Publisert: Publisert:
Nå nettopp
Debatt
Dette er et debattinnlegg. Innlegget er skrevet av en ekstern bidragsyter, og kvalitetskontrollert av Aftenbladets debattavdeling. Meninger og analyser er skribentens egne.
DEBATT: Stavanger bystyre har vedtatt ei rådgjevande skulemålsrøysting i «Sjernarøyane stemmekrets» som det står på ein plakat, noko som vel skal tena som ein frampeik. Dei var ikkje nøydde til det, men gjer det likevel.
Ein nyinnflytta austlending skriv i Aftenbladet at han håpar «fornufta vil sigre», og at det er dei som i dag er foreldre som skal bestemma dette. Det er det nå uansett ikkje, berre bystyret kan avgjera saka. «Fornufta» her dreier seg om at dagens unge skriv tekstmeldingane sine på bokmål. Det gjer dei ikkje, dei skriv på dialekt og dialekten her er ikkje bokmål.
Før skulestart forklarte mor at det var to skriftmål i landet, men at me skulle læra nynorsk fordi det låg tettast opp til talemålet vårt. Dette gjeld enno, me snakkar ikkje oslomål på desse kantar. Det er ein stor fordel for dei som skal læra å lesa og skriva at skriftmålet liknar talemålet. I dei søraustre delane av landet er talemålet etter kvart blitt likt bokmål, men me er vestlendingar og snakkar ikkje austnorsk. Då må me halda på den fordelen det er å ha eit skriftspråk som liknar på talemålet. All forsking og fornuft seier at dette gjer det lettare å læra å lesa og skriva.
Det at me hadde nynorsk på skulen har aldri vore noko problem i livet seinare og eg har aldri høyrt om nokon som har hatt det. Snarare har det vore ein fordel ved at me får eit meir variert språk. Dette er nyttig når ein skal formidla ting skriftleg, noko som er viktig i mange yrke.
Leiar av Fau ber i Øyposten om solidaritet med standpunktet deira. Men ein kan ikkje la stemninga hos nokre få personar vera avgjerande for lange tider framover. Får ein inn bokmål nå, vil dette bli vanskeleg å endra seinare. Avrøystinga nå kostar 150 000 kroner, og då vil nok argumentet bli at dette har ein ikkje råd til.
Når det kjem ein austmann her og fortel oss på trumpsk vis at berre dagens foreldre til skuleungar og ikkje me andre har noko å seia i saka, så er dette ein sterk motivasjon for meg til å stemma og stemma nynorsk. Fornuft har me så det held og saka gjeld heile samfunnet og kven me er.
Publisert:
Publisert: 3. september 2025 12:53

1 month ago
23

















English (US) ·