Kvinna mista telefonen medan ho var på tur saman med venner i Hunter Valley i New South Wales i Australia tidlegare denne månaden.
Då ho skulle prøve å redde telefonen, sklei ho med hovudet først ned i ein tre meter djup bergsprekk. Ho sette seg fast mellom to store steinar, og blei hengande opp ned etter føtene.
Vennane prøvde først å redde henne sjølv, før dei etter ein time ringde etter hjelp.
Bilete ambulansetenesta i New South Wales publiserte på Facebook måndag, viser at berre fotsolane til kvinna var synlege då dei kom til staden.
Krevjande arbeid
I tillegg til ambulansetenesta, deltok også politi, brannvesenet og frivillige i redningsarbeidet, som tok sju timar, skriv CNN.
Først fjerna dei fleire store steinar for å lettare komme til der kvinna sat fast. Og så bygde dei er treramme for å sikre stabilitet mens redningsmannskapa arbeidde.
Då begge føtene var tilgjengelege, måtte prøve å få pasienten gjennom ein skarp S-sving, skriv ambulansetenesta på Facebook.
For å få til dette, måtte dei bruke ei kraftig vinsj for å løfte vekk ein 500 kilo tung stein.
– Aldri opplevd liknande
Etter sju timar med hovudet ned, var kvinna frigjort frå bergsprekken. Ho hadde berre mindre skrammer og blåmerke, ifølge ambulansetenesta.
Redningsarbeidet blei leia av Peter Watts som er spesialisert redningsmann i ambulansetenesta i New South Wales. Han seier han aldri hadde opplevd noko liknande.
– I løpet av mine ti år som redningsmann, har eg aldri opplevd ein jobb som denne. Det var utfordrande, men utruleg givande, seier han.
Han meiner samarbeidet mellom dei ulike etatane var avgjerande for det gode resultatet.
– Alle instansar hadde ei rolle, og vi samarbeidde utruleg godt for å oppnå eit godt resultat for pasienten.
Kvinna blei sendt til sjukehus for observasjon. Men telefonen hennar let seg ikkje redde, og blei liggande igjen i sprekken.
Publisert 22.10.2024, kl. 12.10