Desse bankane kuttar renta - Christine (32) jublar: – Endeleg

7 hours ago 3



Det betyr meir pengar å rutte med for lånetakarar.

– Det var ei verkeleg gladnyhende. Endeleg! Eg eig bustad, så dette har betydning for meg, jublar Christine Stang (32).

– Pengane vi no sparar skal vi bruke på å plante i hagen og ordne ute, legg ho til.

Første kutt på fem år

Noregs Bank set ned styringsrenta frå 4,5 prosent til 4,25 prosent.

Dette er første gang renta blir endra sidan desember 2023. Og kanskje viktigare for det norske folk – første gang på fem år at den blir sett ned.

– Ved å byrje på ei forsiktig normalisering av styringsrenta no, legger vi til rette for at prisveksten kjem tilbake til inflasjonsmålet utan at vi bremsar økonomien meir enn nødvendig, seier sentralbanksjef Ida Wolden Bache.

Se hvor mye du må betale når renta settes ned. I dag er boliglånsrenta i sntt på 5,6 prosent.

Rente

Ditt lån

Nedbetalingstid nå

Månedlige utgifter 16 846 kr

Endrede utgifter -1 757 kr

Det vil si en total utgift på 16 846 kroner i måneden. Altså en endring på -1 757 kroner i renteutgifter.

Bankar følgjer på

Konsekvensane let ikkje vente på seg. Om lag med det same svekka den norske krona seg. Statsminister Jonas Gahr Støre (Ap) gledde seg på vegner av alle som har lån.

Og som første bank varsla DNB rentekutt på bustadlån i ei børsmelding. Banken set ned bustadlånsrenta med inntil 0,25 prosentpoeng. Kundane mottek informasjon om ny rente i nettbanken eller som brev i posten.

Dette må du vite om styringsrenta

  • Kva er styringsrente?

    Styringsrente er ei rente som som blir bestemt av ein sentralbank. Dette blir gjort for å påverke økonomien i landet, basert på måla for pengepolitikken.

    Styringsrenta blir nytta for å styre inflasjon, økonomisk vekst og arbeidsløyse.

    I Noreg er det Noregs Bank som bestemmer kva renta skal vere. Åtte gonger i året blir det bestemt om renta blir endra eller ikkje.

  • Kva har styringsrenta vore tidlegare?

    Sist styringsrenta blei sett ned, var i mai 2020. Sidan då har renta blitt sett opp ei rekke gongar.

    Styringsrenta har vore på 4,5 prosent sidan desember 2023.

    No har renta blitt sett ned til 4,25 prosent.
    Sentralbanken seier at det kan bli fleire rentekutt seinare i år.

  • Kva er konsekvensane når styringsrenta blir sett ned?

    Endringar i styringsrenta påverkar utviklinga i økonomisk aktivitet og prisar.

    Lån blir billigare. Dette fordi bankane kan låne pengar billigare frå sentralbanken. Personar med bustadlån eller andre lån, får mindre å betale på lånet kvar månad.

    Lågare rente gjer det også meir attraktivt å bruke pengar, framfor å spare dei. Verksemder kan investere i nye prosjekter for ein rimelegare pris, noko som kan bidra til økonomisk vekst.

    Den norske krona blir svekt. Det fører til dyrare importvarer, samtidig som norske varer kan bli meir konkurransedyktig i utlandet.

  • Kvifor er styringsrenta viktig?

    Renter er prisen på pengar. Styringsrenta påverker prisen på pengar i heile økonomien.

    Når renta går ned blir det meir attraktivt å låne pengar, og mindre attraktivt å spare. Det aukar pengestraumen inn i økonomien.

    Når renta går opp blir det attraktivt å spare pengar. Det minkar pengestraumen inn i økonomien.

– Vi har sett at dei aller fleste har hatt god kontroll og teke gode val for økonomien sidan rentetoppen vart nådd i desember 2023, men dagens kutt kjem naturlegvis godt med for mange, seier Maria Ervik Løvold, konserndirektør for personmarknaden i DNB.

– Auka tryggleik

Nordea varslar same justering som konkurrentane i DNB. På innskotssida blir samstundes renta kutta med det same – inntil 0,25 prosentpoeng.

Randi Marjaa landssjef Nordea

Randi Marjaa er landssjef for Nordea.

Foto: Marie Skikstein

Dei nye rentesatsane for eksisterande lån vil gjelde frå 25. august.

– Dette har mange venta på og gledd seg til. Vi merkar samstundes at mange kundar tek kontakt me oss, og ber om råd då vi har ei verd kring oss prega av uvisse. Ei lågare rente vil kunne gi auka tryggleik for at økonomien strekkjer til, seier Randi Marjamaa, leiar for personmarknaden.

Sparebank 1 vurderer

Handelsbanken vil ikkje signalisere noko om eventuell renteendring av konkurranseomsyn.

Mykje det same svaret får ein hos Sparebank 1 sine bankar på Østlandet, Sør-Noreg, Midt-Noreg og Nord-Noreg.

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Prognose Norges bank

– Vi registrerer at styringsrenta er sett ned, og vurderer kva dette betyr for oss. Så vil vi kommunisere eventuelle endringar gjennom våre eigne kanalar, seier kommunikasjonssjef i Sparebank 1 Østlandet, Bjørnar Mickelson.

Publisert 19.06.2025, kl. 11.14 Oppdatert 19.06.2025, kl. 11.26

Read Entire Article