Eg har aldri i mitt liv før betalt 78 kroner for ein kopp cappuchino

1 month ago 22



Ei veke på Sørlandet. Idyll. Gode debattar. Påfyll. Berre så synd at Avinor og Kjevik flyplass øydelegg inntrykket.

Foto: NTB

Denne veka har eg hatt det særs triveleg på vene vakre Sørlandet. Arendal har levert. Eg er full av inntrykk. Eg har i tillegg besøkt nye spennande selskap i min bransje. Full av inntrykk og takksemd, tenkte eg å reflektere på veg hei, med ein kopp cappuchino på Kjevik, før flyet heim nordover tok av.

- 78 kroner!

Eg får nærmast sjokk.

– Hæ, seier eg, er du seriøst?

Dama bak skranken på Foodbar blir litt flau.

– Sorry, det er berre slik, eg kan ikkje gjere noko med det, seier ho.

Eg reiser mykje. Svært mykje. Mest i Noreg, men og ein del ute i verda. Eg har aldri i mitt liv før betalt 78 kroner for ein kopp cappuchino. Aldri over 70 kroner.

Kva i all verda slags kaffibønner har ein på Kjevik? Er dei innrulla i gull? Er bønnene brent separat, ei og ei? Kaffeprisane har sjølvsagt stege, lik det meste den siste tida, men 78 kroner?

Kjære de som styrer på Kjevik. Kjære de i Foodbar og særleg de i Avinor. De skryt i reklamane av at de skaper verdiar og at de er viktige. Men 78 kroner for ein kopp, det er rett og slett skammeleg.

Godtfolk, gjer opprør. Stopp denne galskapen.

Ja, eg er sunnmøring, men hallo 78 kroner er og alt for mykje for sindige sørlendingar.

Read Entire Article