Drakk to sider til lunsj – fekk gigantbot

11 hours ago 3



Svippturen på apoteket vart veldig, veldig dyr.

 Mathias Kleiveland / TV 2
PROMILLEKØYRING: Mannen vart stogga med to sider innabords. Illustrasjonsbilete. Foto: Mathias Kleiveland / TV 2

Publisert 22.02.2025 12:42

Ein måndag i november i fjor vart ein mann i 40-åra stogga av politiet i Nordhordland.

Han sat bak rattet på ein personbil og fekk påvist 0,58 i promille.

Den korte køyreturen skulle vise seg å gi eit saftig innhogg i lommeboka.

Slutta tidleg og drakk to sider

Mannen møtte i Hordaland tingrett denne veka og tilstod promillekøyringa. 

Han fortalde retten at han den aktuelle dagen hadde hatt heimekontor. Men til lunsj avslutta han arbeidsdagen tidleg. Då fekk han lyst på sider.

 Ole Enes Ebbesen / TV 2
DYRT: Det kan bli dyrt å bli tatt i promillekøyring. Foto: Ole Enes Ebbesen / TV 2

– Eg tok to sider. Så kom eg på at eg hadde gløymd noko på apoteket. Så då gjorde eg ei ytterst dårleg feilvurdering og køyrde ned til apoteket, sa mannen til retten.

Solid bot

På vegen heim vart han stogga av politiet.

Det blei dyrt. Mannen i 40-åra må nemleg betale ei bot på heile 161.600 kroner for køyringa med to cider innabords. 

I tillegg vart han dømd til fengsel på vilkår i 14 dagar. Han må også klare seg utan lappen i 13 månadar.

Årsaka til den saftige bota er regelen om at bøter for promillekøyring skal tilsvare 1,5 ganger brutto månadsløn. 

Mannen jobbar som avdelingsleiar og har ei brutto årsløn på i underkant av 1,3 millionar kroner.

Read Entire Article