Éin av fire gruar seg til sommarferien

4 hours ago 4



Ny undersøking:

– Det er ganske sterkt å møte barn i 10–12 års alderen som aldri har hatt ferie, seier tidsgivar Robert Grime i Blå Kors.

 Eva Frimanslund / TV 2
Foto: Eva Frimanslund / TV 2

Publisert 28.06.2025 08:44 Sist oppdatert 13 minutter siden

Mange barn gleder seg til sol og skulefri, men det gjeld ikkje alle. Fleire barn gler seg mest til å kome tilbake til kvardagen. 

Ifølgje ei ny undersøking frå Blå Kors er det ei liten auke i antal unge som gruar seg til sommarferien, samanlikna med i fjor. I år ligg talet på ein fjerdedel.

For mange blir gratis ferietilbod frå kommunen og frivillige organisasjonar redninga. Men det er stor pågang, og fleire må stå på venteliste.

– Ekstra sårbare

Camilla Lunde, leiar for førebygging i Blå Kors, er bekymra for tala.

– Når det ikkje er skole eller fritidsaktivitetar, og dersom barna ikkje har noko å gjere i ferien, kan denne tida vere vanskeleg. Fellesskapet har stor betydning for barns utvikling, tryggleik og trivsel, seier ho til TV 2. 

 Privat
LØFTE BLIKKET: Lunde håpar at vaksne kan løfte blikket, og gjere det dei kan for å inkludere dei som står utanfor. Foto: Privat

I feriane forsvinn ofte rutinane og nettverka barn har. Dette kan styrkje problem som allereie er der.

– De som har det litt vanskeleg frå før, kan kjenne meir på dette dersom de ikkje har noko å gjere. For eksempel har de ikkje vaksne rundt seg på same måte, og for de som lever med utfordringar i heimen kan feriar derfor vere ekstra sårbare, avslutt ho.

– Knyter tette band

Robert Grimes er ein «tidsgivar» hos Blå Kors. Han har vore særleg engasjert i Blå Kors feriar, eit gratis tilbod for familiar som elles ikkje får reist på ferie. 

Grimes har hatt med dottera si på feriane sidan ho var fem, og i år skal ho også vere tidsgivar for fyrste gong.

– Ho strålte som ein sol når ho fekk givergensaren, fortel han over telefonen.

 Privat
SETT: Grimes fortel at mange av deltakarane opnar seg opp, og kjennar seg sett. Foto: Privat

På ein vanleg ferie er dei mellom 50 og 60 gjestar, og mellom 5 og 8 tidsgivare. Han fortel at det gjer inntrykk å bli kjent med dei som er der.

– Det er ganske sterkt å møte barn i 10–12 års alderen som aldri har hatt ferie, seier Grimes.

Mange av deltakarane knyter tette band under opphaldet. Men det gjeld også for tidsgivarane: Både han og dottera har heldt kontakten med fleire av deltakarane etterpå. 

– Når du sett 30–40 ungar saman så finn dei utav det, seier han og ler.

Grimes beskrivar deltakarane som folk frå alle sosiale lag, som alle er takksame for tilbodet.

– Folk smiler dagen dei kjem, og græt dagen dei drar, avslutt han.

– Krevjande å vere forelder

Karianne Dinessen er Seinorrådgivar ved Noregs Røde Kors. Ho fortel at dei får likande tilbakemeldingar på Røde Kors sitt ferietilbod, «Ferier for alle».

– Foreldra er glade for å kunne gi barna gode opplevingar, slik at dei har noko å fortelje om når skuleferien er over, seier ho.

 Røde Kors
PÅGANG: Dinessen fortel at det er stor pågang, og at folk søker langt ute i sommarferien. Foto: Røde Kors

Ho peiker på at det er fleire grunnar til at barn kan grue seg til ferien.

Det er ikkje berre utfordrande å ikkje få oppleve ting som klassekameratane dine får. Mange synst og det er vanskeleg å vere åleine, sidan alle andre er vekkreiste.

Derfor er ho svært nøgd når ho seier at mesteparten av barna hos Røde Kors fortel at dei har fått seg ein ny venn under opphaldet.

Men ho har forståing for at mange foreldre vegrar seg for å be som støtte.

– Det er tøffe tider, og krevjande å vere forelder når du ikkje kan gi barna dine det andre barn får, utdjupar Dinessen.

Ho håpar at foreldre likevel ikkje mistar håpet, og vågar å ta i tak tilbod som kan hjelpe.

– Mange kjenner på skam. Men samtidig trur eg det er viktig å hugse at dette er ein livssituasjon alle kan kome i. Vi er opptatte av at dette skal vere ein aktiv ferie for heile familien, avslutt ho.

Skilnad mellom jenter og gutar

Undersøkinga til Blå Kors bekreftar Dinessen sine mistankar. Dette er det andre året Ipsos gjennomfører ei undersøking for å sjå på barns feriehaldningar.

I undersøkinga deltok born mellom 8 og 19 år. Eit av funna var at antalet barn som gruar seg er noko lågare hos dei under 12 år.

 Tom Rune Orset / TV 2
EINSEMD: Mange barn kjenner seg einsame i ferien. Foto: Tom Rune Orset / TV 2

Fleire gutar enn jenter gruar seg fordi dei ikkje har råd til ferie. Og motsett gruar fleire jenter seg fordi dei ikkje har nokon å vere med.

I undersøkinga peiker dei på at gutar og jenter kjem truleg frå liknande heimar, og dette visar kva dei er mest vare for. Ikkje nødvendigvis ein skilnad i levevilkår.

 Ole Enes Ebbesen / TV 2
GRUAR SEG: Mange barn synst det er vanskeleg å ikkje kunne dra på ferie. Dette prøvar fleire kommunar og organisasjonar å hjelpe med. Foto: Ole Enes Ebbesen / TV 2

Mange barn er også bekymra for sjukdom i familien, krangling, og rusbruk. Til saman utgjer alkohol eller narkotikabruk 15 prosent av grunnane til at barn gruar seg til ferien.

Read Entire Article