Egil André og Berit er saksøkt av eigen kommune

2 weeks ago 8



Egil André Finstuen og Berit Brenden bur i kvar sin omsorgsleilegheit i Furuholtet i heimbygda Aust-Torpa i Nordre Land kommune.

I ein tredje leilegheit bur det ein 73 år gammal mann.

Alle tre har utviklingshemmingar, og får hjelp til det meste i kvardagen.

Men no vil kommunen at dei tre skal flytte til Landmo omsorgssenter i Dokka, om lag to mil unna.

For å spare pengar.

To personer interagerer ved et bord i et kjøkken. Den ene personen holder en hånd mot den andres arm. Det er tallerkener og drikke på bordet, og lys fra vinduet skaper en koselig atmosfære. Kjøkkenet har enkle møbler og interiør.En person sitter i en rullestol og ser mot venstre, iført en mørk genser. Hender med knyttede never er synlige. Omgivelsene inkluderer lys, planter og en lampe, som gir en hjemlig atmosfære. Bildet er trolig tatt innendørs.

Egil André og Berit treng hjelp med det meste. I leiligheitane i Torpa kjenner dei seg trygge.

OA har tidlegare omtalt denne saka.

Vil ikkje flytte

Men dei tre bebuarane og deira pårørande vil ikkje flytte.

– Dei har det så godt her, at dei kan ikkje få det noko betre, seier Ole Edvard Finstuen.

Han er far til Egil André.

Korkje Egil eller naboen Berit har språk til å seie akkurat kva dei meiner. Derfor er det dei næraste pårørande som snakkar deira sak.

– Det er heilt forferdeleg dersom dei må flytte, seier Randi Brenden Bjørnerud.

Ho er søster til Berit.

– Dette er heimen hennar, seier ho.

– Det er her ho får hjelp og tryggleik

To personer i rullestoler sitter foran i rommet, begge iført varme klær. Bak dem står tre personer, to med gensere og en i sort jakke. I rommet er det en peisovn og et bord med stoler. Lys fra en lampe bader rommet i et varmt skjær.

Egil André og Berit i fellesstova på Furuholtet saman med Ole Edvard Finstuen, Randi Brenden Bjørnerud og Anna Ekrem.

Foto: Arne Sørenes / NRK

Egil André og Berit i fellesstova på Furuholtet saman med Ole Edvard Finstuen, Randi Brenden Bjørnerud og Anna Ekrem.

Foto: Arne Sørenes / NRK

Les også: Frykter det skjer på flere sykehus: – Jeg er helt målløs

Utkastingsbrev i posten

I februar fekk dei tre bebuarane eit brev i posten frå kommunen.

Der stod det at butilbodet deira på Furuholtet skal leggjast ned, og at leigeavtalen dei tre hadde er sagt opp.

Bebuarane protesterte, og viste til at Furuholtet fungerer bra på alle måtar for dei som bur der.

Men til ingen nytte.

Bilde av et kart med navnet "Landmo" som viser bygninger og tjenester i området. Kartet står på et informasjonskjema ved inngangen til et bygg i en to-etasjes bygning med flere vinduer. Parkerte biler er synlige på asfaltplassen, og det er grønt gress i forgrunnen. Omgivelsene inkluderer skogkledde åser i bakgrunnen under en delvis skyet himmel.

Landmo omsorgssenter på Dokka er ein pleie- og omsorgsinstitusjon i kommunesenteret. Hit vil Nordre Land kommune at dei tre skal flytte.

Foto: Arne Sørenes / NRK

Landmo omsorgssenter på Dokka er ein pleie- og omsorgsinstitusjon i kommunesenteret. Hit vil Nordre Land kommune at dei tre skal flytte.

Foto: Arne Sørenes / NRK

Kommunen avviste klaga, og sende den til rettsmekling i Vestoppland og Valdres tingrett.

Der bad dei tre bebuarane om at saka måtte avvisast av retten.

Men retten var ikkje einig.

Dermed skal saka avgjerast i retten etter at Nordre Land kommune har reist søksmål mot dei tre bebuarane etter Husleigelova.

Egil André og far Ole Edvard Finstuen bruker huska ved bustaden så og seie kvar dag.

Kor skal dei bu, og kven skal bestemme?

I 2006 vedtok FN ein konvensjon kalla CRPD: FN-konvensjonen om rettar for personar med nedsett funksjonsevne.

I 2007 skreiv Noreg under på denne, og i 2013 vart den ratifisert. Det betyr at Noreg er forplikta til å følgje det som står i konvensjonen.

Anna Ekrem er leiar for Norsk Forbund for Utviklingshemmede i Nordre Land.

Ho meiner konvensjonen slår fast at personar med utviklingshemmingar sjølv har rett til å bestemme kor dei skal bu.

Tre personer sitter i en romslig og lys stue. Den første personen til venstre har på seg en svart jakke med en knapp som viser et logo. Personen i midten holder en liten gjenstand i hånden, mens den tredje personen til høyre er i en rullestol. Bakgrunnen har en kombinasjon av kunstverk og innredning.

Anna Ekrem leiar lokallaget av NFU i Nordre Land. Ho er sjølv frå Torpa og kjenner dei tre bebuarane godt.

Foto: Arne Sørenes / NRK

Anna Ekrem leiar lokallaget av NFU i Nordre Land. Ho er sjølv frå Torpa og kjenner dei tre bebuarane godt.

Foto: Arne Sørenes / NRK

Og ho peikar samstundes på norsk lov som skal sikre innbyggjarane helsetenester der dei bur.

– Og om ein legg dei to premissane saman, så vil jo ikkje Nordre Land kommune kunne spare pengar på å flytte folk, seier ho.

For alle dei tre bebuarane har sagt at dei ikkje vil flytte dit kommunen foreslår.

Både dei pårørande og Ekrem meiner kommunen må gje dei eit tilbod der dei sjølv vel å busetje seg.

– Det vil truleg bli dyrare, og ikkje billigare, seier Ekrem.

– Rett til å gje helsetenester der det passar kommunen

Ola Tore Dokken er ordførar i Nordre Land kommune.

Han innrømmer at dette er ei vanskeleg sak.

– Ja, særdeles, og me har brukt lang tid på den. Men dette er berre ein av mange krevjande saker kommune-Noreg står ovanfor, seier han.

Dokken peikar på at kommuneøkonomien fører til at dei folkevalde må gjere tøffe prioriteringar.

En mann i brunt dressjakke sitter ved et skrivebord i et kontor. Flere bilder henger på veggen bak ham. Han ser ut til å være i en samtale eller møte. En klokke er synlig i bakgrunnen.

Ordføraren i Nordre Land; Ola Tore Dokken.

Foto: Arne Sørenes / NRK

Ordføraren i Nordre Land; Ola Tore Dokken.

Foto: Arne Sørenes / NRK

– Vi er i ein pressa situasjon, og må kutte relativt mykje kvart år, legg han til.

Ordføraren vedgår at dei utviklingshemma har rett til å bu der dei sjølv vil.

Men han meiner helsetenesta blir betre dersom ein får samla denne på ein plass.

– Og så meiner me at kommunen bør har rett til å gje tenesta der me har moglegheit til å gje tenesta. Og det er jo noko av det som vil bli eit spørsmål i retten.

Tilbake til store institusjonar

– Dette er det vel berre eitt ord for, seier Tom Tvedt.

Han er leiar for Norsk Forbund for Utviklingshemmede i Noreg.

– Dette er hjarterått ovanfor dei individa det gjeld, seier han.

En mann som smiler til kameraet. Han står i en gate med mange folk i bakgrunnen.

Tom Tvedt er forbundsleiar for NFU i Noreg.

Foto: NFU

Tom Tvedt er forbundsleiar for NFU i Noreg.

Foto: NFU

Tvedt meiner saka i Nordre Land er eit døme på korleis mange kommunar no vil samle tenester til utviklingshemma, for å prøve å spare pengar.

Ansvarsreforma frå tidleg 1990-tal er på vikande front. Me ser at mange kommunar har eit institusjonstankegods. Dei ser på moglegheita for å flytta fleire og fleire saman, og gjerne på sjukeheimar og aldersheimar der helsetenestene alt er, seier han.

Han meiner Noreg dermed er på full fart tilbake til å samle personar med utviklingshemmingar på store institusjonar.

– Men dette har eit samla Storting sagt at me ikkje skal ha, seier Tom Tvedt.

Vil bli buande i Furuholtet, men...

Dei tre i Furuholtet og deira pårørande, er samde om at det er her dei vil bu.

– Det er heimen deira, på lik linje som huset mitt er heimen min, seier Kjell Ingar Taaje.

Han er verge for den tredje bebuaren.

– Om nokon kjem og vil kaste ut meg, så vil eg protestere. Det lyt dei få lov til, dei som bur her også, seier han.

En eldre mann sitter i en stol med en grå teppe på ryggen. Han har på seg en rutete skjorte og snakker inn i et mikrofon. Omgivelsene er en lys stue med gardiner og en enkel innredning. Bildefokuset er på mannen som holder blikket mot en usynlig samtalepartner.

Kjell Ingar Taaje er verge for den tredje bebuaren. Ein 73 år gammal mann utan nær familie.

Foto: Arne Sørenes / NRK

Kjell Ingar Taaje er verge for den tredje bebuaren. Ein 73 år gammal mann utan nær familie.

Foto: Arne Sørenes / NRK

75 år gamle Ole Edvard Finstuen har i alle fall planen klar dersom bufellesskapen til sonen Ole André blir lagt ned.

– Då flyttar eg han heim til meg, seier han.

Finstuen kan ikkje forstå at kommunen vil spare noko på det.

– Den hjelpa dei har her må dei jo ha alle plassar dei er.

Og, han legg til:

– Dei er jo torpingar alle saman, så dei vil jo vere i Torpa.

To personer står i en innkjørsel. Den ene personen holder den andre støtt, mens de ser mot kameraet. Bakgrunnen viser en bolig med trær i nærheten. Det er klart vær med naturlig lys.

Egil André og far Ole Edvard er saman nesten kvar dag.

Foto: Arne Sørenes / NRK

Egil André og far Ole Edvard er saman nesten kvar dag.

Foto: Arne Sørenes / NRK

Publisert 14.11.2025, kl. 08.04 Oppdatert 14.11.2025, kl. 08.37

Read Entire Article