Dette svarar dei på skuldingane om «bisarre» overgrep

1 week ago 12



«Åtte år av livet øydelagd av overgrep». 

«Hadde eg budd heime eitt halvt år til, hadde eg ikkje overlevd». 

Slik omtalar søskenparet på no 12 og 17 år, som skal ha blitt valdteke av mor, far og storebror, oppveksten sin.

Frontane er steile i den massive ankesaka som har gått for Gulating lagmannsrett gjennom nesten 14 veker i haust.

Falske minner?

I same kompleks er ein nabomann skulda for å ha valdteke sin eigen son (11) og dottera til det medtiltalte foreldreparet.

Skildringane til barna strekkjer seg frå det ein er van med å høyre i andre overgrepssaker, og over i det meir sadistiske og «bisarre». 

Sakkunnige meiner nabosonen underrapporterer om dei overgrepa han skal ha blitt utsett for.

Denne veka har det vore avsluttande prosedyrar i ankesaka. 

Påtalemakta kravde lange fengselsstraffer og bistandsadvokatane bad om fleire millionar kroner i erstatning.

Onsdag og torsdag har dei tiltalte svara på skuldingane.

Stikkord er falske minner, påverknad frå barnevernstilsette og spegling av overgrep.

Alle forsvararane kravde frifinning og gjekk til frontalåtak på eit barnevern og politi som dei meiner køyrde seg fast i ein hypotese.

Faren: – Ein kampanje

– Dei har gått i stadfestingsfella. Det vart sett i verk ein kampanje om at «her har det skjedd ting i heimen», sa forsvarar Jan Henrik Høinæs i sin prosedyre.

 Silje Tangen Kinserdal / TV 2
FRIFINNING: Advokat Jan Henrik Høinæs Foto: Silje Tangen Kinserdal / TV 2

Han og advokatfullmektig Helene Hjelmås forsvarar trebarnsfaren som fekk 21 års forvaring i tingretten, for valdtekter av sine to yngste barn.

Mannen er tidlegare dømd for nedlasting av store mengder grovt overgrepsmateriale. «Blondpus», som han kalla seg sjølv i chattar på nettet, avviser at barna kan ha fått tilgang til dette og at det er derifrå dei grove overgrepshistoriene kjem.

– Men ein kan sjølvsagt stille spørsmål ved det. Kan barna ha vore eksponert for dette materialet? Og difor få innblikk i noko dei ikkje skulle hatt, utan at faren var kjent med dette?, bad Høinæs retten spørje seg. 

Den tiltalte har lenge hatt eit anstrengt forhold til barnevernet. Han meiner dei har førehandsdømd han. 

Høinæs peika spesifikt på kva som skjedde i dagane før det første tilrettelagde avhøyret av den no 17 år gamle sonen, 8. juli 2021. Då var guten saman med ein familieterapeut frå barnevernet som følgde han opp.

– Det er stor risiko for at det har skjedd påverknad i dagane før dette. Guten fortalde då om ein dusjepisode som vi meiner ikkje er straffbar, men ein normal stellesituasjon. I avhøyret 8. juli har det sklidd over grensa for det straffbare, sa forsvararen.

Mora: – Minner om avhøyra i Tengs-saka

Også den tiltalte mora sine forsvararar, Robert Fonn og Astrid Aksnes, hamra laus på barnevernet.

 Eva Frimanslund / TV 2
FORSVARAR MORA: Advokat Astrid Aksnes. Foto: Eva Frimanslund / TV 2

– Politiet halsar etter barnevernet. Det ber både etterforskinga og samtalane med barna preg av, sa Fonn.

Dei meiner med stor sannsynligheit at søskenparet har blitt påverka. Fonn viste til bruk av quiz, ja/nei-spørsmål, kva informasjon som blei gitt til barna når, før dei så fortalde historier om overgrep. 

Fostermor: – Eg veit eg har tråkka i salaten

Gjennom ni tilrettelagde avhøyr av jenta vinter og vår 2021, fortalde ho aldri om overgrep frå mor og far. Berre frå naboen, men heller ikkje det med ein gong. 

Fonn argumenterte for at barnevernet då henta fram dei same metodane, og spørsmåla, for å få jenta til å fortelje om overgrep også frå faren. 

Og seinare også om mora.

– Det minner meg om avhøyrsmetodane ein brukte for å få fetteren til å snakke i Birgitte Tengs-saka. At ein skal stille spørsmål og fantasere seg inn i ting. Det går fullstendig gale av stad også i denne saka, sa Fonn.

Slaktar samtalane barnevernet hadde med barna

Han synte elles til den totale mangelen på tekniske funn i huset i forhold til mora. Og også det faktum at foreldra tok sonen med til BUP for behandling.

– Kor stor risiko var ikkje det? At guten fekk sitje aleine og snakke med ein behandlar som kunne fått masse informasjon?, spurte Fonn.

Storebroren: – Horribelt

– Det er barnevernstenesta som brakte storebroren inn i denne saka, sa forsvarar Alexander Sele.

 Robert Reinlund / TV 2
FORSVARAR STOREBROREN: Advokatane Alexander Sele og Ingvill Gjerstad. Foto: Robert Reinlund / TV 2

Bakgrunnen for tiltalen mot storebroren er spesiell i denne saka. 

Fordi han vart sikta først i februar 2023. Då var det allereie tatt ut tre alvorlege overgrepstiltalar mot far, mor og også naboen.

– Det er heilt horribelt, eigentleg, kommenterte Sele om korleis storebroren vart «vikla inn» i saka sommaren og utover hausten 2022.

Dette svarar barnevernet om skuldingane om påverknad

Før det, i svært mange avhøyr, var storebroren som overgripar aldri eitt tema. 

Han er ein del eldre enn småsøskena sine og har difor ikkje budd saman med dei på lenge.

– Tvert imot seier veslebroren lenge at storebroren ikkje visste noko om overgrep. Han hadde heller eit håp om at storebroren kom ned til huset i håp om at overgrepa skulle stogge.

 Silje Tangen Kinserdal / TV 2
FORSVARARAR: Kai-Inge Gavle (t.v) og Kim Brügger Villanger forsvarer nabomannen i 30-åra. Foto: Silje Tangen Kinserdal / TV 2

Nabomannen: – Ho opplevde det heime

I all hovudsak er det tre hovudpoeng i forsvaret til nabomannen; påverknad, traumatisk oppleving for sonen og overgrepsmaterialet til naboen.

På siste punkt viste advokat Kai-Inge Gavle til den mykje omtalte dommen mot trebarnsfaren i 2018. 

– Det fanst store mengder med overgrepsmateriale i heimen til jenta fram til 2017. Vi kan difor trygt legge til grunn at ho har opplevd ting i eigen heim. Det er ikkje usannsynleg at ho er utsett for overgrep heime, eller blitt eksponert for overgrepsmaterialet til faren, sa Gavle.

Den tiltalte trebarnsfaren reagerte ved å riste kraftig på hovudet og sukke høgt. 

Gavle omtalte både den enorme kontakten på Google Duo og nakenbileta av jenta på mobilen som uheldige. Her har nabomannen forklart at det var sonen hans som tok bileta.

Sambuaren sende melding: – Ho er ikkje her for å leike med deg aleine

 Gavle la ingenting mellom då han argumenterte for påverknad av jenta som totalt har forklart seg om overgrep frå fire vaksne før ho var ti år.

– Graverande. Samtalane er talrike. Ting blir gjenteke og gjenteke. Det skapar grunnlag for falske minner. 

Nabomannens son har store utfordringar i dag. Forsvaret meiner det ikkje handlar om overgrep, men det traumatiske ved at guten vart riven ut av egen heim.

– Men alt jenta fortel er nok ikkje berre fantasi. Ho har sett eller opplevd noko. Det er det ikkje tvil om. Vår klient meiner det kjem frå eigen heim. Men at ho skjerma eigen familie og speglar det over på han.

 Helge Birk Knudsen / TV 2
KOMPLEKST: Saka om moglege overgrep i eit nabolag i Ullensvang kommune er svært kompleks. Dette er dei involverte og dommane dei tiltalte fekk i tingretten. Foto: Helge Birk Knudsen / TV 2

Kva sa barnevernet?

Barnevernsleiaren i Hardanger sa til lagmannsretten at ho hadde ransaka seg sjølv «grundig» i forbindelse med saka. Ho avviste ikkje at noko kritikkverdig kan ha skjedd.

Men ho stod likevel fast på at det ikkje har skjedd påverknad frå deira side i saka.

– Vi har våre eigne spor vi må følgja i våre undersøkingssaker. Der vi er uroa, ikkje berre for overgrep om politiet skulle legge vekk det, men for omsorgssituasjonen til barna. I denne saka har vi vore svært uroa, sa barnevernsleiaren.

Familieterapeuten, som hadde mange samtalar med den no 17 år gamle guten, sa i tingretten «at ingen barn kan fortelje dette utan å ha opplevd det sjølve».

Dom er venta i løpet av januar 2025.

Read Entire Article