DNT pyntar på rolla si i villreinen si krise

2 weeks ago 13



Publisert: 29.04.2025 05:30

Den Norske Turistforening (DNT) påstår at dei tek ansvar for villreinen. Men gong på gong motarbeider dei tiltak.

Når DNT svararkritikken frå forfattar Henrik Hovland, viser dei til at nokre stiar er flytta og nokre hytter delvis er stengde. Men desse endringane er oftast initierte av fjellstyre og naturforvaltinga, ikkje av DNT.

Samtidig som DNT forsvarar seg i media, reklamerer dei for opne turisthytter i høgfjellet. Midt i villreinens kalvingsperiode. Høggravide simler blir jaga vekk medan dei leitar etter kalvingsplass. Ville vi akseptert det for nokon annan?

Villreinen treng betre tilhøve både i randsonene og kjerneområda. I kjerneområda er DNT ein stor tilretteleggjar for ferdsel. DNT opptrer meir som ein reiselivsaktør enn ein naturvernorganisasjon: Dei reklamerer heftig og prioriterer eigen infrastruktur og medlemsvekst. Ei kommersiell drift er pakka inn i språk om folkehelse og enkelt friluftsliv.

Villreinen er ein nøkkelart i høgfjellet. Eit sterkare vern av villreinen sikrar eit breitt naturmangfald og ein kulturarv som er djupt forankra i oss.

At DNT vel å ignorere ansvaret, minner om ei form for fornekting. Det held ikkje lenger.

Villreinen betaler prisen.

Bjarte Hestdalen

Leiar, La villreinen leva

Guri Sørumgård Botheim

Nestleiar, La villreinen leva

Read Entire Article