Éin av seks droppar ut – no skal Tor Emil (68) hjelpe Marius (25)

2 hours ago 2



– Tor Emil er gull verdt. Han har mykje kunnskap og erfaring, men er også ei god støtte om eg har ein dårleg dag.

Det seier Marius Løstegaard Cederborg (25) som er lærling i CNC-maskineringsfaget.

Dei siste to åra har han vore hos firmaet Velle Utvikling i Tønsberg.

Plassen blei avgjerande for 25-åringen, som tidlegare har fått fleire avslag.

– Det var ei tung tid. Eg var ganske deprimert. Da var det heilt magisk å endeleg få ein lærlingplass og ein kvardag.

Lærling Marius Løstegaard Cederborg jobbar på fresemaskinen. Mentor Tor Emil Indsetviken står og følger med.Tor Emil Indsetviken og Marius Løstegaard Cederborg står ved fresemaskinen og pratar med kvarandre.

– Tor Emil forklarar ting på ein betre og mindre akademisk måte enn andre. Det gjer det lettare å forstå, seier 25-åringen.

Éin av seks elevar droppar ut av yrkesfagleg opplæring, viser tal frå SSB.

Dei har følgt eit heilt kull over seks år, frå 2018 til 2024, for å måle fullføringa.

No skal eit mentortilbod i Vestfold få fleire til å fullføre. Lærlingar som ønsker det, kan få tildelt ein senior som mentor i læretida, skriv Penjonistforbundet.

– Utan han hadde eg slite, seier Cederborg om mentor Tor Emil Indsetviken (68).

Portrett av Tor Emil Indsetviken

– Det er godt å kunne hjelpe lærlingar som slit, og overføre kunnskapen min til dei. Samtidig føler eg meg nyttig. Nokon har framleis bruk for meg.

Tor Emil Indsetviken

Utdanna maskinoperatør og pedagog, pensjonist på tredje året

– Som olje i maskineriet

Vestfold og Troms er dei fylka i landet der flest yrkeselevar sluttar på skulen.

Her er talet 23 prosent, mot totalt 17,7 prosent for heile landet.

– Når lærlingane føler at dei ikkje får til ting, eller noko anna i livet buttar imot, kan det vere fort gjort å slutte.

Det trur Jon Edgar Karlsen. Han er prosjektleiar for mentortilbodet.

  • Portrett av Jon Edgar Karlsen

    Jon Edgar Karlsen

    • Prosjektleiar, Seniorer for lærlinger
    • Vestfold fylkeskommune

– Seniorane som har levd eit langt liv og har ein yrkesbakgrunn, kan vere som olje i maskineriet for lærlingane, seier Karlsen.

Det er ikkje berre det faglege seniorane kan hjelpe til med. Nokre har mentorar for å få hjelp i livet generelt.

– Kva enn det skulle vere, om det er økonomiske problem eller kjærleikssorg, er mentoren der for å støtte og motivere.

Lærlingane Dennis Lilaas-Josefsen og Marius Løstegaard Cederborg sit saman med mentor Tor Emil Indsetviken. Dei sit ved eit bord, drikk kaffe og pratar.

Mentor Tor Emil sit saman med to av lærlingane sine i "revehiet". Dennis (18) og Marius (25) synest det er godt med ein pust i bakken.

Mentor Tor Emil sit saman med to av lærlingane sine i "revehiet". Dennis (18) og Marius (25) synest det er godt med ein pust i bakken.

Slik skal lærlingane komme seg gjennom vanskelege tider, og dermed bli verande i utdanningsløpet.

Men funkar det?

Fleire unge utan jobb

Arbeidsløysa er no på 4,7 prosent, viser arbeidskraftundersøkinga til SSB. Sterkast auke er det blant dei unge.

På eitt år har talet på arbeidsledige under 25 år auka med 12.000 personar.

– Det å stå utanfor jobb og utdanning er tungt. Ein kjenner seg aleine, og det påverkar livet negativt på alle måtar.

Det seier Nav-direktør i Vestfold og Telemark, Anders Anundsen.

Anders Anundsen, NAV-direktør, Vestfold og Telemark

Helserelaterte eller sosiale utfordringar er blant årsakene til at elevar droppar ut av skulen, trur Anundsen.

Foto: Sindre Thoresen Lønnes / NRK

Helserelaterte eller sosiale utfordringar er blant årsakene til at elevar droppar ut av skulen, trur Anundsen.

Foto: Sindre Thoresen Lønnes / NRK

Det er stor forskjell på moglegheitene i arbeidslivet om du har utdanning eller ikkje, meiner han.

– Derfor er det viktig å legge til rette for at særleg unge får kompetanse som gjer dei attraktive i arbeidslivet.

– Framleis står mange unge utanfor jobb og utdanning. Verkar ikkje tiltaka dykkar?

– Framover satsar vi på å vere tettare og tidlegare på dei unge med eit individuelt tilbod, svarar Anundsen.

Nav-direktøren er positiv til seniormentor­ordninga, og trur vi kjem til å sjå meir av slike kreative tiltak framover.

Til det trengst det pengar, påpeiker han.

– Fylka er godt finansierte

Regjeringa jobbar systematisk for at fleire skal fullføre vidaregåande. Det seier Sindre Lysø (Ap) i Kunnskaps­departementet.

Dei ønsker å støtte fylka økonomisk slik at dei kan innføre lokale tiltak.

Derfor blei han glad da han høyrde om mentortilbodet i Vestfold.

– Dette treng vi meir av, at erfarne vaksne menneske kan dele kunnskapen sin, og at unge kan la seg inspirere og motivere.

  • Sindre Lysø

    Sindre Lysø (Ap)

    Statssekretær, kunnskapsdepartementet

– Dette er foreløpig eit prøveprosjekt, men det kan bli vidareført. Kjem regjeringa til å sette av pengar?

– Fylka er godt finansierte til å drive med arbeid for å få fleire ut i læretid og for å få fleire til å fullføre, og det er bra at dei bruker pengane dei har fått, svarer Lysø.

Han seier det blir spennande å sjå effektane av mentortilbodet.

Til inspirasjon for andre fylke

Det siste året har 40 lærlingar vore med i mentorordninga i Vestfold. Dei fleste er framleis under utdanning.

Åtte av dei har fått fagbrev og sju har tatt opp nødvendige eksamenar dei tidlegare har stroke på.

– Det er ein vinn-vinn-situasjon. Vi gamlingar gjer noko samfunnsnyttig og bidrar overfor ungdom som slit.

Det seier prosjektleiar Jon Edgar Karlsen, som oppfordrar fleire seniorar til å melde seg som mentor.

No ønsker dei å vere ein inspirasjon for andre fylke.

Agder fylkeskommune ser no på moglegheitene for å gjennomføre same prosjekt. Tre kommunar står klare.

– Vi har ikkje råd til å ikkje ta i bruk eldrekrafta, seier fylkeseldreombod i Agder, Hanne Nøding.

Hei!

Har du tankar om saka du har lese? Eller har du kanskje tips til noko anna eg burde sjekke ut?

Send meg gjerne innspel på e-post!

Publisert 10.11.2025, kl. 22.31

Read Entire Article