Det israelske forsvaret åtvarar mot «jødisk terrorisme»

2 weeks ago 9



Førre veke åtvara den israelske tryggingstenesta Shin Bet om «jødisk terrorisme» på Vestbreidda.

– Terrorismen er ute av kontroll og er blitt ein alvorleg trugsel mot den nasjonale tryggleiken, skreiv leiaren for tenesta, Ronen Bar, i eit brev til statsminister Benjamin Netanyahu, justisministeren og fleire regjeringsmedlemmar.

Han sa også at valden vil skape «ubeskriveleg skade» på Vestbreidda.

Torsdag stilte det israelske forsvaret (IDF) seg bak åtvaringa.

Dei la til at leiarane i dei jødiske busettingane gjer lite for å hindre valden mot palestinarar på Vestbreidda, som har auka heilt sidan starten på krigen mellom Israel og Hamas på Gazastripa.

– Eg ser dette som eit uttrykk for at IDF byrjar å bli lei av å ta ansvar for det dei ser hevar konfliktnivået betydeleg, seier spesialrådgjevar Hanne Eggen Røislien i Forsvarsstaben.

Hanne Eggen Røislien

Hanne Eggen Røislien.

Foto: Ruth Synnøve Barsten / NRK

Raidet i Jit

Åtvaringa frå IDF kom dagen etter at dei publiserte funn frå ei gransking av raidet av den palestinske landsbyen Jit, nord på den okkuperte Vestbreidda.

Natt til 16. august storma over 100 israelske busettarar landsbyen og gjorde hærverk, kasta om seg med molotovcocktailar og stein, og sette fyr på fleire bilar og hus.

Innbyggarar i landsbyen skildra angrepet som godt organisert. Dei fortalde til Reuters at busettarane skal ha bore tåregass, peparspray, knivar og våpen.

28 år gamle Rashid Sadah blei drepen i angrepet.

Israel West Bank Rampage

Palestinarar henger opp ein plakat med bilete og namn for å heidre 23-åringen som blei drepen då israelske busettarar storma landsbyen Jit på den okkuperte Vestbreidda.

Foto: Nasser Nasser / AP

FNs menneskerettskontor kalla angrepet for grufullt, medan utanriksministeren i Storbritannia, David Lammy kalla det avskyeleg.

– Dette var ei svært alvorleg terrorhending der israelarar hadde som mål å skade innbyggjarane i byen Jit. Vi svikta ved å ikkje lukkast med å kome fram tidlegare for å beskytte dei, sa generalmajor Avi Bluth då IDF presenterte si gransking av angrepet onsdag.

– Når dei ytterleggåande busettarane no driv på slik som vi ser i dette åtaket i Jit, så set det IDF i ein skvis. Dei har i oppdrag å beskytte alle busettarar, også dei ytterleggåande, eit oppdrag dei meiner går ut over oppdraget om å sikre tryggleiken for alle israelarar. Dei ser jo at valden busettarane driv med no, eskalerer situasjonen og trugar nasjonal tryggleik, seier Røislien.

Sprik i leiinga

Nokre av medlemmane i den israelske regjeringa er uttalte tilhengarar av busettarane som no er med på å eskalere valden mot palestinarar i okkuperte område.

Denne veka blei det klart at USA utvidar sanksjonane mot israelske busettarar som har stått bak angrep mot palestinarar på Vestbreidda.

Og utanrikssjefen i EU, Josep Borrell ber EU vurdere straffetiltak mot to israelske ministrar. Etter eit møte torsdag brukte han ikkje konkrete namn, men han har fleire gonger kritisert den israelske tryggingsministeren, Itamar Ben-Gvir og finansminister Bezalel Smotrich. Han skuldar dei for å ha sagt ting som han kallar «uhyggelege» og «ei oppfordring til krigsbrotsverk».

Publisert 31.08.2024, kl. 15.33

Read Entire Article