Dømt til fengsel etter massivt smuglarbeslag

1 day ago 3



Ein polsk mann i 40-åra er dømt til 2 år og 4 månader i fengsel for ulovleg vareinnførsel til Noreg.

Det kjem fram i ein dom frå Romerike og Glåmdal tingrett.

2. juli i fjor blei han stoppa ved Magnormoen kontrollstasjon i Eidskog med 3.160.000 sigarettar, 211 liter øl, 1 632 liter vin og 500 liter brennevin i lastebilen.

I retten nekta mannen straffskuld, og bad om å bli frifunnen.

Dommen mot han var einstemmig.

Beslag på Magnormoen 02. juli 2026

Slik såg det ut inne i lastebilen. Biletet er teke av mannen sjølv, og vart lagt fram som bevis i retten av politiet.

Foto: Politiet

Lasta med papp

Det var seint onsdag kveld den 2. juli i fjor, at mannen blei stoppa da han køyrde ei trekkvogn med hengar over grensa frå Sverige til Noreg.

Ved grensestasjonen i Eda i Sverige fortolla han 18 pallar med papp.

Han fortollar derimot ikkje dei 13 pallane han hadde med sigarettar, og heller ikkje sprit, vin, øl og sigarettar som var plasserte i pallekasser i bilen.

Aktor i saka, politiadvokat Wigdis Hjalmarsen, la i retten ned påstand om fengsel i 3 år, men fekk ikkje støtte frå retten for dette.

Beslag på Magnormoen 02. juli 2026

Bilete viser vogntoget med open luke ved ei pallkasse, ifølgje dommen.

Faksimile: Tollvesenet

Stansa på rasteplass

12 minutt etter at mannen passerte grensa blei han stansa på ein rasteplass av tollvesenet, og blei beordra tilbake til kontrollstasjonen for kontroll.

Sjølv nekta mannen i 40-åra for kjennskap til at pallane, som ifølge dommen blei lasta på bilen i Polen.

Mannen er, i tillegg til dømt til fengselsstraff, fråteken førarretten i Noreg for alltid.

Dommen er ikkje rettskraftig og kan ankast.

Mannens forsvarar, Karoline Andersen, seier dei no skal vurdere om dei vil anke dommen.

– Han meiner han er uskuldig, og er sjølvsagt skuffa over at han ikkje blei frifunnen. Samstundes er vi letta over at dommen går på aktlaust brot, seier ho.

Publisert 28.03.2026, kl. 14.53

Read Entire Article