– Det er så lettvint. Så heilt utruleg lettvint

1 day ago 12



KOMMENTAR: Kva Simen Velle vil? Med skulen? «Sørga for at alle elevane kan bli den beste versjonen av seg sjølv.» Du milde. Gi meg styrke!

Nokså nyvalde stortingsrepresentant Simen Velle (Frp). Foto: Annika Byrde / NTB
  • Solveig G. Sandelson

Publisert: Publisert:

For mindre enn 30 minutter siden

iconKommentar

Dette er en kommentar. Kommentarer skrives av Aftenbladets kommentatorer, redaktører og gjestekommentatorer, og gir uttrykk for deres egne meninger og analyser.

Altså. Frp er for tida det største partiet i landet. Og det med god margin. Dei ligg rett under 30 prosent på den siste meiningsmålinga, det er omtrent like mykje som Rødt, SV, MDG, Sp, Venstre og KrF til saman. Og alt før sist Stortingsval sa Frp at dei ville ha kunnskapsministeren viss dei kjem i regjering. Det vil dei ennå. Ifølge TV 2 er Simen Velle kandidat til den posten.

Men eg håpar inderleg at dei ennå har minst tre år på seg til å meisla ut den skulepolitikken dei i tilfelle skal stå for. For det landsmøtet fekk servert frå Simen Velle denne helga, det var syltynt.

Trykket frå staten

Før dei på landsmøtet begynte på debatten om skule, gjekk dei med alvor og mykje erfaring i salen inn på korleis ein kan letta det statlege styringstrykket. For næringslivet, og for kommunane.

Gunn Marit Helgesen, styreleiar i KSKSKS står for kommunesektorens organisasjon. Alle norske kommuner og fylkeskommuner er medlemmer i KS., som er alle kommunars mor, er invitert for å snakke om det siste. Og det gjer ho. Om at summen av lovar, forskrifter og krav er for stor, øyremerkinga, rettigheitene og rapporteringskrava for mange. Om at det svekker tenestene, det er ikkje effektivt. Staten styrer for detaljert, kommunane klarer til ei kvar tid ikkje å halda meir enn 80 prosent av alle lovane dei har over seg. Ifølge Helgesen finst det for eksempel 20 lovar som fortel at eleven har rett på tilpassa opplæring.

Ja. Politikarar frå parti både til venstre og høgre har i årevis boltra seg i å detaljstyra skulen.

Les også

Kor blei du av, Listhaug?

Slagord frå kiosken

Nokså nyvalde stortingsrepresentant Simen Velle sit nå i Utdanningskomiteen på Stortinget, og blir i neste runde på landsmøtet intervjua av nestleiar Terje Søviknes. Om skule. Velle seier dei må sørga for at skulen og læraren har det som skal til for at alle elevane kan bli den beste versjonen av seg sjølv.

Oioioi! Det er ein veldig, veldig sliten floskel. Som i årevis har vore fast innslag i alle sjølvhjelpsbøker i alle kioskar. Og i Kompani Lauritzen. Men ok, korleis har Velle tenkt at Frp skal få det til?

Jo, poenget er å styrka elevens styrker. Sikra ro og orden i klassa. Løfta dei svakaste, og gjera dei gode til morgondagens vinnarar. Seier han til landsmøtet.

Men?

Meir uro har det blitt dels fordi ein har lagt ned spesialskular, og dels fordi elevane har fått så mange rettigheiter, forklarar Velle.

Ja, det siste fekk dei for eksempel i Solberg-regjeringa Frp sjølv var ein del av. Dei skjerpa elevens rettar i den såkalla mobbeparagrafen. Skjerpinga førte til at læraren stod svakare i klasserommet. Støre-regjeringa, ved kunnskapsminister Kari Nessa Nordtun, har endra det.

Simen Velle seier også til landsmøtet at vi må ha ei «vedvarande løysing for dei som plagar andre.»

Dei må ut, forstår eg. Men kor skal dei hen, eigentleg? Den svenske «akutskolan», som Frp viser til i programmet sitt, tar ut elevar i maks 20 dagar. Omtrent som i det forslaget Kari Nessa Nordtun også alt har kome med.

Frp vil ha nivådeling i skulen, dei vil ha ro, dei vil ha meir variert undervisning, der alle skal få læra på den måten dei lærer best. Dei vil ha meir samarbeid med næringslivet, dei vil ha meir yrkesfag, dei vil gi elevane fleire arenaer.

Det med nivådeling går forresten an nå også. Men ikkje heile tida.

Les også

Sylvis maktdemonstrasjon

Det vi alle kan stå for

Eg trur likevel Trondheim-politikar Maria Alseth på landsmøtet sette ord på ei uro veldig mange kan dela, også langt utanfor møtesalen til Frp: «For altfor mange blir det ikke 13 år med mestring. Den skolen som er skapt, den er ikke for alle. Hva med de som lærer best på andre måter?»

Ja. Kva med dei? Alseth har sjekka at det i fjor begynte 56.861 førsteklassingar på skulen. «Løsningen er ganske enkel: gi dem friheten til å lære på den måten de lærer best. Noe så enkelt som å sette eleven foran systemet. Vi skal ta kampen for elevene som ikke finner sin plass i klasserommet.»

Så altfor lett

Er det enkelt å få til? Korleis har Frp tenkt seg det? Har dei nok lærarar, viss dei skal ha fast nivådeling? Kva skal skje med elevane dei vil ha ut av klasserommet? Kor skal dei hen? Kva vil det kosta?

Kva betyr det eigentleg å gi alle elevar «friheten til å lære på den måten de lærer best»? Altså, kva er forskjellen frå det som alt står i Opplæringslova, om at «Skolen skal tilpasse opplæringen til hver enkelt elev»?

Vi kan fort bli einige om at skolen ikkje klarer dette, men korleis har Frp tenkt å få det til? Innføra ein ny rettigheit for eleven? Som dei eigentleg synest det er for mange av frå før? Eller er nivådelinga heile svaret?

Det er så lettvint. Så heilt utruleg lettvint. Alle barn i Norge har både rett og plikt til å gå på skule. I ti år. Og vi treng sjølvsagt kvar einaste, dei blir færre, difor treng vi dei endå meir. Difor er også endringar i skulen dyrt – det gjeld så mange. Det betyr så mykje.

Har kommunane råd til arbeidskrafta som trengst? Eller skal Stortinget – altså staten – overstyra? Kor mykje pengar vil det kosta, kor mange vaksne vil det krevja? Kor skal dei ta pengane og folka frå?

Korleis skal dei eigentleg få til det der med å sørga for at kvar elev kan bli den beste versjonen av seg sjølv?

Eller stod ikkje det i den der sjølvhjelpsboka frå kiosken?

Publisert:

Publisert: 5. mai 2026 17:59

Read Entire Article