Dette seier ekspertane: Dei største feila til Trump i valkampen

6 days ago 6



Donald Trump har gjort fem store feil hittil i presidentvalkampen.

Det meiner statistikaren Nate Silver, som har vorte kjend som ein slags profet når det gjeld amerikansk politikk.

I fleire val har han nemleg klart, i stor grad, å føreseia resultata ved hjelp av matematiske modellar.

I eit innlegg på X/Twitter listar han opp dei fem største feila han meiner Trump har gjort:

  1. Å velja J.D Vance som visepresidentkandidat.
  2. Ei dårleg tale på landsmøtet til Republikanarane, kor han ikkje utnytta velviljen han hadde etter å ha vorte skoten.
  3. Han var ikkje førebudd på at Kamala Harris skulle ta over som Demokratanes kandidat.
  4. Han var ikkje førebudd til presidentdebatten denne veka og/eller klarar ikkje å levera på topp heile tida.
  5. Å gå med på ein tidleg debatt mot Joe Biden, før sistnemnde trekte seg.

– Truleg den med størst konsekvensar, sjølv om ein kan forstå kvifor dei gjorde det, skriv Silver om det siste punktet.

Etter at Harris offisielt vart Demokratanes presidentkandidat, har ho tatt igjen forspranget Trump hadde over Biden.

Hvem leder på meningsmålingene?

Portrettbilde av Harris

Harris Demokrat

Portrettbilde av Trump

Trump Republikaner

Snitt av nasjonale målinger. De viser hvordan støtten til kandidatene utvikler seg over tid, men det er resultatene i hver delstat som avgjør valget. Sist oppdatert Kilde: FiveThirtyEight

Meiner Trump styrer etter gamal plan

Sjølv om alderen og helsa til Biden har vore tema i fleire år, auka kritikken mot han etter den fyrste presidentdebatten 28. juni.

Fleire meinte han gjorde svært dårleg figur, og stadig fleire kjende demokratar bad Biden trekka seg. Det gjorde han nøyaktig tre veker etterpå.

– Trump kunne jo ikkje veta, då han gjekk med på ein tidleg debatt, at det ville føra til at Biden trekte seg som kandidat. Det hadde han ikkje noko måte å vita, så eg vil ikkje nødvendigvis kalla det ein feil.

Det seier Sofie Høgestøl, USA-kjennar og førsteamanuensis ved Universitetet i Oslo.

Ho er derimot samd i at J.D. Vance var eit dårleg val som visepresidentkandidat, og viser til at han er den mest upopulære visepresidentkandidaten i nyare tid.

Det er likevel noko anna Høgestøl trekker fram som den største feilen til Trump:

– Han har ikkje greidd å omstilla seg frå valkampen han trudde han skulle vera i, mot Biden, til den valkampen han no er i.

Sofie Høgestøl

Førsteamanuensis Sofie Høgestøl meiner Trump ikkje har klart å vri om strategien sin etter at Harris vart motkandidaten hans.

Foto: Johanna Hauge / NRK

Trump har nemleg vist seg frå ei anna side etter at han fekk ein ny motkandidat i Kamala Harris, meiner Høgestøl.

Før sommaren beskriv ho Trump som meir disiplinert enn me er vane til å sjå han; flinkare til å snakka om sakene som er viktige for folk.

– Etter sommaren har han vore litt meir ute å køyre, tilsynelatande fordi han slit med å omstilla seg etter at Biden trekte seg, seier USA-kjennaren.

Meiner Trump manglar disiplin

Mangelen på disiplin er òg noko Sigrid Gårdsvoll, politisk kommentator hjå Amerikanskpolitikk.no og i Vårt Land, trekker fram.

– Det har ikkje skada han før, men i den spesielle situasjonen han er i no, har han behov for å vera disiplinert, seier Gårdsvoll.

En TV-skjerm viser Donald Trump og Kamala Harris i presidentdebatten i september 2024.

Kamala Harris såg ut til å mora seg under presidentdebatten mot Donald Trump denne veka, meinte fleire i etterkant.

Foto: Matt Slocum / AP

Det var spesielt tydeleg under debatten mot Kamala Harris denne veka, som ho meiner hadde vore heilt annleis om Trump hadde vore meir disiplinert.

Sigrid Rege Gårdsvoll, kommentator hos Amerikanskpolitikk.no og i Vårt Land

USA-ekspert Sigrid Rege Gårdsvoll meiner Trump mangla disiplin i debatten mot Harris.

Foto: Privat

– Så han slepp rett og slett ikkje unna med det same mot Kamala Harris som han gjorde mot Joe Biden?

– Nei, han gjer rett og slett ikkje det. Kamala Harris er mykje betre utstyrt no enn det Joe Biden var, til å utnytta svakheita Trump har med å ikkje halda seg til saka.

Nokre få vippestatar har ofte stor påverknad på amerikanske val. Slik er stoda akkurat no:

Har gjort noko rett òg

Gårdsvoll peiker likevel på ein ting ho meiner Trump har gjort heilt rett hittil i valkampen.

– Han har brukt ein del tid på å vera gjest i podkastar, direktesendingar og hjå sosiale medium-influensarar som er populære blant unge menn. Det er ei gruppe der han har stort potensial.

Det er noko Gårdsvoll trur Kamala Harris kunne lært av.

– Det er litt tidleg å seia om det er ein feil eller ikkje, men ho har ikkje gitt spesielt mange intervju til media. Eg trur ho kunne fått mykje ut av å gjera noko tilsvarande som Trump, men på andre plattformer – altså snakka med podkastarar og influensarar.

Sofie Høgestøl seier Harris har gjort mykje riktig hittil, men meiner ho snart bør koma med meir konkrete planar for økonomien viss ho vinn valet.

Meiningsmålingar viser nemleg at veljarane har meir tillit til Trump enn Harris når det gjeld økonomiske spørsmål, seier USA-kjennaren.

– Når økonomien er den viktigaste saka i valkampen, er ikkje det berekraftig. Viss ho skal vinna, må ho gjera det betre på økonomien enn ho gjer no. Det er kanskje det største forbetringspotensialet ho har som kandidat.

Publisert 12.09.2024, kl. 16.25

Read Entire Article