
CAMPUS FOR VAKSNE: I 1976 reiste Voss eit bygg som kan vere svaret på den varsla personellkrisa i Distrikts-Noreg. Ved å flytte eldre ut av spreidde einebustader og inn i hjartet av bygda, kan norske kommunar spare over 11.000 årsverk.
Foto: Jon_Hunnalvatn / NRKMens heimesjukepleiarar i distrikta kastar bort opp ein tredel av dagen bak rattet, viser ei 50 år gammal blokk på Voss veg ut av krisa.
På Vossevangen blei det i 1976 reist eit bygg som kan vise veg ut av personellkrisa i norske distriktskommunar.
Magne Berg (70) flytta inn for tre år sidan.
Først kvidde han seg for å bryte opp frå heimen 15 kilometer utanfor sentrum, men ganske fort kom han på andre tankar.
Han kan gå tørrskodd ned på butikken i første etasje, og fleire gonger i veka er han med på fellestreningane i huset.
– Aktivitetar er viktig når du har komme litt opp i åra, seier han.
– Så du ikkje berre blir sittande å sjå ut glaset, eller på fjernsynet.
– Eg ser at dei tilbyr yogatreningar også?
– Det har eg ikkje prøvd ennå, men under Vossajazz arrangerer dei konsertar på huset. Heilt gratis!
– Har du gjort deg nokon tankar om kor lenge du vil bu her?
– Til dei ber meg ut, haha.
– Eg er heldig som får bu her.
– Eg skjønner ikkje kvifor det ikkje er fleire bustadar som dette. Husleiga er låg, og det er sosialt, seier Magne Berg.
Foto: Christine Kolstad / NRKBlokka, eller «Sosialbygget», rommar ein eigen velferdssentral som serverer middag kvar dag, men elles lever dei 110 leigetakarane som studentar flest:
Dei klarer seg stort på eiga hand og dei gjer som dei vil.
Den einaste skilnaden er at dei er litt pleietrengande.
Ikkje veldig, men litt.
Denne seniorgruppa veks no raskare enn nokon gong.
«Sosialbygget» i Voss rommar ein eigen velferdssentral som serverer middag kvar dag.
Illustrasjon: Marit Henriette Skjævesland Gustavsen / NRKDei er ikkje like unge og raske som i sine velmaktsdagar, men klarer seg stort sett sjølve.
Iallfall om dei får ei hjelpande hand frå tid til anna.
– Ordninga har vore ein suksess i alle år, seier kommunalsjef og tidlegare Voss-ordførar Hans-Erik Ringkjøb.
– Suksessen gjer at kommunen har vedteke ein ny bustadstrategi der vi oppmuntrar fleire til å flytte saman i bufellesskap, seier Hans-Erik Ringkjøb.
Køyrer bort 30 prosent av arbeidsdagen
Sjå føre deg eit hus på den andre sida av fjorden. Det ligg kanskje berre nokre hundre meter unna i luftlinje, men fjorden er djup og vegane lange.
For å komme over må du køyre tre mil inn til fjordbotnen og tre mil ut igjen på den andre sida.
For ein heimesjukepleiar i Distrikts-Noreg er bilen det viktigaste arbeidsverktøyet, men også den største tidstjuven.
Eit døme er Bjørnafjorden i Vestland, der heimetenesta bruker 30 prosent av arbeidsdagen på å køyre til og frå folk som er litt pleietrengande.
Langs svingete vestlandsvegar brenn heimesjukepleiarar opp verdifulle arbeidstimar i ein endelaus odyssé. Fleire rapportar peikar på bilkøyring som ein av sløsefaktorane i den norske omsorgstenesta.
Illustrasjon: Marit Henriette Skjævesland Gustavsen / NRKVed å flytte eldre ut av spreidde einebustader og inn i hjartet av bygda, blir heimesjukepleia spart for alle timane bak rattet – og kan i staden bruke tida på kjerneoppgåvene.
– For våre medlemmer i heimetenesta kan det vere bra med meir samlokaliserte servicebustader. Blir det mindre reiseveg, kan det gi meir tid til kvar enkelt brukar, seier Tarjei Leistad i Fagforbundet.
Leistad legg til at meir fortetting og «klynging» i sentrum kan bøte på det som er eit stort problem for mange eldre: einsemd.
– Vi veit også at mange distriktskommunar treng fleire bustader til nystifta familiar og andre tilflyttarar. Utbygging av fleire servicebustader kan frigjere ordinære bustader til desse.
Kjærleikens ferjereiser: For heimesjukepleiarar i Distrikts-Noreg er bilen det viktigaste arbeidsverktøyet, men også den største tidstjuven.
Foto: Nils Ole Refvik / NRKEin vinn-vinn-plan for 11.000 årsverk
Ifølge Agenda Kaupang kan kommunane spare 11.000 årsverk på ein meir «berekraftig bustadprofil».
Nøkkelen er å stimulere fleire eldre til å flytte inn i universelt forma bustader i sentrum av kommunane, og å flytte innsatsen nedover i omsorgstrappa.
I staden for å tilby full overvaking til dei som nesten er friske, kan fleire eldre bu heime med mindre tilsyn.
Rapporten trekker fram pilotprosjektet «Tømmerkaien» i Skien som eit eksempel på kva som er mogleg å få til om den politiske viljen er der.
I byte mot å selje bustaden, får eldre skiensarar og grenlendarar tilbod om kommunalt subsidierte leilegheiter i sentrum.
– Vi trur at slike tilrettelagde bustader kan bidra til at fleire klarer seg med mindre omfattande tenester over tid, seier Skien-ordførar Marius Roheim Aarvold (H).
– Bustader som Tømmerkaien gir kommunen betre høve til å bruke knapp arbeidskraft der behovet er størst, seier Marius Roheim Aarvold.
Foto: Ken Markus Christensen / NRKMilliardane som støvar ned i statskassa
I mars fekk regjeringa to nye rapportar på bordet frå høvesvis Husbanken og Nordlandsforskning.
Begge rapportane seier at kommunane har mykje å gå på når det gjeld å kople bustadplanlegging til framtidig tenestebehov.
I dag kan bustadbyggarar få tilskot frå staten til å bygge omsorgsbustader med heildøgnstenester, men ikkje til å bygge servicebustader.
Heilt bakvendt, meiner NHO.
Ifølgje organisasjonen bør regjeringa utvide ordninga straks, og det av fleire grunnar:
- Tilskot til servicebustader utset behovet for dyre sjukeheimsplassar, som har ført fleire norske kommunar ned i kneståande.
- Tiltaket er budsjettnøytralt. I statsbudsjettet for 2025 stod det igjen 800 millionar kroner i omsorgsbustad-potten som ikkje blei nytta.
- Tilskot til førebyggande servicebustader bidrar til å realisere regjeringa sitt mål om 130.000 nye bustader.
– Her snakkar vi om ein kindereggeffekt med tre gevinstar, seier Kristian Torvei i NHO.
Gammal betong, moderne løysing
Mens resten av Kommune-Noreg riggar seg for ein varsla krise, står Sosialbygget i Voss som eit støtt bevis på at gårsdagens arkitektur kan vere med å løyse morgondagens flokar.
Her har leigetakarane fridom til å styre eigne liv – og vissheta om at hjelpa berre er ein heistur unna.
I dag bur halvparten av dei som er meir enn 67 år gamle i einebustader. Hus som kan vere tøff vertskap for knirkande ledd og kne.
Illustrasjon: Marit Henriette Skjævesland Gustavsen / NRKPensjonistforbundet og KS er klare på at det manglar eit tydeleg mellomnivå i bustadtilbodet til eldre.
– Servicebustader vil vere eit viktig trinn mellom ordinære bustader og heildøgns omsorgsplassar, seier leiar i Pensjonistforbundet Jan Davidsen.
– Vi har i fleire år oppfordra både regjeringa og Stortinget til å inkludere servicebustader i tilskotsordninga, seier KS-leiar Helge Eide.
Bebuarane på Sosialbygget i Voss går fleire turar i nærområdet kvar veke, og nokre gongar drar dei på lengre utfluktar.
Regjeringa svarer: – Alle forslag er velkomne
Statssekretær i Helse- og omsorgsdepartementet, Ellen Rønning-Arnesen, viser til at regjeringa har oppretta eit nytt tilskot til privatpersonar som vil gjere bustaden meir aldersvennleg, slik at dei kan bu heime lenger.
Ho legg til:
– Vi er einige i at vi må planlegge for fleire og varierte aldersvennlege butilbod. Samtidig må vi legge til rette for at det blir bygd og fornya nok heildøgns omsorgsplassar. Her er alle forslag velkomne.
– I tillegg jobbar vi med å få fart på aldersvennleg bustadbygging. Her skjer det mykje bra i norske kommunar allereie.
Pensjonistforbundet
Jan Davidsen, Pensjonistforbundet
Servicebustader er i stor grad eit førebyggande bustadtiltak, mens heildøgns omsorgsplassar er eit tilbod til personar med omfattande helse- og omsorgsbehov. Ei samanblanding kan derfor svekke utbygginga av heildøgns omsorgsplassar. Vi forventar derfor at det blir etablert ei eiga ordning for servicebustader med eigne rammar, slik at dette ikkje går ut over utbygginga av heildøgns omsorgsplassar.
Benyamin Farnam / NRK
Helge Eide, områdedirektør for samfunn, velferd og demokrati i KS
Vi legg til grunn også at forenklingar og meir fleksibilitet i Husbankens investeringstilskotsordning blir eit tema regjeringa grip fatt i nå som oppfølging av den første rapporten frå kommunekommisjonen.
Ken Markus Christensen
Marius Roheim Aarvold, ordførar i Skien
Vi kjenner oss godt igjen i utfordringsbildet, med aukande press på personell og behov for gode løysingar i helse- og omsorgstenestene framover. I Skien har vi gjort gode erfaringar som viser at bustadpolitikk og helsepolitikk heng tett saman.
William Jobling / NRK
Bengt Fasteraune, kommunalpolitisk talsperson for Senterpartiet
Dette viser korleis distrikts- og velferdspolitikk heng saman. Forslaget til NHO om å utvide støtteordninga er interessant der det er eit ønske frå kommunane, og ikkje minst dei eldre om slike bustader. Nokon kan ønske å bu nært butikkar og anna servicetilbod, mens andre vil ønske å bu i sin eigen bustad så lenge som mogleg.
Nordlandsforskning
Trond Bliksvær, Nordlandsforskning
Skort på bustader og variasjon i bustadmassen er ei stor utfordring i mange kommunar. Det er då interessant at det synest å ha vore stort underforbruk av ordninga med tryggheitsbudstader. Det er mange kommunar og politikarar som ønskjer tilbake Statens/Husbanken sitt tilskott til å bygge kommunale utleigebustader, som blei fjerna i 2024.
Pressefoto / OBOS
Thomas Skjennald, Obos
Vi har prosjekt som rettar seg mot eldre bustadkjøparar. Bølgelengda på Lambertseter er eit slikt eksempel. I slike samanhengar kunne til dømes fellesareala (som blir prioriterte i slike prosjekt) vore finansierte gjennom Husbanken. Den ville monnen på prisen utan at gevinstane fell til første bebuar.
Getty
Morten Korslund, Gjøvik bustadstifting
Morten Korslund i Gjøvik bustadstifting fortel at dei har bygd om ei heil bustadblokk med 49 leilegheiter, slik at ho er tilpassa personar som treng hjelpemiddel:
– Heimesjukepleia sparer mykje tid når dei berre kan gå frå dør til dør, utan å måtte sette seg i bilen.
Raymond Eide
Kathrine E. Standal, dagleg leiar for Boligstiftelsen i Trondheim
Standal meiner ein ikkje-kommersiell utleigesektor vil dempe utfordringane med dagens bustadsituasjon.
Til liks med KS etterlyser ho ei tilskotsordning som ikkje skil like skarpt mellom «omsorgsbustader» og «servicebustader»:
– Fordelen med å gi tilskot til stiftingar er at tilskotet alltid vil haldast innanfor formålet, og at det ikkje vil vere ei overføring av offentlege midlar til private.
Publisert 04.04.2026, kl. 09.02














English (US)