Død i åtte timar og 48 minutt

9 hours ago 8



Inne i ei lita turisthytte på Hardangervidda ligg ein livlaus kropp på golvet.

To hender pressar mot brystet.

Takten går. Kompresjonar, igjen og igjen.

Vêret er for dårleg til at redningshelikopteret kan koma.

Eit unormalt kraftig uvêr for august har treft Vestlandet. Det fører til mange redningsaksjonar.

I Jotunheimen er ein dansk og ein norsk statsborgar funnen omkomne.

Ved Folgefonna er den amerikanske turisten Alec Luhn meldt sakna.

Og no, inne i den vesle hytta midt på Hardangervidda, gjer åtte personar det dei kan for å halda liv i ein livlaus kropp.

Enno veit dei ikkje at det skal gå gjetord om redningsaksjonen i «medisinverda».

Eit uvêr på veg

Fjellvande Mikael Jørgensen har lagt sommarferien sin til Hardangervidda.

Den norske 30-åringen er på solotur frå Haukeli med mål om å kryssa vidda.

– Eg har aldri sett så mange turistar i fjellet før som desse dagane, seier Mikael.

Starten av august er høgsesong for fotturar på Hardangervidda.

Det er ofte stabile forhold og bart. Mange reiser og på denne tida for å fiska.

Mikael er ein av dei som har med seg fiskestong på tur.

Etter nesten ei veke gåande på vidda får Mikael satellittmelding frå faren sin på GPS-en om at eit uvêr er på veg.

Han kjem seg opp på ein fjelltopp med mobildekning. Han sjekkar YR-appen.

Det er meldt vindkast opp mot 28 meter i sekundet. Og mykje nedbør. Det ser ikkje bra ut for å liggja ute i telt.

Han tek ein skjermdump for å hugsa vêrmeldinga når han går ut av dekning igjen.

Yr

Foto: Skjermdump

Han er vest på Hardangervidda, og ikkje langt unna DNT si turisthytte Torehytten, som ligg 1330 meter over havet.

Mikael bestemmer seg for å søka ly der.

Vêret bygger seg opp. Det er tre-fire grader.

Mikael Jørgensen testar vêret.

Privat

Mikael er gjennomvåt. Men inne i hytta får han på seg tørre kle.

Han set seg ved bordet saman med hyttevakta.

Over ein varm kopp kaffi pratar dei om uvêret ute og kor godt det er å vera inne.

På telttur med ein kompis

Også den danske legen, Tobias Nissen, er på telttur med ein kamerat på Hardangervidda.

Dei er kliss våte. Ikkje langt frå dei ligg Torehytten.

Det regner, blåser og er kaldt.

Dei bestemmer seg for å ta turen innom for å få tørka litt utstyr og få varmen i seg.

Når det er gjort, vil dei gå vidare.

Dei går så vidare på turen sin.

Om lag tre kilometer frå Torehytten ser dei plutseleg noko i terrenget.

Noko blått lyser mot dei.

Kva er det for noko?

Det liknar ein klespose som ligg på stien.

– Eg forstår at det må vera ein person som ligg på bakken, seier Tobias.

Dei spring bort. Dei ser at det er ein mann. Truleg i 20 åra.

Han snakkar utydeleg, men mumlar fram ord på engelsk.

Han veit ikkje kor han er, eller kva som skjer rundt han.

Klokka er 17.40. Personen er våt og nedkjølt. Han er i livsfare. Midt oppå Nord-Europas største høgfjellsplatå.

Tobias og kameraten prøver å få mannen til å reisa seg, men han kan ikkje gå.

Dei sleper personen inn under eit berg like ved, der det er litt ly mot regn og vind. Dei set på primusen og varmar vatn.

Tobias forstår at det er kritisk.

Dei legg han på eit liggeunderlag, med varmeteppe over.

Redningsaksjon etter turist ved Torehytten august 2025

Her ligg Tobias og held rundt den unge mannen.

Foto: Privat

Tobias og kameraten bestemmer seg for å dela seg. Tobias held rundt mannen medan kameraten tek på seg å springa etter hjelp.

Han set kurs mot Torehytten, nokre kilometer unna.

Inne i hytta sit Mikael og ser ut glaset. Det karakteristiske fjellet Hårteigen stig gjennom uvêrsskyene.

Han er eigentleg på telttur over vidda, men kjenner at det er godt å vera inne no når regnet piskar mot vindauget ute.

Det er fyr i peisen og eit tysk par sit no ved bordet saman med dei. Dei spelar eit slag Yatzy.

Brått blir hyttekosen avbroten. Døra går opp og ein andpusten mann kjem inn.

Han hiv etter luft og prøver å fortelja kva dei har funne berre nokre kilometer unna.

Dei treng hjelp.

Dei kastar frå seg terningane.

Mikael tek på seg klede og spring ut saman med dei andre.

Dei kjem fram til den unge mannen og Tobias.

Dei må prøva å få han med seg til Torehytten. Han må få varmen i seg.

Dei tek tak i kvar sin kroppsdel og prøver å bera han.

Det regnar kraftig og vinden har tatt seg opp.

Dei er midt på Hardangervidda. I eit område utan dekning.

Det er rundt tre kilometer å gå.

Redningsaksjon etter turist ved Torehytten august 2025

På andre sida av vatnet ligg hytta.

Det ser kanskje ikkje så langt ut.

Men for å koma seg dit må dei over eit juv.

Juv ved Torehytten

Juvet er så bratt at det er stup på eine sida og høg fjellvegg på den andre.

Fleire plassar må dei klyva.

Dei må og kryssa ei brei elv.

Dei har ikkje kome halvvegs til hytta ein gong før dei merker at mannen plutseleg blir veldig tung.

Han ser heilt livlaus ut. Augo forsvinn bak.

– Vi får ikkje til å vekka han. Men då fokuserer vi på å prøva å bera han vidare, men det er veldig tungt, sjølv om vi er fire, fortel Mikael.

Ein av dei som er med seier at det høyrest ut som at han tek sitt siste andedrag.

– Eg seier til dei andre at ein kan ikkje avgjera om nokon er død, når ein er så nedkjølt som personen er, seier lege Tobias.

Dei held fram å gå. Dei presser seg hardt.

Tobias kjenner blodsmak i munnen.

Han spring i førevegen for å henta fleire personar frå hytta som kjem til for å hjelpa.

Torehytten, Hardangervidda. To DNT-hytter står ved eit vatn. Hårteigen i bakgrunnen.

DNT si sjølvbetente turisthytte, Torehytten, med 24 sengeplassar.

Foto: Line Hårklau / DNT

Kamp mot klokka

Når dei endeleg kjem seg inn i hytta er klokka 21.54.

Det har gått over fire timar sidan dei oppdaga den unge mannen ved stien.

Utanfor er det mørkt. Lyset inne i hytta kjem frå nokre einslege stearinlys på borda og frå hovudlyktene frå dei som står over den livlause kroppen.

Varmen frå peisen og matlukt frå kjøkenet fyller hytta.

Dei legg han på eit liggeunderlag ved omnen, og får av dei våte kleda. Han har opne auge og lysstive pupillar.

Dei set på nedteljing på eitt minutt på mobilen.

Kompresjonar fram til alarmen ringer. Så to innblåsingar.

Kompresjonar fram til alarmen ringer. Så to innblåsingar.

Slik rullerer dei. Igjen og igjen.

– Det er noko spesielt ved å la munnen møta eit anna menneske sin munn, som er heilt kald. Ikkje noko fuktige lepper, berre kalde og stive lepper. Ein livlaus kropp, seier lege Tobias.

Inne i hytta er det heilt stille. Den einaste lyden er den rytmiske og repeterande lyden av kvart press og innblåsing.

For Mikael som aldri har opplevd noko liknande er det dramatisk.

– Det er veldig intenst, og eg tenkjer at dette ikkje vil gå bra.

Hjarte-lunge-redning av turisten ved Torehytten

Inne i hytta blir det rullert på å gje hjarte-lungeredning.

Foto: Privat

Eit redningshelikopter kjem, men må snu då det er for dårleg vêr til å landa.

Men klokka 00.43 kjem eit nytt helikopter frå Rygge. Det prøver å koma inn frå aust, og klarer å landa nokre meter frå hytta.

Mannskap frå redningshelikopteret går raskt inn i hytta. Dei setter på overvaking og trer ein slange ned i halsen på den unge mannen.

Målaren viser at kroppstemperaturen berre er 20,4 grader.

Når ein er så kald fungerer hjartemuskelen veldig dårleg, og faren for hjartestans er høg.

Hjartet slår ikkje. Men dei finn livsteikn.

Då går det fort. Dei set på ein mekanisk hjartekompresjonsmaskin, og mannen blir boren ut frå hytta og ført inn i redningshelikopteret.

Redningsaksjon etter turist ved Torehytten august 2025

Foto: Privat

Helikopteret stig opp, medan vatnet fossar ut mellom rotorblada og nedover.

Plutseleg er det heilt stille. Tilbake sit åtte personar på Torehytten.

Dei er heilt utmatta. Ingen veit korleis dette vil gå.

Dagane etter reiser alle vidare.

Lege Tobias og kompisen går vidare på turen sin.

Mikael som eigentleg er på solotur over Hardangervidda held fram med teltturen.

Han reflekterer etter nokre dagar kva han har opplevd:

Verdsrekord etter hjartestans

Inne i redningshelikopteret blei den unge mannen kopla til hjartekompresjonsmaskina.

Om bord var også overlege André Roslin.

Han var ein av fleire i helikopteret som henta pasienten frå Torehytten og fekk han med vidare til sjukehus.

Denne historia er så spektakulær at Roslin no skriv ein vitskapeleg artikkel om ho.

– Vi trur dette er den lengste vellykka gjenopplivinga av ein nedkjølt person som nokon gong er dokumentert, seier Roslin.

Medan pasienten er kopla på hjarte- og lungemaskina på sjukehuset, byrjar legane å varma han sakte opp.

Etter til saman åtte timar og 48 minutt med hjarte-lungeredning og bruk av kompresjonsmaskin, så byrjar hjartet å slå av seg sjølv igjen.

Den førre dokumenterte rekorden er på åtte timar og 42 minutt.

– Dette er heilt unikt. Og det mest utrulege er at han vaknar utan alvorlege hjerneskadar.

André Roslin i redningshelikopteret

Overlege André Roslin i redningshelikoptertenesta skriv no på ein vitskapeleg artikkel etter redningsaksjonen.

Foto: Privat

Når ein har vore så lenge livlaus er det nemleg stor sjanse for hjerneskade, men legane oppdaga ingen såkalla «nevrologiske utfall».

Men likevel var han alvorleg skada og måtte gå gjennom fleire operasjonar.

Men berre åtte dagar seinare blei han teken av pustemaskina, var vaken og snakka klart.

Aldri gje opp

Roslin meiner at historia viser kor viktig det er å aldri gje opp ved såkalla «hypoterm hjartestans».

Det stadfestar læresetninga brukt i medisinverda at «ingen er døde, før dei er varme og døde».

Den skildrar at oksygenkravet i kroppen går ned når kroppen er kald. Hjernen blir beskytta. Eit stoppa, men nedkjølt hjarta kan slå igjen.

Roslin meiner at det er mange samantreff som gjer at denne historia til slutt går bra.

– Tobias står utan tvil for det aller viktigaste bidraget. I tillegg til den imponerande innsatsen til alle inne på hytta.

I tillegg viser han til det gode tverrfaglege samarbeidet og kompetansen mellom redningstenesta og sjukehusa.

«Denne kasusrapporten skildrar fellesinnsatsen og læringspunkta som førte til den lengste dokumenterte vellukka gjenopplivinga av ein pasient med hypoterm hjartestans», skriv Roslin i eit samandrag av funna sine, publisert i Tidsskrift for Norsk anestesiologisk forening i oktober 2025.

Hugseregel frå medisinstudiet

Lege Tobias Nissen som fann den unge mannen liggande ved stien er til vanleg kirurgisk doktor ved Aarhus Universitetssjukehus i Danmark.

For han er bodskapet at ingen må gje opp, og spesielt ikkje om ein person i naud er kald.

– Det var difor eg ikkje stoppa å gje hjarte-lungeredning. For ein er ikkje død før ein er varma opp til 35 grader.

For under medisinstudiet i København hugsa Tobias historia om Anna Bågenholm som i 1999 overlevde kroppstemperatur på berre 13,7 grader utan hjerneskade.

Det var denne historia som fekk Tobias til å fortsetja og aldri gje opp.

– For eigentleg er det jo heilt «ko-ko» å starta med hjarte-lungeredning når ein person har vore død i ein time, og deretter halda fram i tre timar.

Det var først då Tobias kom ned igjen frå fjellet at han fekk veta at mannen hadde overlevd.

– Då blei eg veldig glad, og det var kjekt å kunne få gje beskjeden vidare til dei andre som hadde vore med.

Tobias Nissen

Lege Tobias Nissen synest det er kjekt at mange meiner han redda livet til den unge mannen, men viser og til at han ikkje kunne klart det åleine. – Vi stod saman, og det var eit teamwork.

Foto: Privat

Tidslinje redningsaksjon på Hardangervidda

Ein ung mann blir funnen kald og våt ca. tre kilometer frå Torehytten.

Fokuserer på opptrening

NRK har vore i kontakt med mannen, som er ein britisk statsborgar i 20-åra, som er på rehabilitering på sjukehus i heimlandet sitt.

Han veit at historia blir fortald, men ønskjer ikkje å kommentera ho, då han fokuserer fullt på opptrening og å bli bra igjen.

Mora vil takka alle som var med på å redda sonen sitt liv, som ho kallar for heltar.

– Timane med innsats som dei alle la ned for å redda sonen min var ikkje anna enn mirakuløse. Dei heldt fram sjølv når dei ikkje visste om innsatsen deira kunne enda forgjeves, seier mora.

I ettertid

Mikael som hamna midt i redningsaksjonen i sommar syntest den var dramatisk å stå i, men seier at det har gått fint i ettertid.

Spesielt sidan han fekk veta at mannen overlevde.

– Eg blei veldig letta då eg fekk beskjed om at han hadde klart seg.

Han skryt spesielt av innsatsen til legen Tobias.

– Ingen av oss andre hadde erfaring eller kunnskap om kva ein skal gjera i ein slik situasjon, så utan han veit eg ikkje korleis det hadde gått, seier Mikael.

Mikael Jørgensen

Mikael Jørgensen håpar historia kan vera med å opplysa fleire.

Foto: Privat

Hei!

Takk for at du las saka!

Har du innspel eller forslag til andre saker eg burde sjå på?

Ta gjerne kontakt med meg!

Publisert 15.03.2026, kl. 09.47

Read Entire Article