Denne turen i skiløypa kosta 14.000 kroner

1 day ago 8



Køyrde seg fast i Østmarka med Mercedes.

 Politiet
IKKJE AKKURAT KLASSISK STIL: Mercedesen stod bom fast i Østmarka i Oslo etter den spesielle køyreturen. Foto: Politiet

Publisert 10.06.2025 13:11

Det var eit spesielt oppdrag bilbergaren fekk natt til 11. februar i Oslo i år. 

Fleire kilometer frå næraste alminnelege bilveg, eit stykke inni Østmarka ved Rundtjern, stod ein Mercedes-Benz bom stille.

Det var ikkje fordi han hadde fått motorstogg. Sjåføren hadde rett og slett køyrd seg heilt fast i ei preparert skiløype.

– Ein grusveg som er vinterpreparert som skiløype med langrennsspor, er etter retten sitt syn ikkje brøyta for køyring med bil, er den tørre kommentaren frå Oslo tingrett.

 Politiet
MÅTTE BERGAST: Ein litt uvanleg kveld på jobben for bilbergaren. Foto: Politiet

Bot eller fengsel

Skiløypa ved Rundtjern blir omtalt som smal. I tillegg er det vanskeleg å sjå vegkantane på den underliggande grusvegen.

Skiløypa kan difor trygt omtalast som ueigna for bilkøyring.

No er ein mann i starten av 20-åra dømd til å betale 14.000 kroner for å ha «utøvd motorferdsel i utmark». 

Betaler han ikkje den, må han inn i fengsel i to veker.

Visste ikkje

Han må i tillegg betala 1000 kroner i sakskostnader. No er bilen registrert som vraka.

Kvifor bilen enda opp i ei skiløype i Østmarka i vinter er ukjent. Mannen møtte aldri i retten og har heller ikkje vore i avhøyr med politiet.

– Han sa til politiet som kom til staden at han ikkje forstod at han ikkje hadde lov til å køyra i skisporet, seier politiadvokat Maria Husebye Fossen til TV 2.

Read Entire Article