redda frå store kutt, fordi SV og samarbeidspartia prioriterte ein ekstra milliard til kollektivsatsing. I tillegg sørga me for at alle no får billegare månadskort.
Rapporten «Byutredning Nord-Jæren» viser at satsing på kollektiv og sykkel er ikkje tilstrekkeleg for å få ned bilbruken. Det vil også vere behov for tiltak som legg restriksjonar på bilbruk, som parkeringsavgift og bompengar, for å nå nullvekstmålet. Dei partia som har røysta for firefelts motorveg, Ryfast og Rogfast, har difor bidratt til å auke behovet for bompengar som eit verkemiddel for å redusere bilbruken.
Bompengar rammar skeivt
Problemet med bompengar er at dei rammar skeivt. Folk med store bilar og feite lommebøker kan suse forbi utan bekymring, mens andre kjenner at det svir. SV vil difor foreslå ei utgreiing av eit meir finmaska bompengesystem, der kilometerbaserte bomtakstar og tidsdifferensierte prisar kan vere nyttige verkemiddel. Me vil finne ut eit slikt system kan ta omsyn til kvar det er lett tilgang til kollektivtransport, kor mykje bilen din forureinar og kvar det er store køproblem. SV meiner at bompengar ikkje skal brukast for å finansiere nye vegprosjekt, men berre brukast når det er naudsynt for å få ned bilbruken.
Nord-Jæren treng no ein bymiljøavtale som gir oss færre bilar på vegane og trivelegare byområde, med mindre trafikk, støy og forureining. Blir det attraktivt å gå, sykle eller reise kollektivt er det bra for folkehelsa, klima og trafikktryggleiken. Ein betre kvardag, men også ei betre framtid.
Publisert:
Publisert: 8. mars 2026 21:00
Oppdatert: 8. mars 2026 21:44

1 day ago
7








English (US)